Tren riktig og bli i stand til å takle alt det fæle livet har å by på

Av Josefine Bru, konstituert redaktør i Saksyndig.

Eg har som de sikkert har fått med dykk, mange ess i ermet. Ikkje berre har eg erfaring som politibetjent, eg har òg vore befal i militæret. Men den grunnutdanninga eg har, er innan trening og kosthald, i tillegg til at eg har norsk autorisasjon som ergoterapeut (her skal eg innrømme at eg knapt har jobba med ergoterapi, berre so det er sagt!). So tidleg som i 2015 registrerte eg eit éinpersonsføretak der eg tok på meg oppdrag som personleg trenar. Er du i fysisk toppform, vil du òg bli i psykisk toppform, i stand til å takle alt det fæle som livet har å by på. Sjølv no, når eg har bikka 30 med god margin (faktisk er eg i siste halvdel av 30-åra, tru det eller ei!), har eg ein kropp som dei fleste treningsnarkomane tenåringsjenter ville myrde og svike for å få. Eg får framleis laaange blikk etter meg når eg spradar rundt i gatene i treningstights – og eg elskar det!

(Dei fleste jenter og damer elskar faktisk at menn glaner hemningslaust på dei, det er berre politisk ukorrekt og i strid med feminismen å innrømme det!)

Personleg trenar har vore ei naudløysing når oppdrag frå meir… kontroversielle arbeidsgjevarar har uteblitt. Som eg har sagt til mine mange kundar opp gjennom åra, får du mykje gratis dersom du tek deg bryet med å byggje opp ein knallsterk kjernemuskulatur. Sjølv har eg truleg noregsrekord i å ta «planken», og det har vore dagar der eg faktisk har teke planken konstant i opptil seks-sju timar. Stålkontroll – eg skjelv ikkje eingong på slutten.

Ein annan muskulatur som er undervurdert, spesielt hjå kvinner, er Kegel-muskulaturen. Denne temmeleg obskure muskelen er den du bruker når du stoppar strålen medan du tissar. Saksyndig-redaktøren kjenner truleg til uttrykket «knipeøvelser», som er å finne rundt om på toalett på norske sjukeheimar. Dei mange halvgamle, konspiratoriske meggene bruker knipeøvingar for å førebyggje framtidig inkontinens, for slapp Kegel-muskulatur er ei av hovudårsakene til at damer (og menn) i godt vaksen alder ofte byrjar å bruke innlegg, bleiebukser eller beltebleier.

Ved å føreta knipeøvingar vil du ikkje berre få ein sterk, påliteleg Kegel-muskulatur, det vil òg gjere underverk for SEX! (Hehe, igjen bruker eg dette ordet for å få merksemda di, vyrde lesar.) Hjå menn kan kyndig bruk av Kegel-muskulaturen stoppe ejakulasjon under samleie, slik at han får orgasme, men ikkje sprutar seg tom. På den måten vil menn, ved å skilje orgasme frå utløysing, kunne få multiorgasmar. Dette er ein godt bevart løyndom som av nordmenn flest blir sett på som reine trolldommen. Hjå damer kan ein sterk Kegel-muskulatur ikkje berre hindre dei i å utvikle inkontinens – det kan gje dei himmelske orgasmar av ei anna verd!

Eg oppdaga tidleg nytteverdien av å vere i so god fysisk form som mogleg. Eg voks opp ute på landsbygda, langt frå næraste kjøpesenter (då måtte vi til Førde), og til og med langt frå næraste landhandel. Sjokolade var ein sjeldan luksus, og som eg har nemnt tidlegare, var det store høgdepunktet i veka laurdagskvelden, då eg og broren min fekk M-sjokolade frå Freia. Kosthaldet var sunt fordi vi i grunnen ikkje hadde andre alternativ. Det gjekk i kjøt (foreldra våre hadde ein liten gard langt frå næraste nabo), sjølvdyrka grønsaker, frukt og bær (vi hadde pæretre og jordbæråker, i tillegg til ein diger åker der vi dyrka poteter, gulrøter og kålrabi). Og vi var i fysisk aktivitet frå morgon til kveld.

Eg har offisielt ingen grad i nokon kampsportar, men under mine… kontroversielle oppdrag har eg lært meg måtar å uskadeleggjere motstandaren. Det mest «filmaktige» eg nokosinne har gjort, må vere den gongen eg fekk låra mine rundt nakken på ein kviterussisk agent tilbake i 2017. Eg knekte nakken hennar, ho døydde momentant – og eg fekk faktisk orgasme! Det var nok på grunn av kampens hete, og på grunn av den sterke Kegel-muskulaturen min.

Då «pandemien» kom, tørka òg min karriere som personleg trenar inn, sidan folk plutseleg vart redde for å gå ut blant andre menneske, spesielt til noko so intimt som ein personleg trenar. Men kunnskapane og erfaringane har eg framleis stor nytte av sjølv.

For å oppsummere denne underhaldande sommaranekdoten: Tren riktig og bli i stand til å takle alt det fæle livet har å by på, og ikkje minst vil du bli betre i stand til å nyte alt det vedunderlege livet har å by på. Som til dømes ein tilfeldig orgasme medan du ligg på ei yogamatte og vrir på deg saman med 30 andre tomatraude jenter i tights…

Kommenter innlegget