Heile sju av ti vil tillate aktiv dødshjelp, men Rådet for legeetikk er ueinige

I ein artikkel publisert i NRK 23.juni 2023, kjem det fram at heile sju av ti vil at aktiv dødshjelp (eutanasi) skal bli lovleg i Noreg. I ei undersøking gjort av Senter for medisinsk etikk ved Universitetet i Oslo, på oppdrag frå Rådet for legeetikk, spurde forskarar om haldningar til den norske befolkninga når det gjaldt legalisering av dødshjelp. Sju av ti svarte at dei var positive til legalisering i tilfelle der det er dødeleg sjukdom med kort forventa levetid. Ifølgje NRK svarte 1167 deltakarar på undersøkinga.

Eutanasi er i dag lovleg i Spania, Nederland, Belgia og Portugal, i tillegg til fleire delstatar i USA. Canada har på infamøst vis utvida sitt eige eutanasi-program, Medical Assistance in Dying (forkorta MAiD) til å òg gjelde psykisk sjuke, handikappa og fattige (!). Ei slik utviding fryktar eg vil finne stad dersom eutanasi blir lovleg her i Noreg. Då er ikkje vegen lang frå å gjelde hjå terminale til å gjelde for folk som er litt mindre på dødens rand. Til dømes meiningsmotstandarar og dissidentar som plutseleg får psykiatriske diagnosar.

Medan sju av ti ser ut til å synast at det er heilt greitt å avlive menneske, er legar meir skeptiske. Ein studie gjort i 2016 «blant eit utval av legar som var medlemmer i Den norske legeforeininga, fann ein berre støtte for ei legalisering blant tre av ti som deltok i undersøkinga». Medan det at tre av ti legar støttar eutanasi i seg sjølv er bekymringsverdig, er haldninga til leiaren for Retten til ein verdig død beint fram sjokkerande: Ho meiner at Den norske legeforeininga står i vegen for at eutanasi kan bli lovleg. Som NRK skriv:

«Ho meiner at manglande støtte frå norske legar gjer det vanskeleg for politikarar å opne opp for dødshjelp i Noreg.»

Leiaren av Rådet for legeetikk, Svein Aarseth, er ikkje einig i at Legeforeininga står i vegen for legalisering av eutanasi. Slikt er i strid med dei etiske reglane for legar (paragraf 5), som seier at legar ikkje skal utføre dødshjelp. Som han sjølv seier til NRK:

«Eg trur heller ikkje at det er så lett som at 70 prosent av den norske befolkninga verkeleg ønskjer at vi skal innføre ei form for dødshjelp i Noreg.»

I NRK si eiga spørjeundersøking svarer 74% at dei synest det burde vere lov med aktiv dødshjelp i Noreg, 15% seier nei, medan 11% svarer at dei ikkje veit, og/eller at det er eit vanskeleg spørsmål.

74% vil tydelegvis gjere det lovleg å avlive folk som dei meiner er for sjuke. Ha dette i mente neste gong du eller dine kjære blir innlagt på sjukehus eller sjukeheim med ein alvorleg diagnose.

Kommenter innlegget