Tankar om kva som kan ha skjedd med Saksyndig-redaktøren

Av Josefine Bru, konstituert redaktør i Saksyndig.

Som de sikkert har fått med dykk, har Saksyndig-redaktøren mist jobben sin som helsefagarbeidar, noko eg formidla i ein artikkel eg skreiv i all hast og publiserte sundag 4.juni her på Saksyndig. Alt han til no har sagt til meg, er at det dreiar seg om ein «vondsinna konspirasjon» på arbeidsplassen. Fram til han sjølv står fram og fortel kva som eigentleg har skjedd, kan eg berre gjette meg fram til det. I mellomtida har vi eit slags «bevismateriale» frå han sjølv, nemleg dei tre meiningsartiklane relatert til arbeidsliv som han publiserte dei tre fyrste dagane av juni:

«Grov urett på arbeidsplassen vil før eller seinare leke ut til offentlegheita», publisert 1.juni.

«Urovekkjande trend: Det blir stadig fleire utlendingar og stadig færre nordmenn i helse og omsorg», publisert 2.juni.

«Dei seier helsepersonell skal få lønna si i himmelen – men somme vil neppe kome dit», publisert 3.juni.

I 1.juni-artikkelen skriv han følgjande som kan vere av interesse:

«Er ein fyrst valt ut som offer av arbeidsgjevar, går det ikkje lange tida før ei sak blir oppretta, ofte på syltynt grunnlag. […] Forsvar mot dette er bortimot umogleg, og kravet om dokumentasjon blir gjerne avfeia som irrelevant frå arbeidsgjevars side. Arbeidsgjevar vegrar seg for å framhente relevant dokumentasjon fordi denne som regel ikkje finst.

Å opprette sak og seie opp ein tilsett på grunn av negative tilbakemeldingar frå ein eller fleire kollegaer er objektivt sett ‘ikkje heilt etter boka’, og det Arbeidsmiljølova kallar ‘usakleg’ eller ‘uforsvarleg’ oppseiing. Subjektivt er dette ein grov urett som kan få katastrofale konsekvensar for offeret, som misser inntekta og hamnar i eit alvorleg økonomisk uføre. Vår profesjonelle og personlege erfaring er at arbeidsgjevar diverre er fullstendig likegyldig til kva som skjer med den tilsette.»

Etter ei lengre utreiing om arbeidsrett, går han deretter over til å snakke om Landås-saka, som trygt kan seiast å vere den verste justismordsaka i den norske helsesektoren. Det han ikkje har fortalt på bloggen sin, er at den vondsinna einingsleiaren på den kommunale sjukeheimen han vart forsøkt avskjediga frå, kan ha vore direkte involvert i den saka, sidan ho var ei av dei tre nattevaktene som jobba saman med hjelpepleiaren! Grunnen til at han ikkje har gått ut med dette, kan vere at dette var ein av tinga han brukte imot ho på det etter kvart so legendariske drøftingsmøtet i Byrådsavdelinga, eit møte som varte i heile tre timar. Men her berre spekulerer eg. Poenget hans med den artikkelen var å vise at om ei sak er skandaløs nok, vil jungeltelegrafen spreie den ut i heile den lokale helsesektoren. Alle vil vete om det, trass teieplikta.

I 2.juni-artikkelen går Saksyndig-redaktøren rett og slett ut og slår alarm om det han meiner er kritikkverdige forhold i helsesektoren. Det blir systematisk teke inn fleire og fleire utlendingar som har dårlege norskkunnskapar, og dette fører naturlegvis til farlege situasjonar mellom desse «pleiemedhjelparane» og bebuarane rundt om på norske sjukeheimar. Dei norske helsepersonellmedlemmane slit seg ut, og bebuarar og pasientar blir stadig sjukare (på grunn av ein viss «vaksine», kanskje?), og resultatet er:

«Akuttmottak og sentralsjukehus ser ut til å sjå på til dømes korttidsavdelingar som ‘minisjukehus’, der dei kan dumpe alvorleg sjuke pasientar – gjerne langt etter kontortid ein fredag, slik at dei ikkje får visitt av lokal sjukeheimslege før måndag. Dersom det til dømes påske eller pinse, vil ikkje slikt eit tilsyn skje før tysdag, fire dagar seinare. Pasienten kan faktisk risikere å døy i mellomtida på grunn av manglande kvalifisert helsepersonell på avdelinga.»

