Eldreombodet skal leggjast ned frå 1.juli medan kriminelle FÅR eit ombod – openbert kven som blir prioriterte i dagens Noreg!

Her i Noreg verdset ein tydelegvis kriminelle høgare enn eldre, noko som speglar seg i det faktum at eldreombodet skal leggjast ned frå 1.juli, medan kriminelle får eit ombod. Den gruppa som har bygt opp landet med eit livs heiderleg arbeid misser nokon som kan tale deira sak, medan den gruppa som i grunnen berre øydelegg og lagar faenskap, får nokon som kan gå i flammande forsvar for deira straffbare handlingar og moglege karakteravvik. FRP-leiar Sylvi Listhaug meiner dette er komplett uforståeleg, og fleire er einige, deriblant pårørande til eldre, som er ei stor, viktig gruppe ein ikkje bør kødde for mykje med.

Som djupstatsavisa VG skriv:

«Jeg vet ikke hva jeg skal si. Det er triste dager. Vi opplever det som totalt ubegripelig at vi blir lagt ned, i en tid da eldre mer enn noensinne trenger hjelp og det blir stadig flere eldre […].»

Dette kjem frå noverande eldreombod Bente Lund Jacobsen, frå VG sitt intervju med ho på kontoret hennar i Ålesund. Som VG vidare skriv:

«Hun og fire andre ved eldreombudets kontor mister jobben 1.juli, etter at regjeringen ikke fant plass til de 10,7 millioner kronene som trengs for å drifte kontoret i året.»

Ifølgje Jacobsen er det fyrst og fremst «vaktbikkjefunksjonen» deira som er viktig:

«Vi er vaktbikkje og trekkhund samtidig. Vi passer på de eldre[s] rettigheter og prøver å trekke med oss myndigheter og aktører til å bedre tjenestene til eldre. Vi snakker de eldres sak i alle sammenhenger. Den rollen blir nå borte.»

Der mange eldre fyrst og fremst slit, er innan digitalisering (mi eiga erfaring seier at eldre har problem med å bruke smarttelefonar, smart-TV-ar, nettbank og PC-ar), og – langt frå ei bombe – helse og omsorg:

«Innen omsorg mangler det bemanning og det går ut over de eldre. Vi får utrolig mange henvendelser om det fra eldre og pårørende.»

Personalmangelen er framleis alvorleg i helsesektoren, noko som gjenspeglar seg i at dei eldre rett og slett ikkje blir forsvarleg ivaretekne. Eldreombodet deler til VG historier om at personalet ikkje har tid til å hjelpe dei eldre med maten (heimetenesta), at mange ligg og søv heile dagen på sjukeheimane, truleg fordi personalet ikkje har tid til å stelle dei før langt på dag. Og ikkje minst pårørande kjem med tilbakemeldingar, til dømes det konkrete dømet der ei kvinne hadde gjort noko so genialt som å lage eit kryss på bleia til faren sin. 17 timar seinare gjekk han i same bleia.

Denne kritisk viktige vaktbikkjefunksjonen forsvinn altso 1.juli, og kven blir då dei eldre og pårørande prisgjevne? Bente Lund Jacobsen sjølv går ikkje arbeidsledig lenge, for ho har ifølgje VG fått seg ny jobb i eit privat selskap i Ålesund.

Sylvi Listhaug kjem nesten som forventa med eit løfte om at dersom «vi» (FRP) igjen får «hånden på rattet», skal det opprettast eit eldreombod igjen. Listhaug stiller seg kritisk til at det var pengar som var årsaka til at regjeringa la ned eldreombodet. Det var snakk om at dei ikkje hadde plass til 10,7 millionar i budsjettet – merkeleg nok har dei god plass til 11 millionar til ei ombodsliknande ordning for kriminelle i fengsel. Målet med ordninga skal seiast å vere styrking av tilsynet med kriminalomsorga, og regjeringa seier sjølv at dette tilsynsrådet skal ha ein ombodsliknande funksjon.

Listhaug skildrar dette som ein snuoperasjon:

«Da vi fikk på plass eldreombudet i 2020, ble det møtt med jubel også blant de rødgrønne partiene. Men i dag legger de det ned fordi de ikke har råd til å betale 10,7 millioner kroner i et statsbudsjett på over 1700 milliarder kroner. Det er en vanvittig feilprioritering […].»

Den sokalla helseministeren Ingvild Kjerkol vel å ikkje kommentere Listhaug sine påstandar om at kriminelle går føre eldre, og viser til at ho og resten av regjeringa har lagt fram Bo trygt hjemme-reforma. Stikkorda hennar om det prosjektet er at «eldre skal være trygge på at fellesskapet stiller opp» og «vi vil at alle deler av samfunnet skal være med på dette arbeidet».

Stortingsrepresentant for Ap, Kamzy Gunaratnam, seier til VG at fleire av Eldreombodet sine oppgåver blir løyste av andre ombod og instansar, til dømes pasient- og brukaromboda, likestillings- og diskrimineringsombodet, forbrukarombodet og sivilombodsmannen.

Når ein fyrst er inne på FRP sin tankegang, kan ein gjerne stille følgjande spørsmål: Har norske fengsel fått so mange «nye landsmenn» at nokon vil betre forholda deira? Og er det i dei same grupperingane sine interesser at eldre, pleietrengjande nordmenn får færre organ som kan tale deira sak, slik at den systematiske mishandlinga og avlivinga kan halde fram utan at «vaktbikkjer» stikk nasane sine opp i det?

Kommenter innlegget