Klimaforskar tilknytt NORCE er SKREMD over det fine sommarvêret

Av Josefine Bru, konstituert redaktør i Saksyndig.

Som vanleg i juni månad, er det sol, skyfri himmel og høge temperaturar. Slik har det vore i uminnelege tider, og er kvart år eit kjærkome avbrekk frå det elles ganske so kalde og våte norske klimaet. Klimaforskar Erik Kolstad seier derimot til TV2 at dette er ei skremmande utvikling, og at konsekvensen kan bli «havnivåstigning som vil påvirke kystlinjer over hele verden».

Kolstad er tilknytt NORCE og Bjerknessenteret, og spesialiserer seg på å lage langtidsprognosar av vêret, opptil fleire år fram i tid. Metoden dei bruker er ifølgje TV2 «å analysere hundrevis av værtegn og prognoser, som de deretter sammenligner med historiske data for å simulere sannsynlig vær». Dei driv altso med datamodellar og kvalifisert gjetting. Akkurat som «ekspertane» som spådde skyhøge tal døde av SARS-CoV-2 tilbake i 2020. Ikkje akkurat ein eksakt vitskap.

Kolstad og gjengen av klimaspåmenn har no kome med eit vêrvarsel for heile sommaren:

«Det er mellom 70 og 80 prosent sannsynlighet for at juli kan bli varmere enn normalt i Sør-Norge […].»

Dette er rekna utifrå ein 30-årsperiode. Ikkje overraskande spår dei at temperaturen i Nord-Noreg vil bli lågare. Ja, det er jo nokre hundre mil vidare nordover, so då er det vel naturleg at det er kaldare der oppe – akkurat som det er varmare i Roma enn det er i Oslo sidan Roma ligg mykje lenger sør.

Medan dei er bortimot skråsikre på temperaturane, er det knytt meir uvisse frå deira side når det gjeld nedbør:

«Til forskjell frå temperaturvarslene våre, som er ganske entydige, så spriker nedbørsvarselet i alle retninger. Det kan være at varmen også gir tørt vær, men det vet vi ikke […].»

Han peiker som forventa på faren for gras-, skog- og lyngbrann dersom det held seg tørt, og åtvarar spesielt bøndene mot dette. Det har riktig nok vore ein del skogbrannar den siste tida, men om dette skuldast naturlege fenomen eller er menneskeskapt, kan diskuterast.

Tru rolla si som eit av djupstaten sine propagandatalerøyr, tok TV2 seg ein tur i Nygårdsparken i Bergen (inntil ganske nyleg Nord-Europas største opne russcene) for å velje seg ut lydige medlemmer av den norske saueflokken. Ein av dei synest det er «litt bekymringsverdig» at klimaforskarane melder om 70-80 prosent sannsyn for høgare temperaturar enn normalt. Då tenkjer vedkomande fyrst og fremst på hetebølgjer, som jo er vanleg om sommaren. Spesielt nær ekvator er dette framtredande på grunn av vêrfenomenet El Niño (spansk for «barnet»).

Sjølv hugsar eg at somrane har vore varme mesteparten av 2000-talet. Det var eit par somrar på 1990-talet der det stort sett regna, mellom anna i 1993, då vi på Vestlandet knapt såg blå himmel i juli. Sidan har somrane derimot vore varme. I 2003 var det hetebølgje i mesteparten av Europa, og i Frankrike førde det til at fleire eldre heimebuande døydde. Sameleis var 2004 òg frykteleg varm. Faktisk har sommaren vore varm kvart einaste år dei siste 23 åra. Saksyndig-redaktøren fortalde meg at somrane 2016, 2019 og 2021 spesielt utpeikte seg. Sommaren 2021 jobba han eit oppdrag frå vikarbyrå i heimetenesta i ein av nabokommunane til Bergen, og då kraup temperaturane opp i over 30 grader. Som einaste uvaksinerte helsepersonell i personalgruppa måtte han gå med munnbind heile dagen i verste sommarvarmen. Sommaren 2022 var òg brennande varm, og han greidde under ein skogtur i juli i den aude utkantkommunen faktisk å få ein flått på penishovudet! Han oppdaga det då han var på kveldsvakt på den vesle sjukeheimen. Den erfarne helsefagarbeidaren fekk derimot ikkje panikk, men fann «eigna utstyr» på medisinrommet og fekk fjerna denne vesle flåtten frå penis. Det var lite grann blod og det svei litt, men elles gjekk det bra.

Sidan Kolstad er tilknytt NORCE, er hans nye sjef ingen ringare enn Camilla Stoltenberg.

Eg har mistanke om at klimaforskar Kolstad og hans medsamansvorne deltek i ein agenda for å farleggjere naturlege sommartemperaturar, slik at djupstaten kan bruke dei som påskot til å innføre «klimanedstengingar». So fort djupstaten får makt over saueflokken, er det berre eit spørsmål om tid før gjetaren kjem for å føre dei til slakteriet. Då speler det lita rolle at sola skin som ho er galen frå ein vakker, blå himmel.

Kommenter innlegget