Oberst Douglas Macgregor: «Krisa til amerikansk nasjonalmakt har byrja»

Stormen samlar seg. USA sine sjølvpåførde vanskar i Ukraina forverrar våre farlege vanskar heime.

Av Douglas Macgregor, henta frå Global Research, men opphavleg publisert på The American Conservative. Omsett av saksyndig.

Krisa til amerikansk nasjonalmakt har byrja. USA sin økonomi tippar over, og vestlege finansmarknader får panikk i det stille. Dei er sett i fare av aukande rentesatsar, medan huslånstøtta garantiar og statsobligasjonar misser verdien. Dei biletlege «vibbane» til marknaden – kjensler, emosjonar, tru og psykologisk smak og behag – antydar at ei mørk vending er undervegs inni den amerikanske økonomien.

Amerikansk nasjonalmakt blir målt like mykje utifrå amerikansk militærevne som utifrå økonomisk potensiale og kor godt dei gjer det. Den veksande innsjåinga at amerikansk og europeisk militærevne ikkje kan halde tritt med ukrainske krav om ammunisjon og utstyr, er eit illevarslande signal å sende under ein stadfortredarkrig som Washington insisterer på at deira ukrainske surrogat vinn.

Russiske maktøkonomi-operasjonar i det sørlege Ukraina ser ut til å ha vellykka male ned angripande ukrainske styrkar med minimale tap av russiske liv og ressursar. Medan Russlands implementering av utmattingskrigføring fungerte briljant, mobiliserte Russland sine reservar av menn og utstyr for å sende ut ein styrke som er mange gonger større og betydeleg meir dødeleg enn den var for eit år sidan.

Russlands massive arsenal av artillerisystem inkludert rakettar, missil og dronar knytte til overvakingsplattformer, gjorde ukrainske soldatar som kjempa for å halde på den nordlege kanten av Donbas, om til skyteskiver. Kor mange ukrainske soldatar som er døde, er ukjent, men eit nyleg estimat veddar at mellom 150 000 og 200 000 ukrainarar har blitt drepne i kamp sidan krigen byrja, medan nokon andre estimerer rundt 250 000.

Med tanke på den særs openberre veikskapen til NATO-medlemmars bakke-, luft- og luftforsvarsstyrkar, kan ein uønskt krig med Russland enkelt bringe fleire hundre tusen russiske soldatar til den polske grensa, NATOs austlege front. Dette er ikkje eit utfall Washington lovde sine europeiske allierte, men det er no ein reell risiko.

I kontrast til Sovjetunionens klønete og ideologisk drivne utanlands policylaging og utføring, har notidas Russland meisterleg dyrka fram støtte for saka si i Latin-Amerika, Afrika, Midtausten og Sør-Asia. Det faktum at Vestens økonomiske sanksjonar skadde dei amerikanske og europeiske økonomiane medan dei gjorde den russiske rubelen om til ein av det internasjonale systemet sine sterkaste valutaer, har knapt forbetra Washingtons globale posisjon.

Bidens policy der ein tvingar NATO til Russlands grenser, smidde eit delt ønske om tryggleik og handelsinteresser mellom Moskva og Beijing som trekkjer til seg strategiske partnarar i Sør-Asia slik som India, og partnarar som Brasil i Latin-Amerika. Dei globale økonomiske implikasjonane for den framveksande russisk-kinesiske aksen og deira planlagde industrielle revolusjon for rundt 3,9 milliardar menneske i Shanghai Cooperation Organization (SCO), er omfattande.

