Illevarslande nyheiter: Alle covid-vaksinerte kjem til å døy innan 2025!

Great Reset: Alle som tok sprøyta er forventa å døy innan 2025

Av Sean Adl-Tabatabai, Newspunch, 8.april 2022. Omsett av saksyndig.

Advokat Todd Callender, adm.dir. i ei stor forsikringsgruppe, har åtvara at overdødelegheit og «kvar type sjukdom» går til himmels blant dei «fullvaksinerte».

Callender hevdar at overdødelegheita har auka med 84% medan overtalet av sjukdommar har auka med 1100%. I 2022 åleine, sa han, forventar selskapet hans ein auke i dødsfall på 5000%, takka vere den eksperimentelle vaksinen.

«Eg jobbar tilfeldigvis i dødelegheitsbransjen,» forklarte Callender under ein videokonferanse. «Eg trur ikkje det er tilfeldig, forresten, at Moderna no nettopp har fått lisens for sin naudgodkjende HIV-vaksine. So, dei gav alle AIDS, og her er løysinga dykkar, ein annan vaksine.»

Natural News rapporterer: Førebelse dødelegheitsdata frå Centers for Disease Control and Prevention (CDC) frå 2021 viser eit forventa dødstal på 2 948 273. Faktisk var det 3 447 405 dødsfall, noko som tydar at det var 499 132 overtalsdødsfall det året.

Med ein auke på 5000% overtalsdødsfall so lang i 2022, estimerer Callender at so mange som 25 455 732 vaksinerte menneske i USA kan døy berre dette året åleine.

«Legg til det dei 2,95 millionar forventa dødsfalla, og resultatet er: 28 405 732 totale dødsfall for 2022,» rapporterte Hal Turner.

Visste Forsvarsdepartementet om dei framtidige Covid-sprøytedødsfalla tilbake i 2015?

Om ein går utifrå at dødsfalla held fram på dette nivået, vil alle som vart injiserte for kinesisk influensa [Covid-19; oms.an.] vere døde innan 2025. Dette vart òg spådd i folketalsreduksjons-diagramma som har lege ute på Deagel sine nettsider i mange år.

Før dei fjerna informasjonen, stod det å lese i Deagels spådom for den amerikanske befolkninga, at det i 2025 ville vere 100 millionar færre menneske der. For Tyskland i den same tidsperioden, er det forventa å vere 25 millionar færre menneske.

«Rundt ein tredjedel av Tysklands befolkning er framleis uvaksinerte,» forklarte Turner. «Dagens befolkning er 83 millionar, so Deagel sin rapport kan vere temmeleg nøyaktig.»

Sidan Deagel har eksistert sidan rundt 2015, verkar Forsvarsdepartement-fyren som driv sida, å ha visst iallfall sidan den gong at det kom til å bli ein plandemi, og at mange, om ikkje alle, menneska som vart «vaksinerte», snart vil døy.

«Deagel har alltid hatt spådommen sin i år 2025,» sa Turner «Tala kan ha gått opp og ned, men datoen gjorde det aldri.»

Vi veit òg no at Big Pharma og Food and Drug Administration (FDA) har visst i iallfall eit og eit halvt år – og sannsynlegvis lenger enn det – at Covid-19-«vaksinane» skader immunforsvaret og utløyser antistoffavhengig forsterking (ADE).

Kort fortalt har dei injiserte no vaksine-indusert AIDS (VAIDS), og kan bukke under for ein dødeleg cytokin-storm (ADE) når som helst. For enkelte har dette allereie skjedd, og dei er no kronisk sjuke eller avlidne. For resten vil tida visseleg vise kva som vil skje med dei.

«Femten fullvaksinerte og ‘boosta’ profesjonelle tennisspelarar måtte trekkje seg frå Miami Open denne veka på grunn av brystsmerter,» skreiv ein lesar i Natural News. «Trekk dykkar eigne konklusjonar.»

«99,9% av menneske gjer meir undersøkingar rundt ein bruktbil enn kva som helst vaksine dei måtte ta,» skreiv ein annan. «Ein pro-vaxxer er mesteparten av tida nokon som har gjort null undersøking.»

«Vaksinar har historisk sett vore mjukdraps-biovåpen i ‘Hegeliansk dialektikk’ som… ‘menneskeheitas største meritt,’ la nokon andre til. «Vaksinar har definitivt vore rovdyrklassens ‘største meritt’ for 1: å lure saueklassen til å forgifte seg sjølve og spesielt sine eigne barn, og 2: gjere den sjuke industrien rikare og mektigare enn sine villaste fantasiar.»

1 comments

  1. […] Om ein ser på statistikken i professor Chossudovskys artikkel, ser det faktisk ut som om dei fleste Covid-19-tilfelle og dødsfall har oppstått på eit tidspunkt då ein stor prosentdel av verdas befolkning har blitt Covid-vaksinert. Dei har blitt sjuke og døydd av noko, men er det eit virus? Eller var det kanskje «vaksinane»? Er det dei som er det ekte biologiske våpenet som innan 2025 vil drepe store delar av verdas befolkning? […]

    Likar

Kommenter innlegget