Av Josefine Bru, konstituert redaktør i Saksyndig.
Har de lagt merke til at folk rundt omkring plutseleg har fått Freia opp i halsen – biletleg og kanskje òg bokstavleg? SAS og Norges fotballforbund har no byrja å boikotte Freia-sjokolade, og det vurderer òg andre selskap. Den Norske Turistforening krev «Russland-svar» frå toppleiinga i sjokoladeselskapet.
Høyrest dette merkeleg ut? Er det agurknyheiter på ferde? Nei, folkens. Dette er, tru det eller ei, knytt til krigen i Ukraina (som vi jo alle veit er NATO og USA sin stadfortredarkrig mot Russland). Steigan har gjeve ei god lyninnføring i denne tullete saka. 26.mai 2023 erklærte det korrupte naziregimet i Ukraina at gigantselskapet Mondelez er ein krigssponsor, og bidreg med pengar til den russiske statskassen. Som ein konsekvens er Mondelez no svartelista av Kiev-regimet, og Freia er i sin tur eigd av Mondelez.
På grunn av Kiev sitt plutselege oppgulp står no ein liten fabrikk med 2-300 tilsette i fare for å gå konkurs fordi stadig fleire store selskap har byrja å boikotte dei. Gøran Nyberg, som er tillitsvalt i Freia på Rodeløkka, leverte følgjande kommentar til Nettavisen:
«Det er synd at oppegående norske selskaper i Norge boikotter Freia.»
Han og dei tilsette på fabrikken fryktar naturleg nok for jobbane sine, og i desse tider er dette ei høgst reell frykt. Tillitsvalt Nyberg seier vidare:
«Vi er kun en liten part i dette spillet og har ingenting med Russland å gjøre. Vi har kun lokale produsenter i Norge og har ikke noe med russerne å gjøre. Det er det ledelsen i Sveits som har. Det blir feil å ta en liten fabrikk med 2-300 ansatte […].»
Og vidare:
«Vi frykter selvfølgelig for arbeidsplassene våre, det er ikke mange store kjeder som må boikotte oss før vi mister jobbene våre, det er de store som blir tungen på vektskålen nå. Vi håper bare det norske folk ser at vi produserer sjokolade til det norske markedet og ikke bruker noe[n] ressurser fra Russland […].»
Det blir litt tragikomisk at eit krav frå nazistane i Ukraina-regimet skal setje jobbane til opp til 300 menneske i fare på denne måten. Og eg sjølv er ikkje so altfor optimistisk til at det norske folket skal oppdage galskapen i å boikotte dette kjende, kjære varemerket berre på grunn av ein totalt unaudsynt krig. Sjølv føretrekkjer eg Freia-sjokolade når eg ein sjeldan gong unner meg slik luksus – eg må jo passe linjene mine, veit de.
(For ordens skuld: Saksyndig har ingen sponsor-avtale med Freia, og dette er ikkje å sjå på som reklame for produktet.)
