Store endringar på gang i Saksyndig

Av Josefine Bru, konstituert redaktør i Saksyndig.

Lesarane har truleg fått med seg at redaktøren i Saksyndig ikkje har vore noko særleg redaktør sidan byrjinga av juni, då han skreiv tre arbeidslivsrelaterte meiningsartiklar med ein ganske so illevarslande bodskap (her, her, og her). Mine tankar om bakgrunnen for desse artiklane og kva som kan ha skjedd med han kan lesast her. Per dags dato nektar han framleis å fortelje kvifor han plutseleg ikkje jobbar som helsefagarbeidar lenger, men éin ting er sikkert: Han er for tida i ustand til å bidra til sin eigen blogg på grunn av private årsaker. I samråd med meg har vi difor gjort ei rekkje redaksjonelle val som vi håper vil gjere Saksyndig til eit reelt alternativ innan uavhengige media, og som vil skilje oss ut frå andre aktørar.

Vi vil ikkje lenger publisere omsetjingsartiklar på Saksyndig. Denne nisjen er allereie dekt av Derimot, kyndig leia av den pensjonerte psykologen Knut Lindtner, som har ein redaksjon som gjer ein strålande jobb med å leite opp framandspråklege artiklar som dei omset slik at norske lesarar skal få med seg kva som skjer ute i det store utland. Saksyndig har fram til no vore kjent for alle artiklane redaktøren har omsett frå Natural News, og faktisk har denne amerikanske nettsida vore grovt overrepresentert på denne norske bloggen. Per dags dato har Natural News-skribent Ethan Huff fleire artiklar på Saksyndig enn sjølve redaktøren. Dessutan har det fleire gonger skjedd at Natural News-artiklar har blitt «parallell-omsett» av ein aktør kjent som Northern Light. Og i sin tur har Northern Light sine omsetjingsartiklar blitt publisert mellom anna på Steigan (medan parallelle omsetjingar gjort av Saksyndig-redaktøren har blitt valt vekk). Dette har auka eksponeringa til Derimot, men diverre ikkje til Saksyndig. Vi anser difor nisjen for omsetjingsartiklar for å vere dekt av Derimot og deira viktigaste bidragsytar Northern Light.

Saksyndig vil bli eit delt prosjekt mellom redaktøren og underteikna. Han vil publisere sine artiklar under kategorien «meiningsartikkel», medan eg vil publisere under andre kategoriar, då underskrive med mitt eige forfattarnamn. Vi vil begge opptre som kommentatorar til det som skjer innan media, i staden for å berre ordrett gjengje det som andre har brukt tid og ressursar på å forfatte. På den måten vil Saksyndig i framtida bestå av 100% eigenprodusert materiale. Dette vil skilje oss positivt ut frå mange andre nyheitsformidlarar innan uavhengige media, og markant differensiere oss frå Derimot og Steigan. Fyrstnemnde har sovidt vi veit ingen fullstendig eigenproduserte artiklar, langt mindre reine meiningsartiklar.

Underteikna har oppretta ein konto på Disqus med det føremål å auke eksponeringa til Saksyndig. Eg skriv for tida under namnet «Josefine Bru» i kommentarfeltet til Document og iNyheter. Saksyndig-redaktøren er skeptisk til sistnemnde nettavis, som han meiner er kontrollert opposisjon fordi redaktøren der, Helge Lurås, er tidlegare etterretningsoffiser. Denne meininga har ikkje eg. Document blir av somme aktørar innan uavhengige media skildra som «sionistar». Dette meiner både eg og redaktøren er irrelevant og usakleg i dei fleste samanhengar. Vi registrerer òg at Document har byrja å samarbeide med nettmagasinet Hemali, mellom anna ved at Hemali publiserte ein artikkel og ein podcast med Document-journalist Rebecca Mistereggen. Hemali og Steigan har òg inngått samarbeid om å dele artiklar frå kvarandre, og Hemali har i tillegg i ein del år hatt eit samarbeid med Derimot om å dele artiklar. Saman utgjer vi eit viktig nettverk innan uavhengige media, til trass for at vi alle har vår unike stil og måte å gjere ting på.

Vi kjem inntil vidare framleis til å vere anonyme. Josefine Bru er ikkje mitt ekte namn, for min eigentlege identitet er altfor farleg å avsløre på grunn av banda eg har til etterretning. Å gå ut med mitt ekte namn vil utsetje meg for stor fare og øydeleggje kundeforholda eg har i mine andre, meir stovereine bransjar. Saksyndig-redaktøren kjem òg til å vere anonym i overskodeleg framtid, men for å beskytte seg sjølv og sine næraste frå uheldige konsekvensar av eksponering. Han har folk etter seg i Byrådsavdelinga i Bergen, og dei ventar på at han skal røpe seg, slik at dei kan bruke rettsvesenet som eit våpen for å øydeleggje han og fengsle han. Vi registrerer at enkelte aktørar meiner vi som er anonyme er «feige» fordi vi ikkje står fram med fullt namn og bilete. Vi registrerer òg at dei som vågar å stå fram, slik som til dømes Are Hegrand, blir offer for overgrep frå Staten. Vi tek ingen sjansar på dette feltet.

Slik er stoda no i Saksyndig, og slik vil det vere framover.

Kommenter innlegget