Av David Sörensen, Stop World Control. Omsett og noko forkorta av saksyndig.
Noko hittil uskjedd er i ferd med å skje i verda vår, noko som for alltid vil endre kursen til historia og leggje grunnlaget for ei betre verd der alle kan leve i meir overflod, fred og velvære.
Kva handlar denne rørsla om? Det er ein trend som manglar historisk sidestykke, der fleire hundre millionar over heile verda som – for fyrste gong i livet – byrjar å forstå kva som eigentleg skjer i verda vår. I staden for å blindt tru på det dei ser på nyheitene, byrjar dei å tenkje sjølve, gjere personlege undersøkingar og oppdage sanninga bak verdshendingar.
Desse fleire hundre millionar menneska ser korleis alvorleg korrupsjon har infisert alle område av samfunnet: regjering, nyheitsmedia, helseomsorg, utdanning, val og so bortetter. For å ta ned dette verdsomspennande edderkoppnettet av korrupsjon, driv den informerte delen av menneskeheita og spreier augeopnande sanning til resten av verda, for å åtvare og beskytte alle. Blant dei er somme av verdas mest briljante vitskapsfolk, legar, advokatar, detektivar, journalistar, etterforskarar og so vidare.
Oppdraget deira er å få ein slutt på denne utbreidde uretten, og leggje grunnlaget for ei betre verd.
Agendaen for verdsdominans
Kva er motivasjonen bak den verdsomspennande korrupsjonen? Kvifor skjer der slik ein innsats for å infiltrere kvart einaste aspekt av samfunnet? Svaret er særs enkelt: globalisering.
Globalisering tydar utryddinga av nasjonal suverenitet og personleg fridom, og føre heile menneskeheita under kontrollen til ei lita gruppe folk som avgjer kva som skjer i verda vår. Til sjuande og sist er målet å etablere ei éiverdsregjering, styrt av ikkje-valde finansielle vesen.
Det er ikkje noko nytt, sidan vi har sett nøyaktig denne agendaen gjennom heile historia, der eit verdsimperium følgde det førre: det kinesiske, greske, romerske, spanske, britiske og andre verdsimperium. I fleire tusen år har det alltid eksistert vesen som lengta etter verdsdominans. Dette er ikkje annleis i våre tider.
Globalist-organisasjonar som pressar denne agendaen i dag er til dømes World Economic Forum, Den internasjonale oppgjersbanken [engelsk Bank for International Settlements], Verdas helseorganisasjon, FN, EU Verdsbanken og so vidare.
Interessant nok er alle desse globalist-organisasjonane eigd av den same gruppa menneske.
Kontroll av kvar detalj i livet vårt
Ein del av denne planen er å innføre verdsomspennande system av hittil usett kontroll over menneskeheita. Kvar ei form av personleg fridom må utryddast.
For dette føremålet driv desse globalistane og utviklar digital-ID, som vil knytast til kvar einaste detalj i livet vårt. Desse ID-ane vil til dømes vise om vi har teke vår ørtande vaksine-booster, som i sin tur vil avgjere om vi får lov til å delta i samfunnet eller ikkje. Går du glipp av ein einaste injeksjon, blir du kasta tilbake til statusen «uvaksinert», som inneber at du vil vere ein kastelaus i samfunnet.
Under pandemien såg vi prøveprosjekt rundt dette i dusinvis av land, der uvaksinerte ikkje fekk lov til å handle, gå i banken, samlast, arbeide, reise, osb. Utan stadige injeksjonar var det forbode å delta i samfunnet. Då pandemien svann hen, vart mange av desse tyranniske påboda avskaffa.
Derimot bekreftar dei offentleggjorde planane til globalistane at dei har som intensjon å gjere dei permanente.
Vi er ikkje her for å vere kujonar som spring vår veg og gøymer oss. Vi vart fødde for å bli heltar som står for ei betre framtid for menneskeheita.
