Evalueringsrapport viser at PST dreit seg loddrett ut i samband med Pride-terroren i Oslo i juni 2022

Av Josefine Bru, konstituert redaktør i Saksyndig.

Ein artikkel av Øyvind Thuestad publisert 9.juni 2023 i Document skriv utfyllande om ein evalueringsrapport som vart lagt fram sist torsdag (8.juni), om Politiets sikkerhetstjeneste (PST) og politiet si handtering av Pride-terroren i Oslo 25.juni 2022. For å ta ei kort samanfatning: «PST ignorerte fullstendig muligheten for at islamister kunne begå terror mot Pride-feiringen, men hadde ‘høy bevissthet’ om mulige trusler fra høyreekstreme.»

På godt norsk har PST drite seg loddrett ut. Politidirektør Benedicte Bjørnland, PST-sjef Beate Gangås og Oslo-politimeister Ida Melbo Øystese burde sporenstreks finne seg andre jobbar, for dei har tydelegvis ikkje greidd å handtere situasjonen på ein adekvat måte.

Leiar av justiskomiteen, Per-Willy Amundsen (FrP) er ikkje nådig i sin omtale av rapporten:

«Dette er oppsiktsvekkende opplysninger. Politisk korrekthet i PST har påvirket den faglige kvaliteten på etatens arbeid, og kan ha ført til at menneskeliv gikk tapt.»

PST var i forkant av Pride-feiringa i Oslo i fjor meir opptekne av å hente inn informasjon om høgreekstreme aktørar «som hadde intensjon og/eller kapasitet til å utøve vold mot Pride-arrangementer eller deltagere på Pride-arrangementer». Ei liknande merksemd vart ikkje retta mot ekstreme islamistar: «Rapporten blottlegger at PST knapt hadde noen bevissthet om de islamistiske miljøenes hat mot skeive forut for Pride-feiringen i Oslo.»

16.juni, ni dagar før terrorhandlinga 25.juni, nedgraderte tryggleikstenesta trugselnivået for islamistisk terror:

«PST vurderer det som LITE SANNSYNLIG, i underkant av 40 prosent, at ekstreme islamister vil forsøke å gjennomføre terrorhandlinger i Norge de nærmeste 18 månedene.»

Dåverande PST-sjef Roger Berg innrømte etter åtaket at «de voldelige islamistiske miljøene var utenfor etatens kontroll». Trugselen frå islamistar var no oppgradert til «ekstraordinær trusselsituasjon» og vi hadde brått eit nettverk av «voldsparate islamister» som PST innrømte at ein ikkje hadde kontroll på. PST sin manglande fokus på desse islamistane har ført til at menneskeliv har gått tapt.

For å ta ei kort oppsummering av Pride-terroren: Klokka 1:13 om natta 25.juni opna islamisten Zaniar Matapour eld mot utestadane Per på hjørnet og London pub. To menn vart drepe, ni personar trefte av skot, og 25 personar vart lettare skadde. Matapour er sikta for drap med «terrorhensikt». PST vurderer masseskytinga som «en ekstrem islamistisk terrorhandling», og leiar for evalueringsutvalet Pia Therese Jansen hadde følgjande å seie då ho la fram evalueringa:

«Dersom ikke snarrådige, modige sivilister hadde grepet resolutt inn, kunne det ha utviklet seg til et av de dødeligste angrepene mot sivile i Europa på mange år […].»

Som ein lettare komisk sidekommentar nemner rapporten òg at PST dagen før ramadan spurde Matapour om han ville møtast til lunsj ein dag under ramadan, muslimane sin fastemånad. Som Thuestad so treffande skriv:

«Rapporten bemerker lakonisk at det ‘kan […] fremstå som noe uoppmerksomt at man i PST inviterer det man vurderer som en ekstrem islamist, til lunsj første uken i ramadan’.»

PST, som med glede overvakar lovlydige borgarar, hadde merkeleg nok heller ikkje reagert på at medskuldige Arfan Bhatti fredag ettermiddag 24.juni hadde lagt ut eit bilete av eit brennande Pride-flagg på ein av Facebook-kontoane sine. Sokalla «skeive» inngår i det PST kallar «fiendebildene» til fleire av dei trugselaktørane som PST jobbar med.

Som dei sjølve skriv om Pride-feiringa og det «skeive» miljøet:

«PRIDE arrangeres nasjonalt, med en rekke store og små arrangement. […] LHBTQ+ er en del av det høyreekstreme fiendebilde, og inngår i en rekke konspirasjonsteorier med voldspotensial.»

Oslo politidistrikt hadde i likskap med PST «fullt fokus på høyreekstreme, og var blind for trusselen fra islamister». Dei følgde med andre ord berre ordrar frå tryggleikstenesta. Igjen er ikkje Per-Willy Amundsen nådig overfor PST. På spørsmål om PST si blindheit for islamistisk valdspotensial kan ha ført til at to døydde og ni vart såra 25.juni, svarer Amundsen:

«Ja, vi kan ikke utelukke at det er en del av grunnen til at menneskeliv gikk tapt. […] Det er skremmende å se at politisk korrekthet tilsynelatende har gitt utslag i kvaliteten på det arbeidet PST utfører. […] Det er nok ubehagelig for enkelte å påpeke det faktum at radikal islam er et problem, m[e]n det kan ikke være sånn at de islamistiske miljøene ikke følges opp like tett som andre som representerer en potensiell risiko.»

På spørsmål om korleis han vil skildre alvorlegheitsgrada av PST si forsømming slik den blir skildra i rapporten, svarer Amundsen:

«Forsømmelse er et godt ord. Det er en alvorlig forsømmelse, det er slett arbeid, og det står til stryk.»

Det var på ingen måte ei hemmelegheit at islamistar har ein sterk motvilje mot det «skeive» miljøet, og Amundsen seier vidare:

«Dette er noe alle vet, og som det er åpenbart at også PST burde være kjent med. Det er komplett uforståelig, det eneste som kan forklare denne fadesen, er at PST har valgt å opptre politisk korrekt.»

Eg forventar at arbeidsgjevar kallar politidirektør Benedicte Bjørnland, PST-sjef Beate Gangås og Oslo-politimeister Ida Melbo Øystese inn til drøftingsmøte i næraste framtid.

Kommenter innlegget