Av Josefine Bru, konstituert redaktør i Saksyndig.
No når sommarvarmen har kome til Noreg for fullt, er det viktig å passe på at heten ikkje går til hovudet på deg – eller til magen. Den berykta feriemagen kan vere skummel og råke deg når du minst ventar det. Då bør vegen til næraste toalett vere kort, og du bør helst ikkje sitje i ettermiddagsrushet. Alle småbarnsforeldre veit at små barn er dei som toler laus mage minst. Då blir det gråt, tenners gnissel og hyppig skifting av bleier. Faren for dehydrering på grunn av diaré er spesielt stor no når temperaturane bikkar 30 grader fleire stader i landet.
Ein grei måte å tilføre kroppen viktige saltar er å ete nettopp salte ting. I sterk varme forsvinn ofte tørstekjensla, so då er det viktig å ha noko å knaske på som får deg lyst til å drikke vatn. I gode, gamle dagar fortalde Saksyndig-redaktøren meg at han og fleire kollegaer brukte eit triks for å få bebuarane på sjukeheimen til å drikke meir – og dette gjaldt sommar som vinter, men spesielt om sommaren når sommarsola bakte og det tjue år gamle ventilasjonsanlegget gjerne streika når det passa minst. Trikset var å gje bebuarane anten chips eller salte kjeks, slik at dei vart meir tørste. Eldre har ifølgje han nemleg redusert tørstkjensle, og er ein av dei vanlegaste årsakene til at eldre blir dehydrerte og dermed får auka fare for blodpropp og slag.
Dersom du vil slå to fluger i ein smekk – både auke tørsten og «binde» innhaldet i ein laus mage – tilrår både eg og Saksyndig-redaktøren salte kjeks. Då han sjølv var stefar til ein liten gut, brukte han sokalla Marie-kjeks når ungen var plaga av diaré, ettersom ein helst ikkje skal gje so mykje salt til små barn på grunn av at dei har so små nyrer. Hjå vaksne og eldre, derimot, er det berre å gønne på. Salte kjeks er det perfekte remedium no i den steikande sommarsola.
Eit merke som eignar seg spesielt godt, er Ritz-kjeks, som ekskjærasten hans var ein svoren tilhengjar av. Sjølv bruker han vanlegvis å kjøpe eit billegare merke, men han vedgår at konsistensen til Ritz-kjeks gjerne er betre eigna til å auke tørstetronga og binde innhaldet i magen.
Salt er ikkje berre viktig når du misser mykje væske, det er òg viktig for å halde blodtrykket på normalt nivå og ikkje minst tilføre kroppen salt som den misser gjennom sveitte. Alle kan skrive under på at dei får lyst på noko salt å gnafse på når dei til dømes sit i sommarsola med gode venner og drikk øl. Øl er ikkje berre vassdrivande, viktige saltar forsvinn òg ut saman med urinen. Då er det viktig å ha noko salt i skåla. Og gjerne nokre utvalde ostetypar attmed kjeksen berre sånn for næringa sin del. Dersom du verkeleg vil slå på stortromma, tilrår eg eit lite fat med god spekjemat òg, gjerne fenalår eller den deilige, italienske spekeskinka eg ikkje heilt greier å stave namnet på. Proschutto? Prosciutto? Noko i den gata.
Dei som er kjøpte og betalte av Big Pharma, som diverre gjeld bortimot alle legar, vil nok heller tilråde Imodium mot feriemagen. Her er det berre å riste låttmild på hovudet. Det blir nett som når legar ukritisk og ivrig ordinerer lakserande middel slik som Duphalac og Laxoberal for å førebyggje eller behandle det stikk motsette av diaré: treg mage (obstipasjon på fagspråket). Her er det enklaste å rett og slett drikke nok væske, og gjerne gå seg ein tur – om ein kan. Saksyndig-redaktøren fekk sjølv ordinert Duphalac då han var sengeliggjande på Haukeland etter beinbrotet, og det hadde mildt sagt god effekt. Som han sjølv fortalde meg:
«Natta etter operasjonen vakna eg av at eg måtte so sinnssjukt på do. Og det var ikkje urin som ville ut! Eg hadde ikkje hatt avføring sidan julaftan, og dette var natt til 28.desember. Eg ringde på nattevakta. Ei vever ungjente som openbert var utanlandsk kom. Eg sa eg måtte drite noko so inni helvete. Ho spurde om ho skulle finne eit bekken. Eg svarte: ‘Nei, eg skal sovisst ikkje ha eit bekken! Finn ein dostol, og det litt brennkvikt!’ Ho sprang og fann ein dostol, eg hinka meg over i den, og ho trilla meg inn på den vesle dassen i ein fæla fart. Eg dreit so det song i veggane, og stanken var av ei anna verd. Eg pissa òg, men oppdaga for seint at ho ikkje hadde greidd å trille dostolen heilt inn over doen, slik at alt pisset enda opp på golvet. Eg dreit truleg to-tre kilo. Det var eit under at ikkje heile dassen gjekk tett.»
Og med dette takkar vi for i dag. Eg håper han fyren snart kjem tilbake til sin eigen nyheitsblogg, for no snakkar vi skraping av tønna når det gjeld stoff å publisere!
