PST påfallande vage om trugslar mot Pride

PST påstår at dei har sett ein auke i tal trugslar mot Pride-markeringar i Noreg, men er påfallande vage når det gjeld detaljar. Det handlar ikkje om konkrete åtaksplanar, og dei presiserer ikkje kor trugslane kjem frå. Dei jobbar i tillegg «intenst» med å avklare om trugslane i det heile teke er reelle. PST opplyste dette på ein pressekonferanse onsdag 21.juni, ifølgje NTB (her formidla via Document).

Som PST-sjef Beate Gangås seier:

«Det er ingen endring i trusselbildet. PST kjenner ikke til konkrete trusler mot Pride per nå […].»

Og sjef for kontraterroravdelinga i PST, avdelingsdirektør Lars Lilleby, seier følgjande til PST:

«Vi har ingen indikasjoner på at noen har planer om å få gjennomført de truslene de har framsatt […].»

Neivel, nei. Ingen konkrete åtaksplanar og ingen planar om faktisk gjennomføring. Kvifor vart då ein mann i 20-åra nyleg fengsla i fire veker med brev- og besøksforbod, der to av vekene skulle vere i isolasjon? Ein del av svaret kan vere følgjande:

«Politiet har foretatt en del etterforskning allereie, men det er gjort beslag i saken som vil være krevende å gjennomgå, både tid og ressursmessig.»

Og:

«I tillegg skal det foretas avhør som vi mener må få gjennomføres utan [sic] at siktede får snakket med disse personene før avhør, sier politiadvokat Hilde Strand til NRK etter fengslingen.»

Trugslane som denne openbert livsfarlege mannen har kome med, er «fremsatt gjennom e-post og annen digital kommunikasjon på nettet, skriver politiet i en pressemelding.»

PST har naturlegvis samarbeidd med Oslo politidistrikt om saka, men seniørrådgjevar Eirik Veum i PST ønskjer (ikkje overraskande) å gje nokon meir utfyllande kommentar.

Trugslane skal ha dreia seg om bruk av skytevåpen mot Pride-paradane. Dette må vel kunne seiast å vere ein temmeleg konkret trugsel, i motsetnad til kva PST sa til NTB.

Nyleg fekk PST kjeft for å ha totalt ignorert islamistar og heller fokusert på alle dei «høgreekstreme» som visstnok florerer i samfunnet. Denne ignoreringa av islamistar skjedde like før Pride-terroren i Oslo, som nettopp vart utført av ein islamist.

PST og politiet burde heller fokusere på agendaen bak Pride, som til dømes seksualisering og kjønnsforvirring av små barn. Pedofili er vel framleis ulovleg…?

Kommenter innlegget