Har Bergen blitt eit farleg narkoreir?

Av Josefine Bru, konstituert redaktør i Saksyndig.

Her om dagen kom eg tilfeldigvis over heimesida til forfattar, kunstnar og sommelier Trude Helén Hole. I ein artikkel publisert 21.april 2023 nærast hudflettar ho Bergen, som ho sjølv er frå. Ho byrjar artikkelen med å hevde at Bergen by har gått frå å vere Nordens paradis til Nordens narkoreir. Denne utflytta bergensarinna hugsar sjølv Bergen som ein fabelaktig by som ligg perfekt til mellom hav og fjell, som har idylliske brusteinsgater og tronge «smau» (eller smug for dei som ikkje kjenner bergensk), og ikkje minst byen si unike historie som Hansa-by, der dagleg kontakt med tyskarar gav opphav til den karakteristiske bergensdialekten som er ein av ytst få i Noreg som fullstendig manglar grammatisk hokjønn.

Hole hadde opphavleg planar om å flytte tilbake til Bergen etter fleire tiår i utlandet og på austlandet, og hadde ambisjonar om å starte galleri i det ho oppfatta som Nordens nye kunstby. Ho opplever ho Bergen som «et åpenlyst narkoreir», og synest det er pinleg, skammeleg og djupt tragisk. Ho skjøner ikkje korleis bergensarane og nærlingslivet «kan akseptere at Bergen nå er Nord-Europas største narkoreir og at de rusavhengige ikke får bedre hjelp!».

Ho nemner spesifikt området rundt Korskirken i hjartet av byen, som ganske riktig er eit berykta strok som folk helst unngår på nattetid. Her flyt narkotikaen og det skjer openlyst sal av slike rusmiddel til alle døgnets tider. Å starte «karriere» som rusavhengig er ifølgje Hole enkelt, og med slik ein karriere følgjer òg kriminalitet. Dei blir «kjenningar av politiet», som det heiter so fint i avisartiklane til Bergens Tidende (BT) og Bergensavisen (BA). Ho pakkar det ikkje inn: «barn og unge har nå fått en open dør til helvete».

Ho skildrar levande korleis denne delen av byen har forfalle til det tragiske og flaue:

«I dag fremstår Korskirken som en nedtagget søppelplass med skitne, stinkende og overfylte søppelcontainere fint ‘dandert’ utenfor kirken. De en gang så vakre brosteinene er dekket av sprøytespisser, søppel, sigarettstumper, menneskelig avføring, matrester, knust glass og annet avfall etter byens løse fugler. At dette aksepteres midt i en turistbys største turistattraksjon [er] totalt ubegripelig!»

Vel, ei mogleg forklaring kan vere at rusmiljøet i Bergen tidlegare heldt til i Nygårdsparken som ligg på sørsida av sentrumshalvøya. Dette hadde føregått iallfall sidan slutten av 1960-talet, ifølgje Wikipedia, og parken var kjent som «landets eldste åpne narkotikamarked». Ambulanse og politi hadde nærast fast tilhaldsstad der, og overdosar og arrestasjonar var eit daglegdags fenomen. Parken ligg på universitetsområdet, og mange unge studiner frykta å gå gjennom parken etter solnedgang. Etter mange års kritikk frå dei som budde i området (bydelen Møhlenpris sør for parken), stengde Bergen kommune nordre del av parken i august 2014. Etter det Wikipedia skildrar som «omfattende rehabilitering», vart parken gjenopna 9.september 2017. Bergen kommune hadde brukt 25 millionar kroner på prosjektet, og ifølgje heimesida til Bergen kommune om parken var det Bymiljøetaten som stod bak byggjearbeidet. No når rusavhengige var uønskte i parken, flytta dei over til andre stader i byen, mellom anna Strax-huset i Laksevåg – og området rundt Korskirken.

Hole sin artikkel vart publisert i ein forkorta versjon i BT, noko som naturleg nok utløyste reaksjonar frå andre bergensarar. Sosionom Per Gunnar Lunde Oseng skreiv ifølgje Hole eit «innlegg uten argumenter der han fremstiller meg som en som er imot narkomane og bruker karakteristikker mot dem». Hole nekta for at ho hadde gjort dette, men at ho «belyser et problem med økende narkotikaomsetning, rekruttering og kriminalitet midt i Bergen sentrum, men slik skal selvsagt ikke debatteres. Jeg forventet altså motsvar, men Osengs innlegg er ikke verdig en debatt. Fyren fremmer ikke et eneste argument – han fremmer derimot vås og prøver i god woke-tidsånd å diskreditere meg, og derfor dette tilsvar».

Berre for å presisere. Det Per Gunnar Lunde Oseng skreiv, er mellom anna:

«Du [Trude Helén Hole] kaller byen vår for et reir. Ikke flytt tilbake til Bergen! Vi klarer oss uten slike holdninger her hos oss. Å renovere gatene for det vi ikke liker, har vi brukt mer enn nok ressurser på. Rusavhengige trenger ikke ditt perspektiv for å få et bedre liv. Ingen av oss gjør det. Vi trenger et godt utbygd hjelpetilbud, trygge plasser å oppholde oss, i en by der vi tar vare på hverandre. Uten stigma. Nyt livet på Østlandet! Her i byen kommer vi ikke med sånne karakteristikker når vi beskriver medmenneskers lidelse. Kjøss meg!»

Hole meiner at Oseng med andre ord synest det er «helt ok at narkomane lever i rennesteinen i Bergen og at bryggen har blitt en utrygg plass å ferdes, spesielt for den yngre garde».

Hole kjem med statistikk som viser at Noreg ligg på tredje plass når det gjeld narkotikadødsfall i Europa, med 75 slike dødsfall per million innbyggjarar. Berre Sverige (med 92 per million) og Estland (med 130 per million) overgår Noreg. Opne russcener er ikkje unikt for Bergen, men diverre del av eit systemisk problem som gjeld heile den vestlege verda. «Løysinga» til Bergen kommune ser diverre ut til å gjere delar av byen om til eit slags utandørs sprøyterom, der rusavhengige vandrar rundt og er til fare for seg sjølv og andre. Slik har det vore i Bergen i mange år, og enkle løysingar finst rett og slett ikkje, sidan problemet går djupare enn våre unge, uerfarne politiske broilerar vil vedkjenne seg.

Kommenter innlegget