Av Josefine Bru, konstituert redaktør i Saksyndig.
Alt bråket rundt Freia den siste tida skuldast ifølgje forhenverande toppsjef i Freia at bedriftene som boikottar berre gjer det for ikkje å bli boikotta eller kansellert sjølv. Torstein Bore, som er tidlegare adm.dir. i Freia sa til Dagens næringsliv onsdag 14.juni at boikottarane vil oppnå sokalla goodwill:
«Det er lite prinsipielt. Mange av de andre merkevarene er ikke like kjent som Freia. De vil oppnå goodwill, og det var derfor de gikk etter Freia […].»
Bore, som leia Freia gjennom mesteparten av 1990-talet, mellom anna då selskapet vart oppkjøpt av dåverande Kraft Foods, no Mondelez, berre ristar på hovudet over denne boikotten. Som Document-journalist John Martin Johansen skriv som innleiande kommentar til nettavisa si dekning av saka:
«I et samfunn som blir mer og mer woke, og som nå bruker virkemidler som tvang og boikott hvis man mener noe annet, så sier den tidligere toppsjefen i Freia det som det faktisk er.»
Onsdag morgon hadde Utanriksdepartementet eit møte om Freia-boikotten, der statssekretærane Eivind Vad Petersson og Halvard Ingebrigtsen møtte næringslivsaktørar. Coop Norge kjem ikkje til å boikotte Freia. Onsdag kveld avslutta Elkjøp sin totalt poenglause boikott av det kjende varemerket òg, etter at dei oppdaga at dei måtte boikotte fleire hundre leverandørar dersom dei skulle følgje det same prinsippet konsekvent, som Document skriv. Ingen daglegvarekjeder har so langt delteke i boikotten, dei har i staden for bede om eit møte med styresmaktene for å avklare korleis dei skulle forhalde seg til slike ting. Freia har ikkje brote EU sine sanksjonsreglar; avgjerda om å erklære Mondelez uønskt er det Kiev-regimet åleine som har teke.
Statssekretær Ingebrigtsen er tydeleg på at avgjerd om eventuell boikott ligg hjå bedriftene sjølve og kundane. Her er det med andre ord forbrukarmakt som gjeld, i tråd med slagordet om at kunden «alltid» har rett.
SAS held derimot fram boikotten sin av Mondelez. I pressesjef Tonje Sund sine ord:
«Nei, vi forholder oss lojalt til listen som ukrainske myndigheter har tatt frem. Vi hadde en grundig gjennomgang av hele listen – der vi så at Mondelez var med […].»
Den tidlegare Freia-toppsjefen Bore understrekar at han er «hundre prosent einig» i at ein skal gå imot Russland, men meiner det blir feil å gå etter «norske bedrifter så lenge de ikke driver virksomhet i Russland». Freia har sjølv presisert at dei har absolutt ingenting med Russland å gjere. Dersom nokon har noko med russarane å gjere, er det i sofall toppleiinga til Mondelez, som har base i Sveits.
Sjølvopphaldingsdrifta er sterk i ei tid der ein kan misse levebrødet over natta om ein har feil meiningar. At norske næringslivsaktørar den siste tida har rotta seg saman mot eit utvalt offer, er difor symptomatisk på den tida vi lever i. Reine hekseprosessane blir oppretta på so å seie ingen grunnlag, og offeret står åleine, utstøytt av flokken og blir nekta hjelp av det dei trudde var sine viktigaste allierte. Norsk turistforening valde å avslutte eit samarbeid med Freia som hadde vart i seksti år – og dette skjedde nok ikkje fordi leiaren der tilfeldigvis var eksmannen til «vår» tidlegare helseminister. Nei, dette ligg djupt forankra i sjølve tidsånda til 2020-talet. Og eg har kjensla av at dette berre vil eskalere til noko endå meir idiotisk neste gong.
