Av Josefine Bru for Saksyndig.
Greitt, eg innrømmer at dette er både agurknyheiter og ei sokalla «sladresak», men eg har vitterleg andre ting å gjere enn å vere konstituert redaktør for ein nyheitsblogg. Men nok om det.
Djupstatsavisa VG skriv:
73 år gamle Agnetha Fältskog, som er ho der blonde dama som song i ABBA på 1970-talet, forsøkte nyleg å stoppe dokumentaren Take a Chance (truleg oppkalla etter hitlåta «Take a Chance on Me» frå det femte studioalbumet til gruppa, ABBA: The Album frå 1977), som ifølgje VG handlar om Agnetha sin tidlegare kjærast og forfølgjar, nederlandske Gert van der Graaf (54). Trass hennar forsøk på å få prosjektet skrinlagt, mellom anna ved å skrive brev til produksjonsselskapet, hadde dokumentaren premiere 19.mai 2023 på Prime Video.
ABBA-kollega og eksmann, 78 år gamle Björn Ulvaeus (han som spelte gitar i gruppa), kallar dokumentaren «ubehageleg» og har medkjensle med Agnetha. VG skriv vidare at Van der Graaf vart dømt for trakassering og forfølging av Fältskog i 2000, og sendt ut av Sverige. Etter å ha brote besøksforbodet vart han arrestert på nytt.
Målet med dokumentaren var ifølgje regissør Maria Thulin (38 år gammal, ikkje fødd då ABBA vart oppløyst i 1982), at dei ville belyse fenomenet «stalking», altso når ein person blir so forgapt i ein annan person, trass tydelege signal på at den andre personen ikkje er interessert i ein relasjon, at han eller ho viar livet sitt til å forfølgje den personen. Agnetha fekk tilbod om å delta i dokumentaren, men takka nei. Som ein konsekvens baserer dokumentaren seg difor hovudsakleg på Van der Graaf si side av saka. Agnetha sjølv har ikkje lagt ut i detalj om saka, so offentlegheita har ikkje fått høyre hennar versjon.
ABBA sin noverande manager Görel Hansen meiner at dokumentaren er respektlaus.
Agnetha har sidan denne kontroversen levd svært tilbaketrekt. Trass dette var ho med på ABBA sitt niande studioalbum Voyage, som kom ut i november 2021, nesten på dagen 40 år etter førre album The Visitors, som kom ut i 1981.
