Av Amber Crawford, 100PercentFedUp. Omsett av saksyndig.
Verdas helseorganisasjon vurderer for tida å lage tillegg til Dei internasjonale helseretningslinjene, der eit av dei kan tvinge medlemsstatar til å lyde kva enn slags reglar som blir sette i verk under framtidige pandemiar, noko som kan omfatte vaksinepass og stenging av grenser.
Eit av tiltaka som har blitt føreslege kan krevje at land «følgjer WHO sine tilrådingar i sin internasjonale folkehelserespons», som kjem til å fjerne all fridom som medlemsstatane har til å velje ei pandemitilnærming som dei sjølve vurderer som mest passande.
Forslaget lyder slik: «Partane anerkjenner WHO som den rådgjevande og koordinerande autoriteten innan internasjonal folkehelserespons under ei Folkehelsekrise av internasjonal bekymring, og går med på å følgje WHO sine tilrådingar i sin internasjonale folkehelserespons.»
Parlamentsmedlemmer i Storbritannia, leia av tidlegare kabinettminister Esther McVey, har skrive til Utanrikskontoret [engelsk Foreign Office], der dei krev blokkering av nye tiltak som vil auke makta til WHO og late dei diktere politikk og budsjett i Storbritannia.
I brevet åtvara McVey om at organisasjonen vil få for mykje makt, og at den vil bli endra frå eit «medlemsstyrt rådgjevingsorgan til ein helseautoritet med tvangsfullmakter.»
«Dette er spesielt urovekkjande når ein ser på WHO sitt tvilsame historikk når det gjeld å kome med konsekvente, tydelege og vitskapleg legitime råd for handtering av internasjonale sjukdomsutbrot,» la McVey til.
Utanriks-, Commonwealth– og Utviklingskontorminister Andrew Mitchell gjekk deretter ut og sa at dei «aldri kjem til å samtykkje til noko som er i strid med punkta våre som gjeld prinsippet om suverenitet».
«Storbritannia støttar det at pandemitraktaten no blir forhandla av nasjonale regjeringar, som kan få fortgang i delinga av data om nye pandemiske trugslar, slik at vi er i stand til å respondere raskt i fall framtidige pandemiar,» sa Mitchell. «Vi er tydelege på at vi aldri vil samtykkje til noko som er i strid med punkta våre som gjeld prinsippet om suverenitet, eller som hindrar Storbritannia i å gå til handling mot framtidige pandemiar.»
Molly Kingsley, grunnleggjaren av UsForThem – ei gruppe i Storbritannia som kjempa for barns rettar under Covid-19-pandemien – kalla WHO sitt forslag for eit «hittil usett landtjuveri».
«Regjeringa har kome tilbake og sagt, vel, vi er faktisk temmeleg bekymra òg,» sa Kingsley. «Og det har dei rett til å vere, fordi dette er eit verkeleg, verkeleg hittil usett landtjuveri frå WHO si side.»
I ein samtale med Talk TV om det føreslegne tillegget sa Kingsley: «Det som forslaga gjer er å endre det som no er råd som WHO kjem med, om til bindande tilrådingar. Og det inkluderer bindande tilrådingar rundt ting som nedstengingar, påboden vaksinasjon, karantene, isolasjon og reiserestriksjonar.»
«Ein må neste spørje seg sjølv, kva rett har WHO til å gje seg sjølv slike fullmakter?» spurde Kingsley.
