Ingvild Kjerkol og WHO vil snikinnføre totalitære, overnasjonale pandemilover

Av Josefine Bru, konstituert redaktør i Saksyndig.

No har sjølv hovudstraumsmedia byrja å opne opp for debatt om kva som er i ferd med å skje på den internasjonale scena, i dette tilfellet World Health Assembly, som har gått av stabelen i Genève denne veka (12. til 16.juni). Nettavisen publiserte 17.juni eit innlegg av Morten Walløe Tvedt, fyrsteamanuensis i rettsvitskap ved Høyskolen Innlandet, som har base i Lillehammer. Han stiller innleiingsvis følgjande spørsmål:

«Er det noe helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol og Verdens helseorganisasjon (WHO) er redde for at vi skal få vite?»

Det spørsmålet vil eg svare på med eit rungande «ja!». 12. til 16.juni har landa i verda i hemmelegheit forhandla fram ein ny Pandemitraktat, og, i Tvedt sine ord «legge til rette for forhandling av ny global pandemi-jus». Meir presist pågår det to forhandlingar om to ulike internasjonale avtalar om korleis verda skal styrast i framtida: Pandemitraktaten og Dei internasjonale helseretningslinjene, Pandemic Accord og International Health Regulations. Og tidsfristen er sett til mai 2024.

Tvedt skriv so:

«Det legges med andre ord nå et stort press på medlemslandene om å bli enige, men verden får ikke vite hva som skjer i disse lukkede forhandlingene.»

Ikkje mistenksamt i det heile teke, nei. Berre opninga av møtet og avslutninga er tilgjengelege på nett og for observatørar, noko som ifølgje Tvedt er uvanleg. Som han vidare skriv:

«Avtaleforslagene innebærer at én person, direktøren i WHO, alene skal kunne pålegge Norge å stenge skoler, butikker, restauranter – arbeidsplasser, grensene til Sverige og pålegge oss og alle medlemsland vaksinasjon med en helt ny og u-utprøvd vaksine.»

Kva forslag dei har kome med no, er altso hemmeleg. Men på tidlegare møte har følgjande forslag kome (her i Tvedt sine ord):

  1. Bestemme hva som skal til for å sette noen i isolasjon
  2. Velge hvilke medisiner alle leger i alle land skal bruke mot en aktuell sykdom
  3. WHO skal selv godkjenne nye vaksiner og medisiner
  4. Velge de produsentene av vaksine som skal brukes i alle medlemsland
  5. Bestemme om de som ikke vil ta en vaksine skal tvangsvaksineres
  6. Innføre ett digitalt globalt vaksinasjonssertifikat
  7. Bestemme hvordan identifiserbare helseopplysninger som handler om én person skal kunne offentliggjøres
  8. Bestemme hvor lenge folk skal sitte i karantene selv om de ikke selv har symptomer på sykdom

Er WHO upartiske når det gjeld kva slags medisinar og vaksinar som skal brukast i medlemslanda? Absolutt ikkje. For, som Tvedt skriv, kjem berre 20% av budsjettet til WHO frå den faste medlemsavgifta til medlemslanda – og blant dei store sponsorane til WHO finn vi nettopp vaksineprodusentar. I tillegg inngjekk WHO og EU ein «overenskomst» om at WHO skal utvikle EU sine digitale vaksinesertifikat på globalt nivå.

Generaldirektøren i WHO kan i dag gje anbefalingar som er ikkje-bindande. «I den nye teksten strykes henvisningen til at anbefalinger ikke er bindende». Altso vil dei bli bindande, og medlemslanda gjere slik generaldirektøren seier:

«Dette vil innebære at Norge mister selvbestemmelsen og overfører råderetten til Generaldirektøren i WHO. Er det mer overnasjonal styring av helseretten WHO og Helse- og omsorgsministeren ikke vil at det norske folk skal få vite om?»

Garantert. Kjerkol speler ikkje med opne kort, og uttalte i WHO sitt møte i Genève 23.mai 2022 at «vi må konsolidere WHO som vår effektive, ansvarlige og dyktige leder innen multilateralisme, og et byrå som har nulltoleranse for feil oppførsel.» Dette vart ikkje lagt fram for det norske folket, sannsynlegvis aldri diskutert i Stortinget, og det står definitivt ikkje nokon stad i Noregs lover. Ingvild Kjerkol vil snikinnføre totalitære, overnasjonale pandemilover i Noreg.

Noreg vil ikkje lenger vere eit fritt, autonomt land, og dette er Kjerkol delvis skuld i.

Kommenter innlegget