Kommentar: Ikkje overraskande viser studie at «pandemi»-nedstenging har påført vesentleg skade på fleire hundre millionar menneske i verda

Av Josefine Bru for Saksyndig.

Frå byrjinga av 2020 og resten av året stod den politiske leiinga og media i dei fleste vestlege land og gaula «ulv, ulv!» av fulle lungers kraft på innpust og utpust. Eg var midt under eit oppdrag for mine overordna i eit land i Aust-Europa då verda stengde ned nærast over natta i mars 2020 etter instruksar frå WHO og den overnasjonale djupstaten. Saksyndig-redaktøren var i eit turbulent forhold med ein sjukepleiar (ei åleinemor med ein liten unge) som framstod stadig meir ustabil, uberekneleg og vondsinna. Vi begge konfererte og vurderte situasjonen. Kor kom denne plutselege, irrasjonelle panikken frå? Eg vurderte oppdraget mitt, som var relatert til spaning (utan at eg kan gå djupare inn i det på grunn av streng teieplikt), som for farleg til å halde fram, og informerte min dåverande arbeidsgjevar at eg avbraut oppdraget. Dei lika det ikkje so veldig godt, for å seie det mildt, og eg måtte berre kome meg ut av landet. Ei kjelde forrådte meg og tipsa spaningsobjektet om det, og eg måtte flykte hals over hovud. Det stod bokstavleg tala om liv. Eg braut meg inn i ein gammal bil, tjuvkopla den og køyrde til grensa, der eg med naud og neppe kom meg over i ein annan jurisdiksjon. Eg hadde tenkt å ta flyet heim til Noreg, men der gjekk jo ingen fly på grunn av den plutselege «pandemien». Ved hjelp av ein venn kom eg meg med bil til ein tysk hamneby, der mine kontaktar ordna meg transport tilbake til Noreg. Fienden har den dag i dag ståande ordre om å likvidere meg om eg nokosinne vender tilbake til det landet.

Men nok om meg. Saksyndig-redaktøren har hamna i eit plutseleg uføre som vi ikkje skal gå nærare inn på, og eg overtek difor redaktørrolla fram til han har fått summa seg og trekt pusten. Ting har eskalert i ein helvetes fart, og han har til meg formidla at det dreiar seg om ein «vondsinna konspirasjon» på arbeidsplassen som har ført til at han har mist jobben sin som helsefagarbeidar. Meir informasjon om dette vil kome når ting har roa seg litt. Eg aner sjølv ikkje eit snev av kva som har skjedd, men eg trur han når det dreiar seg om konspirasjon. Folk er seriøst ute etter han, og det skjøner eg godt. Han blir no ivareteken av næraste familie, og har det etter forholda godt.

Okay. Eg er litt småskjelven her i skrivande stund. No når eg har fått trekt pusten, kjem eg med ein liten kommentar til ein Natural News-artikkel publisert fredag 2.juni, der skribenten Olivia Cook skriv om nok ein studie som bekreftar skaden covid-19-nedstengingar har påført menneske rundt om i den vestlege verda. Cook skriv innleiingsvis (mi omsetjing):

«Ein større studie har avdekt at tilleggsskaden som nedstengingar gjort som reaksjon på spreiinga på Wuhan koronaviruset (COVID-19), har lagt ‘eit ettermæle av skade’ etter seg i kjølvatnet, og har påverka fleire hundre millionar menneske rundt om i verda

Studien vart publisert av det sokalla Social Science Research Network, og inneheld ein gjennomgang og ein syntese av meir enn 600 andre publiserte studiar, der dei fokuserer på effekten pandemiresponsen har hatt. Studien opererer med det som på engelsk blir kalla harm framework, «skaderammeverk». Dette sokalla skaderammeverket er delt inn i ti kategoriar: samfunn, økonomi, utdanning, miljø, mattryggleik, statsstyre, inntekt, intime forhold og livsstil. Målet var å betre forstå omfanget og rekkjevidda til korleis covid-19-nedstengingar negativt påverka menneskeheita.

Eg siterer her eit utdrag frå det som ser ut som konklusjonen til leiarane av studien (igjen mi omsetjing):

«Denne kumulative akademiske forskinga viser at tilleggsskaden til pandemiresponsen var vesentleg, omfattande og kjem til å etterlate seg eit ettermæle av skade for fleire hundre millionar menneske i åra som kjem.»

Dei skriv vidare:

«Unge menneske, individ og land med lågare sosioøkonomisk status, kvinner og dei med allereie eksisterande sårbarheiter vart hardast råka.»

Ein visste allereie i forkant at nedstenging av samfunnet var ein eksepsjonelt dårleg idé, og ikkje i samsvar med nokon eksisterande pandemiplanar. Ei kjelde frå mitt arbeid i internasjonal etterretning har sagt til meg at denne responsen samsvarer meir med tiltak som blir iverksett dersom eit land blir råka av eit biologisk våpen. Vidare skriv Olivia Cook i Natural News:

«Forskarane av studien peikte på kor mange opphavlege spådommar om skaden som landsomfattande og globale nedstengingar som har blitt støtta av dataa. Ikkje-covid-relaterte overtalsdødsfall gjekk i vêret, mentalhelsa over heile verda vart forverra, misbruk av barn og vald i heimen auka, global inntektsulikskap vart meir omfattande, og mattryggleiken vart forverra.

Vidare miste mange menneske verdifulle utdanningsrelaterte moglegheiter, førekomsten av usunn livsstilsåtferd auka, sosial polarisering auka, gjelda til dei fleste skaut til himmels, menneskerettane vart forringa og demokratiske statsstyremetodar gjekk tilbake i mesteparten av den delen av verda der ein held frie val.»

Nedstengingane påførde enkeltindivid og familiar stor sorg, redsel og uvisse for framtida. Folk vart permitterte og bedrifter gjekk konkurs. I mitt tilfelle måtte eg leve på oppsparte midlar medan eg tok på meg enkeltoppdrag, mellom anna arbeid som privatdetektiv for rike, finare fruer som mistenkte at ektemannen var utru. Etter kvart som «pandemi»-tiltaka vart meir og meir aggressive, tørka den inntektskjelda òg inn, og eg måtte til slutt kontakte mine venner i Den galaktiske føderasjonen for bistand.

For Saksyndig-redaktøren førde koronasituasjonen til slutt til at det vart slutt med han og dama, og at han vart tvinga til å inngå sluttavtale med sin dåverande arbeidsgjevar. Artikkelen kan lesast på Hemali og Derimot, og på sistnemnde nettstad har nokon som påstår at dei er tidlegare kollegaer kome med påstandar om han som han sjølv meiner er uriktige og tekne ut av kontekst. Eg er djupt lei meg på hans vegner for at han nok ein gong har hamna i ein slik situasjon. Men, som sagt, fram til eg veit meir om saka vil eg verken skyte bjørnen eller selje skinnet. Han er i gode hender, og det same er denne nyheitsbloggen.

Kommenter innlegget