Av Josefine Bru, konstituert redaktør i Saksyndig.
Eg og mine likesinna har i lengre tid drive og bygd opp våre beredskapslager i vente av den uunngåelege kollapsen av fiatøkonomien og den vestlege sivilisasjonen. Som tidlegare politibetjent og militærbefal har eg sjølv tilgang til skytevåpen, og gode kunnskapar om korleis ein bruker dei. Er det noko eg har lært, er det at ein – nett som speidaren – alltid må vere beredt. På eigedommen min har eg òg lagra jerry-kanner med diesel. Bensin eignar seg dårleg til langtidslagring, og er so brennbart at dunsten åleine er nok til å antenne eit lite hus om du er for uvørden med open eld. Diesel, derimot, kan lagrast i årevis. Eg har ein robust terrengbil som toler å vere ute ei vinternatt – men her oppe er eg so heldig at eg har eit skjul med hengjelås som den kan stå i.
Eg har i lengre tid drive og hamstra diverse fyrstehjelpsutstyr, spesielt bandasjar, plaster, saltvatn (NaCl) og flasker med Pyrisept. Dersom eg skulle vere so uheldig å skade meg, vil eg dermed kunne reinse og sy såret sjølv. Om eg derimot skulle bryte beinet, slik Saksyndig-redaktøren gjorde på sjølvaste julaftan i fjor, er eg ferdig. Då er det om å gjere å finne ein rask og relativt smertefull måte å døy på. Men vi er heldigvis ikkje der no. Det gjeld å vere forsiktig, og vege for og imot om du skal våge deg ut om vinteren.
Viktigast av alt har eg eit matlager, der du finn tørrvarer, hermetikk, pulverkaffi, pulverte og store mengder sjokolade. Sistnemnde er der både for energien sin del, fordi det er langtidshaldbart, og fordi sjokolade med sin søte og oppkvikkande smak kan løfte humøret ditt ein dag du verkeleg treng det. Eg har med vilje byrja å fråtse i karbohydrat, og då er sjokolade eit naturleg val – for eg er jo dame, og «alle» damer likar visstnok sjokolade betre enn dei likar sex.
Misforstå meg rett, å ete store mengder karbohydrat vil føre til at du relativt raskt byggjer eit feittlager på kroppen. Bjørnen bruker same strategien før han går i dvale, bortsett frå at han av openberre grunnar ikkje kan stikke på næraste Bunnpris og kjøpe herleg, velsmakande og beileleg langtidshaldbar Freia-sjokolade. Nei, han må bruke sommarmånadene på å gnafse i seg tonnevis med bær. For orden skuld driv eg òg og sankar bær i området der eg bur, for her kryr det av blåbær, bjørnebær og til og med markjordbær. Eg lagar syltetøy av dei og forseglar dei på hermetiske glas, slik at eg kan kose meg med dei høgste vinter når snøen lavar ned og temperaturane ligg godt under frysepunktet.
Mjølk er verre å lagre, ettersom den må lagrast kjøleg. Eg tenkjer scenario der straumen går og kanskje ikkje kjem tilbake på lang tid. Det finst mjølk på boks, men den er dyr. Det finst òg mjølk i pulverform, men er særs vanskeleg å få tak i her i Noreg. Men her skal det seiast at vaksne folk ikkje treng mjølk, faktisk er dei fleste vaksne på verdsbasis allergiske mot mjølk i si reine form. Smør er òg ei utfordring å lagre, men held seg generelt langt betre enn mjølk. Men mjølk og smør har éin ting til felles: Dei stinkar som berre julinga når dei er gått ut på dato.
Løysing er å gjere slik dei gjorde i gamle dagar: Lage ost av mjølka. Ost held seg langt lenger, ofte i fleire år.
Men mjølkeprodukt held seg like lenge som mjølkesjokolade, og her peikar spesielt Freia sin sjokolade seg ut med sin runde, fyldige smak.
Nøtter er òg langtidshaldbare, og omkransa av sjokolade har du eit perfekt, energirikt måltid som løftar humøret når du treng det mest. Her tenkjer eg spesielt på M-sjokolade, som var ein av yndlingssjokoladane mine då eg var ei lita jente. Då gledde eg meg til laurdagskvelden, for då visste eg at eg ville få ein pose M. Riktig nok måtte eg deler den med broren min, men han lika heldigvis ikkje M-sjokolade so veldig godt. Eit kjært barndomsminne blir no ei trøyst når eg sit framfor peisen ein vinterkveld og les ei bok.
Slik ting ser ut no, gjeld det å førebu seg på den komande kollapsen.

Løsningen på menneskenes problemer er Guds rike, se Daniel 2:44. Etter at Guds rike har tatt makten på jorden blir Åpenbaringen 21: 1-3 en vidunderlig realitet 🙂
LikarLikar