Om saksyndig

Dette er ein blogg driven av ein mannleg helsefagarbeidar som jobbar i den norske helsesektoren. På grunn av den betente politiske situasjonen i Noreg, ser eg meg nøydd til å skrive anonymt. Dette er for å unngå represaliar frå noverande og tidlegare arbeidsgjevarar. Sidan mars 2020 har helsepersonell blitt tvinga til å sjå den andre vegen når urimelege og uvitskaplege Covid-tiltak øydelegg både arbeidsmiljøet og liva til målgruppene, det vere seg sjukehuspasientar, bebuarar på sjukeheimar, rusavhengige, psykisk sjuke og utviklingshemma. Eg kunne ikkje lenger halde kjeft og late desse overgrepa skje på høglys dag. Dette kosta meg til slutt ein jobb eg hadde hatt nesten heile mitt vaksne liv.

Bloggen formidlar nyheiter frå Noreg og resten av verda, i tillegg til essay der eg skriv om min eigen erfaringsbakgrunn relatert til det norske arbeidslivet. Alle ytringane er innafor norsk lov, regulert i Grunnlovas §100 (ytringsfridommen). Alle ytringane er gjort som privatperson.

Bloggen er meint å representere meiningane til forfattarane bak tekstane. Somme av tekstane har som føremål å underhalde.