Gjesteskribent i Document legg ut om det dysfunksjonelle norske helsevesenet

Greta Aune Jotun fekk 21.juni 2023 publisert eit innlegg i Document der ho skriv om ein nasjon som ser ut til å ha som intensjon å utslette sine eigne borgarar. Ho kallar dette «manglende konsekvensforståelse hos det politiske lederskapet», som ifølgje ho ikkje har forstått at ein nasjon skal bevare identiteten sin. I staden ser dei ut til å utrydde komande generasjonar. Er målet til den politiske leiinga at Noreg skal bli ein vasallstat, underlagt og ivareteke av leiarar og innbyggjarar frå andre land? Sjølve danninga av EU framstår som ein praksis som ikkje er haldbar i lengda, og politikarane som er med på dette nedrige spelet, har fyrst og fremst eit ønske om å «overta fremtredende stillinger i utlandet når de ikke lenger får/kan/vil være politikere i eget land».

Somme meiner nasjonalstaten bør avviklast, og desse meiningane passar som hand i hanske med eliten sine visjonar om ei éiverdsregjering. I Noreg har nasjonalarven vår blitt selt ut til framande makter, og på grunn av påstått mangel på arbeidskraft har statsmakta late asylsøkjarar og arbeidsinnvandrarar – lykkejegerar, om du vil – strøyme tilnærma uregulert inn i landet. Dette har òg vore tilfellet i mange andre vestlege land, med enkelte unntak.

Ein annan skiftenøkkel som makta har hive inn i maskineriet, er Abortlova av 1978: «Førtifem år med såkalt selvbestemt abort har utvilsomt ført til mangel på fleire millioner norske borgere.»

Og dei denne feilslegne politikken går utover, er fyrst og fremst barn og hjelpetrengande unge og eldre:

«Eksempler jeg kjenner til fra helse- og omsorg:

  1. Sykehuspasienter har blitt feilbehandlet på grunn av manglende språkforståelse, regler for hygiene har heller ikke blitt tilfredsstillende fulgt.
  2. På en sykehjemsavdeling forsøkte en pasient – gjentatte ganger – å alarmere etter nødvendig hjelp, men ingen kom. Saken var: Det var ingen pleier på den avdelingen om kvelden og natten, bare på en avdeling i samme etasje.
  3. En ‘hjemme’-pasient er avhengig av hjelp fra helse- og omsorgsetaten. Mange av de ansatte som kommer, kan ikke norsk. Noen forstår verken språk eller problematikk. Pasienten er utrygg, men vil ikke klage, heller ikke at pårørende klager, er redd for straff. (Det er ikke uvanlig med straff av ymse art om noen klager, erfart i egen familie.)
  4. Ved et sykehjem i en av våre byer er nær halvparten av de ansatte innvandrere. Pleierne har varierende kunnskap om pasientbehandling, norske regler og norsk språk. Ikke hermed noe vondt sagt om innvandrere, det er politikerne som har ansvaret for den uholdbare situasjonen for pasientene. Loven om helse- og omsorgstjenester brytes mange ganger daglig, både i byer og bygder.»

Dei tilsette er fortvilte, og med god grunn. I heimetenesta må personalet springe vidare til neste pasient før dei får utført kva dei er pliktige å gjere hjå den fyrste – altso det brukaren har vedtak på frå Forvaltninga, og som vedkomande faktisk betaler eigenandel til kommunen for. Slikt er ikkje berre dårleg service, det er brot på helse- og omsorgstenester. Når ein brukar ikkje får ein teneste han eller ho betaler for, er dette eit rapporteringspliktig avvik, men eg har mistankar om at dette ikkje blir gjort i frykt for at pårørande skal lese dette i journalen. Arbeidsgjevarane trugar dermed dei tilsette til å halde kjeft om dette, noko som i sin tur er brot på helsepersonells plikt til å dokumentere og rapportere om helsehjelpa dei utfører.

Bemanningsproblema på norske sjukeheimar er eit problem som har vedvart i mange år, og vart spesielt ille under «pandemien». Som Greta skriv:

«Sykehjem: Mange har for få pleiere. Det er uhørt at én nattevakt skal betjene to avdelinger. Det bør minst være to på hver avdeling.»

