Av Josefine Bru for Saksyndig.
John Martin Johansen skriv i ein artikkel i Document at meteorolog Roar Teigen ved Storm Geo meiner at «de gode værutsiktene for halve Norge er sjokkerende». Det har på Sør- og Austlandet visstnok vore oppsiktsvekkjande mykje sol dei siste vekene, og dette ser ikkje ut til å endre seg med det fyrste. Som Teigen fortel til TV2:
«Det er oppsiktsvekkende høye temperaturer i juni, med fint vær dag etter dag, og godt over normal temperatur med trolig over 30 grader mange steder i Sør-Norge utover de neste ukene[…]»
Kollega og meteorolog Inger Kristin Gjøsæter ved StormGeo «ser ingen ende på godværet». Ho forventar heile 20-25 grader på Vestlandet.
Både eg og Saksyndig-redaktøren kan skrive under på at det dei siste dagane har vore knallvêr på Vestlandet, med so, skyfri himmel og temperaturar godt opp på 20-talet. Akkurat slik juni månad har vore so lenge vi begge kan hugse. Sommaren 2019 var spesielt varm, med periodar der temperaturen låg på rundt 30 grader, og det kunne vere direkte farleg å gå lengre avstandar ute i sola.
Som vanleg prøver djupstaten å skremme pinte og plaga nordmenn frå å nyte sommarvêret, med å framstille eit vanleg fenomen – at det jo er varmt om sommaren til og med i Noreg – som teikn på «klimaendring» som vi menneske er skuld i. Syndebukkane er dei vanlege: drivstoffbilar, raudt kjøt, vedomnar, flyreiser og so vidare.
Sommarane i Noreg har alltid vore varme, men no vil altso to meteorologar etter sannsynlege instruksar frå «eigarane» sine i djupstaten framstille det som «sjokkerande» og «oppsiktsvekkjande». Gjorde dei dette fordi arbeidsgjevar truga med å halde tilbake feriepengane? I våre tider, kven veit. I våre dagar kan kven som helst bli Judas, ta imot sine tretti sølvpengar og forråde sin beste venn.
NRK har forresten ein artikkel relatert til dei fullstendig normale sommartemperaturane: innføring av vassrestriksjonar i fleire kommunar i Sør-Noreg. Drammen har for fyrste gong på 15 år innført hagevatningsrestriksjonar, i likskap med fleire andre kommunar i Sør-Noreg. Stabsleiar Ove Stokkeland i Grenland brann og redning lirer av seg følgjande til NRK: «Det begynner å ligne på en 2018-sommer […]. Da var det over 2000 skogbranner i Norge.»
Og for å setje prikken over kransekaka (eller noko i den dur), gav Nordre Follo (arnestad for mutantvariantar av koronaviruset tilbake i januar 2021) saueflokken—eg meiner innbyggjarane instruksar om å «skru av krana mens du pusser tennene» og «bruk den lille knappen på toalettet når du trekker ned». Og naturlegvis: «stor brannfare for tiden».
Når ein fyrst er inne på brannfare: Brannvesenet la i går (8.juni 2023) ned totalforbod på bruk av open eld. Brannsjefen i Brannvesenet sør, Knut Berg Berntsen, hadde følgjande å seie til NRK: «Det er veldig tørt. Fra lørdag vil store deler av Agder være farget mørkerødt i forhold til indeksen.» Og dei som vågar å tenne bål: «Konsekvenser er bøter og fengsel. Det er forbundet med strafferetten å bryte dette forbudet[…]».
NRK skriv:
«I tidsrommet 15.april til 15.september er det forbudt å gjøre opp ild i eller i nærheten av skog og annen utmark. Det har likevel vært lov å gjøre opp ild dersom man vurderer at brann ikke kan oppstå. Nå fratas publikum den muligheten til å vurdere dette selv[…] [mi utheving].»
Altso… Om du tenner bål ein stad med mykje tørt gras, er det enklaste å helle vatn på graset rundt bålet, slik at gnist og liknande ikkje kan ta fyr. Og tenn gjerne bål i ope lende mot ein liten sjø. Om det er sønnavind og du befinn deg sør for ein sjø, er det ikkje noko problem, for då vil eventuelle gnistar hamne i sjøen. Dette er teknikkar som både eg og Saksyndig-redaktøren lærte i O-fagstimane på grunnskulen tilbake på 1990-talet, før alle «reformene» øydela det norske skulesystemet og gjorde folk dumme som brød.
Djupstaten bruker altso heilt normale sommartemperaturar til å umyndiggjere sine undersåttar i form av vassrestriksjonar og forbod mot å tenne bål. «Bruk den vesle knappen på do». Vel, kva om du berre har éin knapp på do, slik dei fleste doar har? Og kva om du, som bloggaren og forfattaren Bjørn Andreas Bull-Hansen, har for vane å tenne eit lite bål for å koke kaffi, slik han ofte gjer i sine YouTube-videoar medan han deler sine tankar? Vil politiet omsider finne eit påskot for å arrestere denne frittalande mannen? Vil dei rykkje mannssterke ut og arrestere han og framstille han som ein farleg statsfiende?
I våre dagar, kven veit. I mellomtida, nyt sommarsola og gjerne ein kald pils. Men om du bur i ei «mørkeraud» sone, ikkje grill pølser på eingongsgrill. Då tystar naboane på deg, slik at Onkel Politi kjem og er stygge med deg.
