Arcturus, ein ny variant av Covid-19, spreier seg i fleire land, inkludert Noreg

Dei siste vekene har både næraste familie og eg vore sjuke av ein mystisk sjukdom som gjev feber, sår hals, rennande nase, verk i kroppen, diaré, fatigue, pustevanskar og sokalla konjunktivitt (augekatarr) – i tillegg til kraftig hoste som hjå ein av dei har gått over i bronkitt. Næraste familie fekk denne sjukdommen under ein utanlandstur, og har so smitta meg. Medan dei er fullvaksinerte, har dei vore sjukare enn eg, medan eg sjølv ser ut til å ha fått ei mildare utgåve.

Indisium indikerer at denne sjukdommen er ein ny variant av Covid-19, XBB.1.16, òg kjent som Arcturus-varianten. Varianten er no den dominerande i mange land, inkludert Storbritannia, USA, Australia, Singapore, Kina og India. Den har vore under observasjon iallfall sidan april, og dukka truleg opp rundt den tida. Symptom slik som augekatarr har ikkje førekome som symptom på tidlegare variantar. Som The Lancet skriv, har Arcturus-varianten evne til å unngå immunforsvaret i forhold til dei tidlegare XBB.1 og Xbb.1.5-variantane. Det forklarer kvifor eg som uvaksinert likevel har blitt infisert (men med ei mildare utgåve sidan immunforsvaret mitt ikkje er kompromittert av mRNA-«vaksinane»).

Den amerikanske virologen dr. Lin Xiaoxu seier at Arcturus har ei betydeleg evne til å motstå antistoff. Min næraste familie har begge gått på antibiotika-kur fordi fastlegen truleg trudde at det dreia seg om ein bakteriell infeksjon (begge hadde skyhøg CRP, som er eit klassisk teikn på infeksjon i kroppen). Dr. Lin tilrår bruk av ivermectin, fordi den skal seiast å hjelpe òg mot denne varianten. Hovudstraumsmedia har diverre spreidd massevis av desinformasjon om dette generiske legemiddelet, so folk flest, til og med dei fleste legar, er særs skeptiske til bruk av det.

Etter nokre veker med hoste, kroppsverk og mild augekatarr er vi no på betringas veg, so immunforsvaret ser ut til å ha greidd å bekjempe infeksjonen til slutt. Eg vil igjen presisere at medan min fullvaksinerte næraste familie har gått på antibiotikakurar og fått legemiddel som lindrar symptom, har ikkje eg gått verken til lege eller fått ordinert legemiddel. Som uvaksinert har eg greidd å bekjempe infeksjonen utan medisinske intervensjonar.

Min «sjølvdiagnose» er basert på indisium. Næraste familie testa begge negativt på PCR-testar, men dei er beviseleg ubrukelege som diagnoseverktøy. Symptoma på Arcturus-varianten har nesten perfekt samanfall med symptoma på denne mystiske sjukdommen, so konklusjonen min er langt ifrå urimeleg.

Kommenter innlegget