NRK skriv 5.juli 2023 at over heile landet blir sjukepleiarvakter dekte opp av personar med lågare kompetanse. Altso blir ein helsefagarbeidar eller – desto verre – ein ufaglært sett inn på ei vakt der det opphavleg skulle ha vore ein sjukepleiar eller andre med treårig høgskule (slik som til dømes vernepleiarar). Aller verst er denne bemanningssituasjonen i Troms og Finnmark, og hovudtillitsvalt i Norsk sykepleierforbund (NSF) i Tromsø, Daniel Brox, ser alvorleg på situasjonen.
NSF gjorde nyleg ei kartlegging som viser at det på landsbasis førekjem at 18% av sjukepleiarvaktene i kommunehelsetenestene blir dekte opp av tilsette med lågare kompetanse. Lengst nord i Noreg, i Troms og Finnmark, er talet urovekkjande 23,8%. Ifølgje NRK blir òg over 10% av vaktene til helsefagarbeidarar dekte opp av tilsette med lågare kompetanse. I og med at det ikkje finst lågare formell helsekompetanse enn helsefagarbeidar, vil det seie at ei vakt der det skulle ha jobba ein helsefagarbeidar, hjelpepleiar eller omsorgsarbeidar, blir det i staden teken inn nokon utan helsefagleg utdanning.
Brox sin teori er følgjande:
«Jeg tenker det handler om at eldrebølgen har slått inn i nord først, og den blir bare å spre seg videre sørover […].»
For å halde den naudsynte kompetansen på jobb, meiner Brox at betre rekruttering er løysinga, «både når det kommer til lønnsvilkår og arbeidsmiljø».
At 23,8% av sjukepleiarvaktene i Troms og Finnmark blir erstatta med tilsette med lågare kompetanse – i verste fall ufaglærte – er ille. Til samanlikning skjer dette med 14,3% av sjukepleiarvaktene i Vestland, og 17% av vaktene i Oslo. Møre og Romsdal kjem nest verst ut, der utskiftingsprosenten er 21%.
Hovudårsaken er utfordringar med å dekkje inn sjukepleiarvaktene. På godt norsk: det blir stadig vanskelegare å få tak i sjukepleiarar. Som einingsleiar Jan Erik Risvik ved Otium bo og velferdssenter i Tromsø seier til NRK:
«Du kan si at i hele seksjonen for sykehjem så kan det være utfordrende å finne nok kvalifiserte sykepleiere. Man må flytte på de som er, det blir overtid og man må bruke andre turnuser for å få ting til å gå opp […].»
I utgangspunktet er det ikkje problematisk å setje inn ein helsefagarbeidar på ei vakt der det skulle ha jobba ein sjukepleiar, so lenge det er sjukepleiefagleg kompetanse tilgjengeleg andre stader i helseføretaket. Då eg jobba på den aude sjukeheimen frå oktober 2021 til desember 2022, var det fleire vakter der sjukeheimen fullstendig mangla sjukepleiar, spesielt på kveldsvakter. Då hadde kommunen ei bakvaktsordning, der ein kunne ringje sjukepleiar for å til dømes konferere administrasjon av behovsmedisin (nokon ein skal gjere ifølgje Legemiddellova og Helsepersonellova), eller diskutere tiltak når bebuar var dårleg. Litt verre blir det når det blir teken inn ein ufaglært på ei vakt der det skulle ha jobba ein sjukepleiar. Ufaglærte kan berre unntaksvis få dispensasjon til å levere ut medisinar, men mi personlege erfaring er at unntaka har blitt regelen.
Problem kan oppstå dersom sjukepleiefagleg kompetanse ikkje er tilgjengeleg i det heile. Eg vil trekkje fram nok eit døme frå den aude sjukeheimen. På ei kveldsvakt mangla det sjukepleiar, og baktvaktssjukepleiaren var utilgjengeleg – tru det eller ei. Då vart einaste løysinga å ringje AMK (akuttmedisinsk naudtelefon, 113) og forklare situasjonen. Saman med min ufaglærte, framandspråklege kollega, tok vi blodtrykk, temperatur og O2-metning på ein dårleg bebuar, leverte tala til sjukepleiaren på AMK, og fekk so instruksar om å avvente situasjonen og ta nye målingar om nokre timar. Blodtrykket måtte eg for øvrig ta på gamlemåten (måle manuelt med stetoskop og gammaldags handpumpe) sidan sjukeheimen ikkje hadde fungerande elektroniske blodtrykksmålingsapparat. Sjølv i denne temmeleg ekstreme situasjonen hadde vi tilgang på sjukepleiefagleg kompetanse, sjølv om vi måtte ringje naudtelefonen. Det gjekk bra med bebuaren, men grunnen til at bakvaktssjukepleiaren var utilgjengeleg, var at ho var på handletur i Bergen med nokre venninner (!). Dette fekk ingen konsekvensar for den skulkande sjukepleiaren. Dette seier like mykje om bemanningssituasjonen i djupaste distrikts-Noreg, ettersom ein oppsagt sjukepleiar tydar ein sjukepleiar mindre i ein allereie prekær bemanningssituasjon.
Stadig fleire sjukepleiarar vel å slutte i yrket og byrje ein ikkje-relatert karriere. Mange sjukepleiarar seier at grunnen til at dei sluttar, er at lønna ikkje står i samsvar med ansvaret dei har. Dei opplever seg sjølv som vaktarar av liv og død, kan det verke som. Ei liknande flukt ser ikkje ut til å skje frå legeyrket, og legar har det øvste medisinske ansvaret. Det kan kome av at legeyrket er unntaket i helsesektoren, der lønna faktisk samsvarer med ansvaret. Burde sjukepleiarlønna bli betre? Eks-kjærasten min hang seg stadig opp i at eg som helsefagarbeidar tente meir enn ho sidan eg hadde meir enn ti års ansiennitet. Som relativt ung sjukepleiar hadde ho enno ikkje opparbeidd seg anstendig ansiennitet, og uttrykte ofte frustrasjon over dette.
Problemet i alle føretak er at dei på toppen grafsar til seg brorparten av lønningspotten, for so å strø smulande utover dei hardtarbeidande tilsette. So fort nokon protesterer, får dei sparken, og dei fagforeiningstillitsvalde får instruksar om å ikkje hjelpe dei dersom dei vil behalde sine eigne jobbar. At sjukepleiarar sluttar éin etter éin er difor ikkje ei overraskande utvikling på nokon måtar, og der føreligg liten vilje frå den overbetalte toppleiinga å kome med føremålstenlege løysingar. Og i mellomtida tek dei inn helsefagarbeidarar og ufaglærte til å gjere jobben sjukepleiarane ikkje lenger kan (eller vil) gjere. Det vil nok oppstå ein liknande situasjon med helsefagarbeidarane, ettersom fleire og fleire oppdagar at dei får stadig meir ansvar samstundes med at lønna i realiteten går ned. Då vil nok helsesektoren til slutt berre bestå av ufaglærte utlendingar som er henta rett inn frå gata av desperate einingsleiarar, slik eg har frykta i lengre tid.
Det er stor grunn til uro, for helsesektoren er eit søkkande skip utan livbåtar.
