For ei tid tilbake (tysdag 20.juni 2023) vart dei nye nordiske ernæringstilrådingane lagt fram på konferansesenteret Harpa i Reykjavík. Mellom anna tilrår dei å ikkje ete meir enn 350 gram kjøt i veka, og alkohol bør ein helst unngå. Ein tilrår elles moderate mengder kaffi og te, grønsaker, frukt og bær, poteter, belgfrukter, mjølk og meieriprodukt. Ein skal òg begrense inntaket av søtsaker og andre sukkerrike matvarer. Når det gjeld fisk, ligg tilrådingane på 300-450 gram i veka, i nærleiken av den til kjøt. Og kva med kvitt kjøt? Av «miljøomsyn» bør ikkje inntaket gå over 175 gram i veka.
Jaha… Frå eit ernæringsmessig perspektiv gjev dette lita til inga meining. Somme meiner at raudt kjøt aukar faren for tarmkreft, men den vitskaplege evidensen for dette er tvilsam. Fisk og kvitt kjøt har tradisjonelt vore rekna som eit lettare og sunnare alternativ til raudt kjøt, mellom anna fordi nordmenn alltid har hatt god tilgang på fisk og fjørkre. At ein plutseleg skal avgrense inntaket av til dømes kylling, kan berre forståast utifrå den eigentlege agendaen bak det som i grunnen er politisk motiverte ernæringsråd.
Djupstaten har iallfall sidan tidleg 2022 dikta opp trugselen fugleinfluensa som påskot til å ta livet av enorme mengder kyllingar, spesielt i USA (men òg her i Noreg, til dømes i Rogaland her forleden). Eg registrerer at prisen på kylling i butikkane har skote i vêret; ein liten pakke ferdig oppskore kyllingkjøt kostar til dømes godt over 90 kroner på Coop, der den tidlegare kosta 30-40 kroner. Då er det nok av «miljøomsyn» at ein plutseleg blir tilrådd å begrense inntaket. Eller?
Nei, eg kjøper ikkje den – og då snakkar eg ikkje berre om den openbert overprisa kyllingen i butikkane. Eg kjøper ikkje påskotet om folkehelse eller miljøet.
Av alle animalske produkt har fisk alltid vore billegast, på grunn av at Noreg faktisk er ein fiskarnasjon. Og av desse animalske proteinkjeldene er det berre fisk igjen som har ein pris som liknar den frå gode, gamle dagar. Då snakkar eg naturlegvis om kvit fisk; «rosa» fisk slik som laks og aure har alltid vore dyr fordi den har vore rekna som ein delikatesse. Staten har iallfall gjort slik at det er ulovleg å fiske til dømes laks i garn, eit forbod som er totalt ulogisk (med mindre ein ser på det eigentlege føremålet, som er å hindre at folk driv med sjølvberging). So, om fisken framleis er billeg, kvifor skal ein då avgrense inntaket? Fisk er då sunt og lett tilgjengeleg. Ligg det miljøomsyn eller folkehelse bak der òg?
Nei, den kjøper eg heller ikkje – og då meiner eg at eg faktisk kjøper fisken, for noko må eg jo ete. Nei, eg kjøper ikkje at dei nye ernæringsråda har vitskapleg belegg basert på uavhengig og reieleg forsking over lang tid.
Dette handlar om å få folk til å ete kornprodukt og plantebasert mat – dei vil gjere oss alle til veganarar.
Det einaste rådet som liknar på folkehelsetiltak, er det om å unngå alkohol fullstendig. Det er ein viss historisk evidens for at totalavhaldsfolk er «sunnare» enn dei som stundom drikk. Og ein viss framåtstormande religion som blir boren på gullstol, og som tek seg skamlaust og aggressivt til rette overalt der dei dukkar opp, er òg totalavhaldande frå alkohol. Handlar rådet om å unngå alkohol å respektere ønsket deira om totalavhald?
Nei, det er nok ikkje der hunden ligg gravlagt.
Ser ein på kor mykje ting kostar no, er det to matvarer som peiker seg ut: Kjøt (raudt og kvitt) og nettopp alkohol. Medan alkoholprisane i Noreg har vore av ei anna verd iallfall sidan Vinmonopol-ordninga vart oppretta for over hundre år sidan, har dei i likskap med andre matvareprisar òg auka. Det er i praksis umogleg for meg å gå på byen slik eg kunne i gamle dagar. Prisen på ein halvliter har dobla seg, om ikkje meir. Butikkølet er framleis «rimeleg», iallfall i forhold til utestadene. I Noreg har høge alkoholavgifter vore brukt for å presse folk til å drikke mindre – med mildt sagt varierande grad av suksess. Høge alkoholprisar har gjort slik at alkoholikarar lettare drikk seg frå gard og grunn enn i land med billegare alkohol. Og Staten håvar inn milliardar på milliardar i alkoholavgifter – og kor forsvinn dei pengane?
Kort fortalt er dei nye nordiske ernæringsråda i samsvar med kva folk flest vil få råd til i tida som kjem. Det har eg personleg fått ein forsmak på no når eg har måtte stramme inn livreima betydeleg. Bønner er billeg medan kylling er dyrt. Kaffi er billeg medan øl er dyrt. Og so vidare. Neste gong du handlar, ta ein titt på kvitteringa – berre for å få bekrefta hypotesen min om at det dei vil du skal ete meir av «tilfeldigvis» er det som kostar minst.
Dei trur vi er idiotar. Og mesteparten av oss er diverre det.