Oppsummert er Washingtons militære strategi for å svekkje, isolere eller til og med øydeleggje Russland, ein kolossal fiasko og nederlaget plasserer Washingtons stadfortredarkrig med Russland på ein verkeleg farleg kurs. Å presse vidare, likegyldig til at Ukraina er på veg til undergang, ignorerer tre veksande trugslar: 1) Vedvarande høg inflasjon og aukande rentesatsar som signaliserer økonomisk svakheit. (Den fyrste amerikanske bankkollapsen sidan 2020 er ein påminnar om den finansielle skjørheita til USA.) 2) Trugselen mot stabilitet og velstand i europeiske samfunn som allereie lid av fleire bølgjer av uønskte flyktningar/migrantar. 3) Trugselen om ein meir omspennande krig i Europa.

Inni presidentadministrasjonar er der alltid konkurrerande faksjonar som oppmodar presidenten til å ta til seg ein viss handlingskurs. Observatørar på utsida veit sjeldan sikkert kva slags faksjonar som påverkar mest, men der er figurar i Biden-administrasjonen som ønskjer ei deeskalering av involveringa i Ukraina. Til og med utanriksminister Antony Blinken, ein rabiat tilhengjar av stadfortredarkrigen med Moskva, anerkjenner at den ukrainske presidenten Volodymyr Zelensky sitt krav om at Vesten hjelper han med å gjenvinne Krim, er ei raud linje for Putin som kan føre til ei dramatisk eskalering frå Moskva.

Å trekkje seg frå Biden-administrasjonen sine vondsinna og idiotiske krav om ei audmjukande russisk tilbaketrekking frå austlege Ukraina før fredssamtalar kan haldast, er eit steg Washington nektar å ta. Likevel må det takast. Dess høgare rentesatsen stig, og dess meir Washington bruker heime og i utlandet for å halde gåande krigen i Ukraina, dess nærare ligg det amerikanske samfunnet intern politisk og sosial uro. Desse er farlege tilstandar i kvar ein republikk.

Frå alt vrakgodset og forvirringa dei to siste åra, dukkar det opp ei unekteleg sanning. Dei fleste amerikanarar gjer rett i å ikkje stole på eller vere fornøgde med regjeringa si. President Biden framstår som ein pappfigur, ein stand-in for ideologiske fanatikarar i sin administrasjon, folk som ser utøvande makt som måten å stilne politisk opposisjon, og halde på den permanente kontrollen over den føderale regjeringa.

Amerikanarar er ikkje toskar. Dei veit at medlemmer av Kongressen openlyst handlar aksjar basert på innsideinformasjon, noko som skaper interessekonfliktar som ville ha fått borgarar flest hivne i fengsel. Dei veit òg at Washington sidan 1965 har ført dei inn i ein serie av mislykka militære intervensjonar som alvorleg svekte amerikansk politisk, økonomisk og militærmakt.

Altfor mange amerikanarar trur at dei ikkje har hatt nokon reell leiarskap sidan 21.januar 2021. Det er på høg tid at Biden-administrasjonen finn ei avkøyringsrampe designa for å trekkje ut Washington, D.C. frå sin stadfortredar-ukrainske krig mot Russland. Det vil ikkje bli enkelt. Liberal internasjonalisme eller, i si moderne skrud, «moraliserande globalisme», gjer forsiktig diplomati strevsamt, men no er det på tide. I Aust-Europa presenterer vårregnet både russiske og ukrainske bakkestyrkar med ein gjørmesjø som alvorleg hindrar rørsle. Men den russiske Høgkommandoen førebur seg på å sikre seg at når bakken tørkar og russiske bakkestyrkar går til åtak, vil operasjonane oppnå ei utvitydig avgjerd, noko som gjer det klart at Washington og deira støttespelarar ikkje har ein sjanse i å redde det døyande regimet i Kiev. Deretter vil forhandlingar bli ekstremt vanskelege, om ikkje umoglege.

Den pensjonerte obersten Douglas Macgregor er ein senior fellow i The American Conservative, tidlegare rådgjevar til forsvarsministeren i Trump-administrasjonen, ein kampveteran med utmerkingar, og forfattar av fem bøker.

Artikkelen vart opphavleg publisert på The American Conservative.

2 comments

Kommenter innlegget