Standardbemanninga på dei fleste norske sjukeheimar er tre pleiarar på ti bebuarar på dagtid, og to pleiarar på kvelden. I helgane er bemanninga to pleiarar på ti bebuarar òg på dagtid (som ein konsekvens blir til dømes bebuarar aldri dusja laurdag, sundag eller heilagdagar på grunn av denne helgebemanninga). Og det er heilt riktig at berre éi nattevakt er på to avdelingar – eller, meir presist, éi nattevakt per etasje. Dette er bemanningsplanen som arbeidsgjevar har utvikla etter godkjenning frå både verneombod og tillitsvalde! Eg har som tillitsvald sjølv vore med på å utvikle bemanningsplanar, og tilbake i 2019 ville tillitsvalt i NSF faktisk fjerne ein pleiar frå langtidsavdelingsetasjen på kveldstid, for ho meinte at vi hadde det for roleg på våre tre langtidsavdelingar. Den stillinga som vart fjerna, kunne i staden brukast slik at vakthavande sjukepleiar kunne vere på topp, i staden for å stundom vere både i eiga avdeling og «sørve» huset. Vanleg kveldstidsbemanning var seks pleiarar på 30 bebuarar – ho ville at det på kveldstid skulle vere fem på 30. Eg, Fagforbundet sin tillitsvalt og alle dei faglærte på langtidsavdelingane (inkludert to av tre avdelingsleiarar) protesterte høglytt mot dette, og planen vart av dåverande einingsleiar lagt på is. Resultatet: Den NSF-tillitsvalde skjelte meg ut, sa opp jobben sin, flytta til andre enden av landet og fekk seg ei leiarstilling. Ho gav eksplisitt meg skulda for at ho valde å seie opp og trekkje seg som NSF-tillitsvalt.

Det skjer i våre dagar ei vesentleg omorganisering av helsesektoren, mest på grunn av at stadig fleire sjukepleiarar ikkje lenger maktar dette umenneskelege hardkøyret. Resultatet er at helsefagarbeidarar i større grad overtek oppgåver som tidlegare berre vart gjort av sjukepleiarar. Visse makter kallar dette «betre utnytting av helsefaglege ressursar», medan det eigentleg handlar om å kamuflere alvorleg personalmangel, og ikkje minst auke profitten til både offentlege og private helseføretak. Problemet er systemisk og ikkje tilknytt spesifikke arbeidsgjevarar. Og, som eg skreiv tidlegare i månaden, det praktiske resultatet er at stadig fleire utlendingar blir tilsett som assistentar og pleiemedhjelparar på norske sjukeheimar. Når arbeidsgjevar for éin gongs skuld tilset norsk personale med helsefagleg utdanning, er dette som regel svært unge personar, helst jenter. Dei er nemleg billegare i drift fordi dei har nesten ingen ansiennitet – og, endå viktigare, er dei meir systemtru og underdanige enn gutar og menn, noko som passar perfekt for overordna som ikkje toler opposisjon.

«I flere tiår har det vært klanderverdige forhold innen helse- og omsorg, og jeg kjenner til langt alvorligere tilfeller enn de som er nevnt i media; jf. litteratur om omsorgssvikt i Norge.»

Greta Aune Jotun vinklar dette inn til abortpolitikken, og at det på grunn av den har blitt fødd færre nordmenn enn dersom den lova ikkje hadde blitt vedteken. På systemnivå kan ein altso snakke om befolkningsutskifting, som er fullstendig i tråd med Kalergi-planen, Eurabia-teorien (to konsept som mange kallar for ein «konspirasjonsteori»), og eliten sitt intense hat mot den kvite, kristne, vestlege befolkninga.

I helsesektoren har det skjedd eit skifte frå å fokusere på pasientens beste, til å nærast blindt sjå på kor lønnsamt føretaket er til ei kvar tid. Pasienten blir då babyen som blir kasta ut med badevatnet. Dette er igjen fullstendig i tråd med den menneskefiendtlege New Public Management-ideologien, der helseføretak skal drivast som om dei var produksjonsfasilitetar, og dei tilsette blir rekna som «ressursar». Toppleiinga tener grovt på dette, medan dei på golvet og ikkje minst målgruppa blir skadelidande.

Kommenter innlegget