Min alvorsprat med «Josefine Bru»

Greitt, dette har gått over alle støvelskaft. Det ser ut som om vår kjære «Josefine Bru» ikkje berre har teke seg til rette inne på nyheitsbloggen min, men gjort seg sjølv til med-redaktør. Ho har riktig nok drive bloggen min medan eg har vore ein tur til helvete og tilbake igjen, men no når eg les innlegga ho har skrive, byrjar eg å angre på at eg lét ho gjere det. «Køyre brannbil»-delen kunne ho ha spart seg, sameleis dette med skriking og hyling under sex. Eg får ikkje håpe ekskjærasten min nokosinne går inn og les denne bloggen, for då kjem eg garantert til å bli saksøkt.

Sanninga er at eg har mist jobben, men det er framleis ei pågåande personalsak. Eg har i ein helvetes fart blitt flytta til «anna arbeid» på huset, truleg for å få meg fjerna frå all pasientkontakt, og eg har jobb no i sommar. Meir er det ikkje tilrådeleg for meg å formidle, iallfall ikkje til saka er endeleg avgjort. Ting har skjedd fort og gale, og det like før fellesferien i tillegg. Men no ser det ut til at nokon omsider kjem til å trekkje i naudbremsa og få stoppa denne djupt uforsvarlege prosessen. I tillegg har eg konferert med viktige allierte og laga ein plan som eg per dags dato ikkje vil formidle. Alt eg vil seie no, er at eg kjem til å trykkje på den store, raude knappen.

Det er for tida alvorleg sjukdom i næraste familie, og eg sjølv har ikkje vore bra heller. Eg har blitt smitta av noko, og vore til tider ganske sjuk. Sidan eg er uvaksinert, ser det ut som eg heldigvis har fått ei svakare utgåve enn dei eg kjenner som er «fullvaksinerte», og dei har i periodar vore so sjuke at dei ved fleire høve har blitt sjukehusinnlagt.

Men no i helga, då verste sykja hadde gjeve seg, og eg igjen var inne og las på Saksyndig, sette eg kaffien i vrangstrupen ved fleire høve. Eg tok med éin gong bussen og besøkte «Josefine» i hennar gamle, slitne andelsleilegheit på Landås, berre eit steinkast frå den berykta sjukeheimen Landås Menighets Eldresenter. Ho vart ganske teken på senga då eg stod harmdirrande i døropninga, ho såg faktisk ut som ein hjort i langlyset på ein bil. Sambuaren var heime, og såg like overraska ut. Fyren jobbar innan revisjon – og ja, «Josefine» bur faktisk med ein mann. Hans fyrste spørsmål var «kven er den mannen?». Josefine sendte han ut på «luftetur» i nærområdet, før ho inviterte meg inn på kaffi og nysteikte vaflar. Dei venta besøk av svigerforeldra om ein time, men eg forsikra ho om at om ein time ville eg vere på veg ned til næraste bybanestopp.

Eg fortalde ho i detalj om den pågåande saka på jobben, og ho lovde på berg og ur at ho ikkje skulle skrive noko om dette på Saksyndig. Dersom nokon nokosinne skulle skrive noko, skulle det vere eg. Vi vart einige om vegen vidare for bloggen, og resultatet av det vi bestemte kan lesast her. Noko «delt» samarbeid er det derimot ikkje tale om: det er berre éin redaktør i Saksyndig, og det er eg. «Josefine» er i beste fall ein skribent eller bidragsytar. I beste fall.

Det var satans gode vaflar, eg åt truleg fire stykke, som eg skylde ned med to koppar kaffi. Jordbærsyltetøyet var heimelaga, og laga av markjordbær som visstnok var plukka på den aude eigedommen ho påstår at ho residerer på. Eg tok opp kor etisk tvilsamt det er å lyge til lesarane av ein nyheitsblogg, men ho nekta for at det ho skreiv var løgn. Det kunne nemleg ha skjedd i eit anna univers, og det som skjedde i andre univers var like sanne som alt som skjedde i dette universet.

Samtalen vart litt for kosmologisk for meg, so eg takka for meg og forsvann like fort som eg kom. I det eg kryssa vegen såg eg eit eldre ektepar kome gåande forbi sjukeheimen, det var nok foreldra til sambuaren. Dei var gravalvorlege; faktisk såg dei fleste graver smilande ut i forhold til dei.

Samtalen fann stad laurdag føremiddag. Sundag hadde Josefine for éin gongs skuld publisert noko som var meir i tråd med ein «klassisk» Saksyndig-artikkel, nemleg Ingvild Kjerkol og WHO sin vondsinna plan for å slavebinde menneskeheita med sin pandemitraktat og nye internasjonale helseretningslinjer. Her gjeld det å halde tunga og vitet beint i munnen, for ting kan fort eskalere. Menneska rundt meg ser ut til å vere i djup psykisk ubalanse, og då gjer folk mykje sprøtt.

Kommenter innlegget