Han konkluderer med å påstå at den norske helsesektoren verken er trygg for dei tilsette eller målgruppene (pasientar og bebuarar).

3.juni-artikkelen er kanskje den mørkaste av dei alle. Her går han over i høgste gir og skildrar helsesektoren som eit fryktkulturregime «der dei tilsette tystar på kollegaene i eit forsøk på å innynde seg hjå sjefen». Han trekkjer fram den fiktive «Steffen» (som truleg er han sjølv), som på mystisk vis får ei personalsak oppretta på seg. Kollegaene ser på han som ein trugsel fordi han gjer jobben betre enn dei sjølve, og sidan dei ikkje har noko å ta han på, so konspirerer dei og diktar noko opp. Han skriv noko særs interessant:

«Er Steffen nytilsett og framleis i prøvetid, kan han i verste fall risikere at arbeidsgjevar plutseleg sender varsel om innkalling til drøftingsmøte, der arbeidsgjevar vurderer å avslutte arbeidsforholdet på grunn av ‘manglende tilpassing til arbeidet’ (jf. Arbeidsmiljølova §15-6 (1)).»

Han skriv deretter om årsvikariat, som heilt klart viser til årsvikariatet han hadde i den aude utkantkommunen, og personalsaka hjå ein viss kommunal arbeidsgjevar i ein større vestlandsby (som vi alle veit er Bergen). Sidan han byrja på den noverande sjukeheimen i januar i år, og seks månaders prøvetid er standard i dei fleste arbeidskontraktar, er det nærliggjande å tru at han har blitt oppsagt i prøvetid. Han kjem deretter med ramsalt kritikk av «tilårskomne kjerringar» i helsesektoren, som ifølgje han er «nokre av dei verste, nedrigaste, uslaste krypa ein mann kan jobbe med, for dei har evna til å framstå som dyktige, profesjonelle og regelrette englar medan det stikk motsette gjerne er tilfellet om dei av ulike årsaker får ein kollega opp i halsen».

Og vidare:

Då rottar dei seg saman og diktar opp ting for å bli kvitt slike som Steffen. Det heiter seg frå eit kvasi-juridisk synspunkt, at dersom to eller fleire kollegaer kjem med same påstand om ein kollega, so blir det rekna som sant. […] I ord-mot-ord-situasjonar ‘vinn’ den parten som har flest munnar til å seie orda.»

Dette er eit faktum, og det har presedens. I ei tilsynssak publisert 24.februar 2020 på nettsida til Helsetilsynet, meldte fire sjukepleiarstudentar bekymring til fylkesmannen (no statsforvaltaren) «om det de oppfattet som grove overtramp fra en hjelpepleier ved et sykehjem der de hadde praksis, blant annet at hjelpepleieren stønnet og skar grimaser av lukt og utseende på avføring, flyttet en pasient med et stort trykksår hardt og uten forvarsel, stelte sår som skulle vært stelt av sykepleier og på en voldsom og uhygienisk måte, hysjet strengt på pasienten som sa fra at behandlingen gjorde vondt, kjeftet og hadde en nedlatende tone overfor pasienter m.m.».

Hjelpepleiaren nekta for at vedkomande skulle ha gjort noko slikt, men «kommunen opplyste at tidligere avvik blant annet handlet om manglende stell av og tilsyn med pasienter på nattevakt, at hjelpepleieren hadde vært sint og hardthendt overfor pasienter, og at pasienter ikke turte dra i ringesnoren fordi de var redd hjelpepleieren. Arbeidsgiver hadde gitt tjenstlige tilrettevisninger. Hjelpepleieren ble sagt opp av kommunen og arbeidet ikke i helse- og omsorgstjenesten da tilsynssaken ble avgjort.»

Og vidare:

«Statens helsetilsyn la til grunn at det var et mønster i at hjelpepleieren opptrådte nedlatende og hardhendt over for pasientene. Hjelpepleieren[s] behandling av og samhandling med pasientene var klart i strid med helsepersonellovens krav til omsorgsfull hjelp, som innebærer å ha forståelse for pasientens situasjon og ivareta deres behov for trygghet og sikkerhet.»

