NRK skriv om 47 år gamle Jostein Gulsrud, som har budd sju månader på Søndre Borgen sykehjem i Asker – visstnok mot sin vilje. Etter eiga utsegn likar han seg dårleg på sjukeheimen. Jostein, som vart lam etter ei fallulykke i 1997, treng omfattande hjelp og tilrettelegging for å meistre dagleglivets aktivitetar, og budde i 22 år i ein tilrettelagt bustad i sentrum av Asker. Der mottok han BPA (brukarstyrt personleg assistanse) og andre helsetenester. På grunn av dette vart leilegheita hans definert som ein arbeidsplass, der Arbeidsmiljølova gjeld.
Det er i Arbeidsmiljølova stridens kjerne ligg. Eit privat selskap leverte tenester til Jostein, og verneombodet i selskapet har vurdert det fysiske og psykiske arbeidsmiljøet som so dårleg at det var uforsvarleg for folk å jobbe der. Eit verneombod kan med lova i hand stengje ned ein arbeidsplass, og er suveren i den avgjerda – altso kan ingen andre overprøve avgjerda til verneombodet. Dette er heimla i nemnde lov, som er ufråvikeleg.
Og kva er det som gjer arbeidsplassen – ein 47-åring sin private heim – uforsvarleg? Jostein sjølv, kan det sjå ut som:
«Dokumenter NRK har tilgang til viser at Gulsrud ble ansett som en pasient som i stor grad detaljstyrer ansatte. Han ble også beskrevet som en som snakker til enkelte ansatte på ‘nedsettende og krenkende måte i situasjoner hvor det ikke blir akkurat som han forventer’.»
På bakgrunn av dette – verkar det som – valde verneombodet å stengje ned arbeidsplassen i november 2022. Hovudverneombodet i Asker kommune (som er overordna det stadlege verneombodet) støtta vedtaket. Som eit resultat møtte Jostein flytte til Søndre Borgen sykehjem – han vart etter eiga utsegn kasta ut med to dagars varsel, noko han opplevde som eit sjokk.
«Nå bor jeg på et sykehjem og det føles som en straff,» seier han sjølv til NRK.
Verksemdsleiaren (bokmål: «virksomhetslederen») i Asker kommune, Anne Cathrine Garder, avviser at Jostein vart straffa, men seier han fekk tilbod om tidsbegrensa opphald på sjukeheim sidan leilegheita vart stengt som arbeidsplass av ein ekstern aktør. Ho ser ikkje på det som ei optimal løysing, og ho hevdar det aldri var intensjonen deira at han skulle bu lenge på sjukeheimen.
31.mars i år (vel fem månader etter at han vart kasta ut av leilegheita i november) gjorde kommunen vedtak om å innvilge Jostein plass i ein bemanna kommunal bustad. Jostein ønskjer ikkje dette, og Statsforvaltaren er einig i at Jostein har rett til å bu heime om han sjølv vil det. Då har kommunen plikt til å gje han tenester som han har behov for – dette ifølgje hans advokat Gorm Grammeltvedt.
Advokaten stiller òg spørsmålsteikn ved at «løysinga» selskapet valde var nedstenging av arbeidsplassen i staden for å til dømes gå i dialog med Jostein. Advokaten hevdar vidare at det å ha Jostein buande på sjukeheim er eit «pågående menneskerettighetsbrudd»:
«Alle har en menneskerettslig rett til å kunne bo i sin egen bolig og ha et privatliv. Denne retten krenkes av Asker kommune.»
Denne påstanden er verksemdsleiar Garder ueinig i. Ho er òg ueinig i påstanden om at Jostein blir pressa av kommunen til å flytte inn i kommunal bustad. Statsforvaltaren har bede dei behandle saka på nytt, og dei har fått fire veker på seg.
Firmaet som gav helsetenester (der blant anna verneombodet jobba) ønskjer ikkje å kommentere saka.
Når det gjeld brukarstyrte personlege assistentar, er mi personlege erfaring at kvaliteten på tenesta varierer sterkt. Eg har personleg kjennskap til ein BPA som faktisk inviterte kjærasten sin heim til personen han arbeidde hjå – og dei hadde sex i naborommet til soverommet medan klienten låg og høyrde på. Personen valde i samråd med hjelpeverja å avslutte klientforholdet til det private selskapet, og heller late kommunen overta helsetenestene heime hjå vedkomande. Resultatet vart dramatisk forbetra kvalitet på tenesta, med personale med langt større helsefagleg kompetanse; eg jobba der sjølv ein periode. Kan hende vil Jostein òg få det betre i ein kommunal bustad, der kommunen faktisk pliktar å levere helsefagleg kompetent personale, i motsetnad til private aktørar, der dei ser ut til å hente inn folk rett frå gata i våre dagar.
