Den 17 år gamle fransk-algeriske Nahel M. vart nyleg skoten og drepen av ein politimann medan han sprang vekk frå eit lyskryss. Skyteepisoden har ført til omfattande opptøyar i Frankrike, visstnok dei verste sidan 2005. Dusinvis av bilar har blitt sette fyr på, politistasjonar har blitt angripne, og butikkar har blitt plyndra. Alt visstnok fordi folk er opprørte over at ein 17-åring har blitt skoten og drepen av ein politimann. Politimannen har blitt sikta for drap.
Om ein skal tru ReMix News, er ikkje 17-åringen akkurat nokon uskuldsrein engel. Nahel M. har ifølgje nyheitsformidlaren «ei ekstraordinært lang kriminell historie for å vere 17 år, og på mange måtar kan betjenten som skaut Nahel […] ha forhindra Nahel i å drepe nokon sjølv, som han visstnok nesten gjorde kort tid før han vart stoppa.»
Den franske parlamentsmedlemmen Gilbert Collard skreiv på Twitter: «Ifølgje påtalestyresmaktene i Nanterre, nekta Nahel å lyde før han stakk av. Under jakta sette han ein fotgjengar og ein syklist i fare». Dette er ifølgje vitnesbyrd frå politiet og ein overvakingsvideo.
Remix News skriv vidare:
«Ifølgje informasjon frå nyheitsformidlaren Europe 1, hadde Nahel M. 15 oppføringar på rullebladet sitt og hadde blitt implisert fem gonger for å nekte å lyde ordrane til politibetjentar sidan 2021, altso alt dette på mindre enn to år.
I tillegg førde politiet han opp for brotsverk inkludert ‘å skjule ting’ og dårleg åtferd mot politiet i 2020. I februar 2022 hadde han brukt falske registreringsskilt og køyrt utan forsikring.
I januar og mars 2023 arresterte politiet han for forbruk og sal av narkotika.»
Ifølgje avisa Le Figaro er politimannen som no er sikta for drap, høgt dekorert, og fekk frå politiprefekten Didier Lallement to bronsemedaljar for å ha utvist mot og dedikasjon under Gul Vest-demonstrasjonane i 2020, og for rolla si i arrestasjonen av ein organisator av bortføringar og tjuveri i Val-d’Oise i mai 2021.
Den franske presidenten (og WEF-disippel) Emmanuel Macron sa at skyteepisoden ikkje kunne orsakast, og det til og med før betjenten hadde vore i retten.
Enkelte samanliknar dei påfølgjande opptøyane med drapet på George Floyd, som òg var kjent for si lange og valdelege brotsverkshistorie, som ifølgje ReMix News inkluderte innbrot der han med eit skytevåpen rana ei svart dame, noko Floyd sona fem år i fengsel for.
I Nahel-opptøyane (om eg kan kalle dei for det) har so langt 150 menneske blitt arresterte, dusinvis av politimenn skadde, og fleire bygningar og køyretøy brende i heile Frankrike. Fleire demonstrasjonar har òg blitt haldne, trass i at Nahel altso nesten tok livet av ein syklist og ein fotgjengar under politijakta.
