Hugs at fienden eigentleg ikkje høyrer til menneskeheita

I våre dagar blir kvar ærlege og heiderlege sjel pressa opp i eit hjørne og truga med rettergang og undergang på grunn av årsaker som berre blir uhyre avansert formidla. Folk flest skal nemleg ikkje skjøne jus, eller den interne logikken – om den då finst. Jus er ikkje for levande menneske, men for juridiske personar. Slike stråmenn blir oppretta og hefta ved namn, formue og rykte, og er den representanten for den levande mannen eller kvinna som opptrer i offentlege samanhengar. Slike juridiske personar kan flyttast rundt som ressursar, under total likesæle overfor det levande mennesket slike einingar er vilkårleg knytte til.

Det skjer ein prosess der det levande mennesket blir pressa opp i eit hjørne og under sterk og skremmande tvang – intimideringstaktikkar utvikla av mørke krefter innan forsvar, etterretning og avgudsdyrking – tilknytt eit namn med store bokstavar, som i sin tur blir lagt inn i ein database tilgjengeleg for innvigde medsamansvorne i heile den offisielle verda. Sunn fornuft høyrer heime hjå levande menneske og er difor uønskt i denne samanhengen.

Alle kontraktar inngått med fiktive organ slik som stat, kommune, bedrifter og andre ikkje-menneskelege representantar (feilaktig kalla «organ», som jo refererer til delar av menneskekroppen), tek som basis den juridiske personen. Det er difor irrelevant kva status det levande mennesket har i denne samanheng. Opphøyr av arbeidsforhold, dommar, pengekrav og andre handlingar blir retta mot den juridiske personen. Omtanke, rimelegheit og alminneleg folkeskikk høyrer heime mellom levande menneske og er difor høgst uønskt i slike prosessar.

Alle går utifrå at verda skal fungere slik. Men kven står bak alle slike umenneskelege prosessar, om ikkje andre menneske? Her vil dei naturlegvis orsake seg med at dei følgjer ordre, men kor kjem ordrane frå? Ikkje frå andre levande menneske, for då hadde dei vore til å fatte og begripe for oss som jo er levande menneske!

Nei, desse kjem frå det spirituelle mørket, frå dystre, destruktive krefter som ikkje er menneske. Dei oppfører seg ikkje som menneske. Dei snakkar sovisst ikkje som levande menneske. Og dei manglar alle trekk som gjer oss sjølve om til levande menneske som fortener kjærleik, respekt, omtanke og heiderleg handsaming innan alle felt av livet.

Desse er Demonar (med stor D), altso vondsinna, forkvakla og forderva sjeler som ein gong i tida var menneske, men som gjennom eksponering for vondskap, perversitet og seksuelt driven sadisme, har blitt dei verste einingane eit levande menneske kan møte. Dei fangar menneskesjeler i sine eigne, sjølvlaga Helvete, der sjelene blir torturerte utan nåde heilt til dei ikkje lenger er menneske. Og ingen andre krefter kan overstyre ein Demon, Demonen er suveren i sitt Helvete, akkurat som ein arbeidsgjevar er suveren i si eiga bedrift, der dei tilsette truleg heller ville føretrekkje ein Demons Helvete enn å halde fram i denne skjendige tralten!

Hugs at fienden eigentleg ikkje tilhøyrer menneskeheita, og det har den aldri gjort. Den er ein ikkje-invitert gjest i menneskeheimen, som har teke seg skamlaust til rette og laga Helvete på jord i uminnelege tider.

Dette er ei åtvaring til dei som lèt seg bondefange av denne forskrudde, antimenneskelege ideologien: Ved å halde fram på dette viset trass våre bøner og åtvaringar, vil de vere medskuldige, og dermed bli gjenstand for eit oppgjer som de kanskje vil oppleve som særs ubehageleg. De er kanskje håplaust hjernevaska og stein galne, men i våre auge er de framleis høgst tilreknelege.

Kommenter innlegget