Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.
Kampen er no i gang for å halde den amerikanske regjeringa ansvarleg for samarbeid med sosialmedieselskap for å sensurere amerikanarar sin ytringsfridom på nettet.
Missouri v. Biden, som vart begjært 5.mai 2022, har teke litt av ein tur gjennom rettssystemet. Den har fått tillegg ved tre separate høve, sist no for å leggje til eit tillegg som reklassifiserer saka til eit massesøksmål på grunn av det store talet amerikanarar som blir påverka av brotsverka til regjeringa.
Uncover DC har følgt saka, og formidla stykkevis av detaljar om kva som har skjedd i saka det siste året. Den saksøkjande parten, inkludert delstatane Missouri og Louisiana, pressa på for fortgang i å få tak i eit avgrensa sett med bevismateriale og vitnesbyrd frå visse personar.
«Dei argumenterte for at dette bevismaterialet vil late dei begjære ei mellombels kjenning for å stoppe regjeringa frå å bryte First Amendment-rettane til saksøkjar og deira borgarar,» rapporterte Uncover DC. [First Amendment hindrar regjeringa i å vedta lover som forbyr mellom anna ytringsfridom, pressefridom og forsamlingsfridom; oms.komm.]
Dommaren gav løyve til fortgang i avklaring og kjenningar, noko som førde til ein kamp mellom regjeringa og dommaren, i dette tilfelle dommar Terry Doughty. Kort fortalt ønskjer forsvararane å stoppe alle avklaringane, og hindre at visse saksøkjarar skal vitne i retten.
(Relatert: I 2021 erklærte ein domstol i Missouri at Wuhan koronavirus [Covid-19]-påbod og restriksjonar innført «etter innfall frå folkehelsebyråkratar» er ulovlege.)
Er Missouri v. Biden grunnen til at djupstaten prøver å trumfe gjennom RESTRICT Act?
I sitt argument mot fortgang i avklaring og vitnesbyrd prøvde regjeringa å hevde at å tvinge regjeringstilsette til å sitje og bere fram lengre vitnesbyrd er upassande, spesielt for leiaren av CISA, som vart kalla inn for å vitne i retten. [CISA (Cybersecurity & Infrastructure Security Agency) er eit føderalt byrå for cyber- og infrastrukturtryggleik; oms.komm.]
Heldigvis for saksøkjarane var dommar Doughty ueinig i dette, noko som tvinga CISA-leiaren, Kvite hus-pressesekretær Jen Psaki og andre påståtte med-konspiratørar til å sitje i retten og fortelje alt om kva dei gjorde for å frårøve amerikanarar sine First Amendment-rettar.
Psaki, som de sikkert hugsar, kom med trugslar til sosialmedieselskap rett frå podiet, noko som førde til at ho vart kalla inn for å vitne. Deretter forlét ho, passande nok for seg, stillinga si i Det kvite hus.
Igjen og igjen har regjeringa tapt kvar einaste gong so langt i Missouri v. Biden. Og det verkar som om amerikanarar endeleg kan vinne, i det minste i den tydinga at dei no kan sjå kva som eigentleg har føregått bak stengde dører.
Tony Fauci vart òg på eit tidspunkt kalla inn for å vitne. Dette fekk regjeringa til å prøve å forsegle alle vitnesbyrd og videoar, og kom med påstanden om at regjerings-«tilsette» vart truga – sjølv om dei ikkje kunne kome med nokon bevis for denne påstanden.
I mellomtida vart det avslørt gjennom denne prosessen at CISA har kategorisert «tankane» til folk som ein del av regjeringa si infrastruktur – noko som tydar at regjeringa trur at dei eig kva enn slags aktivitet som finn stad inni hovuda dykkar.
Dette er argumentet som regjeringa prøvde å brke for å rettferdiggjere sin ulovlege invasjon av folks nettprivatliv og ytringar. Om det ikkje var for fortgang i avklaring og vitnesbyrd, ville vi ikkje fått greie på at CISA har ei eiga nemning for tankane til folket som dei kallar «kognitiv infrastruktur».
Regjeringa har prøvd igjen og igjen å utsetje det uunngåelege ved å dryge saka, noko dommaren nekta å gjere; ved å tilsløre sanninga; og ved å prøve å trumfe gjennom det sokalla «TikTok-lovforslaget», eller RESTRICT Act, som ser ut til å vere i høggir no nøyaktig på grunn av Missouri v. Biden.
«Det er fordi dei treng Kongressen til å godkjenne handlingane deira her – dette søksmålet kjem til å gjere det til at dei ikkje kan fungere,» skriv Tracy Beanz for Uncover DC om temaet.
Den amerikanske regjeringa ønskjer å kontrollere alt de gjer, seier og tenkjer.