Vidare står det i tilsynssaka at hjelpepleiaren fekk eit «illebefinnende» og svima av under drøftingsmøtet, der vedkomande vart konfrontert med påstandane frå dei fire sjukepleiarstudentane. I tillegg: «Fagforbundet skriver at bekymringsmeldingene bygger på rapporter fra sykepleierstudenter som er mangelfulle, til dels feilaktige og basert på personlige fortolkninger av situasjonene.»

I tillegg til å misse jobben, fekk hjelpepleiaren ein advarsel frå Statens helsetilsyn, som vil vere tilgjengeleg å lese for alle potensielle arbeidsgjevarar i framtida. Slik eg tolkar denne tilsynssaka, var det fyrst og fremst vitnesbyrda frå «ein eller fleire munnar» som var dropen som fekk begeret til å renne over. Hjelpepleiaren kan ha begått avvik i fortida, teke seg saman etter tilrettevisning frå arbeidsgjevar, for so å bli «felt» av fire sjukepleiarstudentar som rett og slett ikkje lika trynet på vedkomande. For å presisere: ei tilrettevisning er mildaste disiplinærstraff frå arbeidsgjevar. Deretter følgjer skriftleg advarsel, oppseiing og det mest alvorlege: avskjed.

Her er mi førebelse gjetting om kva som kan ha skjedd: Helsesektoren i Bergen er ganske liten og kraftig kvinnedominert. Kjerringar snakkar saman. Saksyndig-redaktøren fortalde til meg i mars, då han nettopp hadde byrja å jobbe der etter ni vekers sjukemelding, at ein av kollegaene (ein sjukepleiar langt oppi 50-åra) brukte å jobbe på den kommunale sjukeheimen han sjølv jobba på, og at ho jamleg åt middag og sosialiserte med fleire kollegaer som ho ikkje ville fortelje han namnet på. Han har ikkje presisert om det er ho som er involvert i denne «konspirasjonen», men dersom ho jamleg trefte kollegaer frå den sjukeheimen, er det sannsynleg at ho kjenner til forhistoria til redaktøren. Å vere uvaksinert helsepersonell i 2021 var ifølgje han helvete på jord, og til og med no i 2023 vekkjer slik ein status negative reaksjonar. Denne sjukepleiaren kan ha alliert seg med ein annan sjukepleiar, før dei deretter dikta opp noko skit på han og gjekk til sjefen med det. Men, som sagt, det er kva eg sjølv trur skjedde. Han sjølv har jo ikkje sagt eit ord om det.

Ei anna, meir sannsynleg forklaring er at han på grunn av beinbrotet ikkje klarte å gjere jobben sin like godt som dei andre helsefagarbeidarane i avdelinga. «Konkurransen» var rett og slett for stor, og han hadde ikkje ein sjanse til å gjere arbeidsgjevar avhengig av ekspertisen hans. Dette er i samsvar med Lov 11 i Robert Greene si bok 48 Laws of Power, og avslutningsvis kjem eg med eit sitat derifrå, som handlar om sokalla condottieri, som eg trur er ei form for leigesoldatar for italienske fyrstar og herskarar (s.83):

«They [condottieri] won battle after battle for their employers only to find themselves banished, imprisoned or executed. The problem was not ingratitude; it was that there were so many other condottieri as able and valiant as they were. They were replaceable. Nothing was lost by killing them. Meanwhile, the older among them had grown powerful themselves, and wanted more and more money for their services. How much better, then, to do away with them and hire a younger, cheaper mercenary.»

Ja, eg samanliknar her italienske leigesoldatar frå 1400-talet med dagens helsefagarbeidarar. Ifølgje Statistisk sentralbyrå er helsefagarbeidar det nest vanlegaste yrket i Noreg, berre overgått av butikkmedarbeidar. I 2022 jobba 96 000 personar som helsefagarbeidar i Noreg, so dersom Saksyndig-redaktøren ikkje greidde å dra lasset på grunn av eit dårleg bein, kunne arbeidsgjevar enkelt finne 95 999 andre som gjorde ein betre jobb. Brutalt, men sant. Og med full ansiennitet var han rett og slett dyrare i drift enn ein sprek, nyutdanna helsefagarbeidar utan ei kontroversiell forhistorie. Arbeidsgjevar gjorde slik som fyrstane i Italia på 1400-talet gjorde – dei kvitta seg med han fordi han var for dyr og brysam, ved fyrste og beste anledning.

Kommenter innlegget