Av Josefine Bru, konstituert redaktør i Saksyndig.
Av ein eller annan grunn fekk eg nok ei utgåve av Bergens Tidende (BT) i postkassen min, denne gongen 14.juni 2023-utgåva. På side 37 står det eit debattinnlegg underteikna Arnfinn Fiskå, Geir Sverre Braut og Ingelin Testad. Fiskå er seniorrådgjevar ved Regionalt kompetansesenter for eldremedisin og samhandling (forkorta SESAM) ved Stavanger universitetssjukehus (SUS). Braut er lege og spesialist i samfunnsmedisin, professor og seniorrådgjevar ved SUS. Testad er professor og senterleiar ved SESAM, SUS.
Stikkordet her er «senior» og «eldre», for innlegget byrjar på følgjande høgst urovekkjande vis:
«I diskusjonene om tilstanden i norsk eldreomsorg dukket også selvmord opp som tema. Blant annet lurte Lise Fjeldstad på om det ikke ville være klokt å samle opp tabletter for selv å kunne sette punktum når en merket at en var i ferd med å miste kontrollen over eget liv – og dermed være prisgitt en mangelfull eldreomsorg.»
Greitt, folkens, «sjølvmord» og «eldreomsorg» burde for faen ikkje eingong vere i same setning! Diverre er dette ein del av den harde realiteten. Innlegget påstår vidare at mange eldre, særleg menn, tek livet av seg når dei ikkje lenger orkar alle plagane som følgjer med alderen, og ikkje minst einsemd. 100 menn og 50 kvinner over 60 år tek livet av seg i Noreg kvart år. Dette gjenspeglar gamle dagar, då sjølvmord fyrst og fremst fann stad blant middelaldrande menn. Dei valde som regel å hengje seg, slik at folk som til slutt kom på besøk då fekk sitt livs sjokk då dei oppdaga det halvrotne liket som hang frå takbjelken.
Fiskå, Braut og Testad skriv deretter generelt om korleis kollektivet skal fordele matressursar dersom knappheit skulle oppstå, for det viktigaste er at kollektivet overlever som gruppe. Dei som produserte hadde difor fyrsterett på tilgjengelege ressursar. Små barn var naturlegvis ikkje forventa å bidra, men ville bli viktige ressurspersonar i framtida. Dei eldre? Les sjølv:
«Før eller siden vil de gamle være ute av stand til å bidra, de vil gå fra å være dem som bærer gruppen, til den som må bæres av gruppen. Og de vil aldri vokse denne hjelpeløsheten av seg. Dersom gruppen måtte kvitte seg med noen, fant man det klokest å kvitte seg med de gamle og uproduktive. Dette kunne gjøres på høyst ulikt vis, de kunne bli støtt ut og forlatt, presset til å begå suicid – eller rett og slett bli henrettet.»
Diverre er dette sant. Det skal òg seiast at dei tidlege menneska faktisk åt sine avdøde slektningar når dei vart offer for ulykker, sjukdom eller vart drepne fordi dei ikkje lenger kunne bidra til kollektivet. Arkeologar har funne tallause skjelettrestar av menneske, der ein finn tydelege avtrykk av mennesketenner. Seinare lærte menneska av neandertalarane at ein skulle ære dei avdøde ved å gravleggje dei i staden for å ete dei. Tidlege graver som arkeologar har avdekt, inneheldt berre skjelettrestar frå neandertalarar – graver med menneskeskjelett er eit langt yngre fenomen. Kort fortalt gjekk ressurspersonar som ikkje lenger greidde å vere ein ressurs, over til å bli ein matressurs for kollektivet. Historikarar har prøvd å dekkje over menneskeheita si kannibalistiske fortid ved å hengje neandertalarar ut som primitive, barbariske og uintelligente.
Trioen frå SUS skriv deretter om dilemmaet mellom ibuande og prestasjonsbestemt verdi: Er alle menneske like mykje verdt uavhengig av rolle i samfunnet, eller har mennesket fyrst og fremst verdi utifrå kva ein gjer? Er vi human beings eller human doings? I våre tider er det sterk tendens til sistnemnde. Som dei tre skriv:
«Den som lykkes, har seg selv å takke. Den som mislykkes, og som ikke får det til – og på ingen måte når så langt hun vil – har selvsagt også seg selv å takke. Her lar man ikke nåde gå for rett.»
Og vidare:
«Spørsmålet er om denne typen tenkning også er i ferd med å invadere livets siste fase […]. Den som blir gammel, som svekkes, som merker at kroppen ikke lenger er på topp, ja, som til og med får behov for stadig mer hjelp, han eller hun har kanskje seg selv å takke. Spiste du sunt nok, trimmet du – og holdt du deg i form mentalt?»
Det aldrande individet står dermed overfor spørsmålet om livet er verdt å leve, og om dei skal «sette kroken på døren, finne frem de tablettene en har gjemt unna og ta farvel før ydmykelsene blir for vonde?».
Konklusjonen deira er:
«Vi har skapt oss et nådeløst samfunn dersom det blir en aksept for at de gamle naturlig nok ikke orker tanken på å leve livet som gammel.»
Saksyndig-redaktøren har ved fleire høve skrive (og fortalt meg) at det norske helsevesenet dramatisk endra karakter under og etter «pandemien». Det vart plutseleg greitt å openlyst diskutere aktiv dødshjelp (eutanasi) på jobben, og det vart plutseleg fullstendig ukontroversielt både for lærlingar, helsefagarbeidarar og til og med sjukepleiarar å med stoltheit i bringa hevde at dei var for aktiv dødshjelp. Han understrekar at han sjølv er motstandar av eutanasi, ettersom noverande lovverk eksplisitt forbyr det, og at dersom noko slikt mot formodning (?) blir vedteke i Noreg, vil det bli gjenstand for omfattande misbruk. Kanskje òg utviding til å gjelde andre grupper enn eldre og alvorleg sjuke.
Fleire andre debattantar innan uavhengige media har òg meir enn antyda at norske helseføretak er blitt reine avrettingsfasilitetane etter at «pandemien» gjorde det stovereint å avlive eldre og sjuke. Har sjukepleiarar blitt den nye mordarklassen? Om Saksyndig-redaktøren var i stand til å bidra til sin eigen blogg, ville han nok ha skrive at sjølvmord hjå eldre i grunnen er overflødig, sidan sjukepleiarar no for tida drep fleire enn eit middels romersk felttog. Har ein fyrst blitt innlagt på ein sjukeheim, er det i grunnen berre eit spørsmål om tid før sjukepleiar-«englane» kjem med morfin, Midazolam og andre A-preparat som dei med eit smil rundt munnen injiserer i deg før dei seier eit søtt «god natt».
