Betjent Thorvaldsen meiner at elendige leiarar skaper dårleg stemning i politiet

Den 39 år gamle politibetjenten Simen Kristoffer Thorvaldsen, som i tillegg til å vere politimann med 16 års erfaring òg skriv for Foreningen Lov og helse, tok 7.juli 2023 ein samtale med iNyheter der han stiller store spørsmål ved korleis Spesialenheten og Riksadvokaten «kunne vurdere loven så feil som de gjorde da de tok ut tiltale» mot ein politikollega. Bakgrunnen er ein valdsepisode på ein Esso-stasjon i Kongsberg natt til 30.oktober i fjor. Kevin Simensen (26) vart slegen med knytt neve, spraya med peparspray og slegen i hovudet og på kroppen med ein sokalla teleskopbatong. Simensen gav ikkje på noko tidspunkt opp motstanden sin mot politiet, og i tillegg stod dei to kollegaene til politimannen passive og såg på hendinga utan å bistå kollegaen. I Buskerud tingrett vart politimannen frikjent på alle punkt, etter at aktor Marit Oliver Storeng fyrst bad om 60 dagars ubetinga fengsel.

Frikjenninga kom på ingen måte som ei overrasking for Saksyndig, ettersom mannen jo hadde «djupstatsadvokat» John Christian Elden som forsvarar. I og med at politiet er eit statleg organ, er det særs sjeldan politifolk faktisk blir dømt av «sine eigne». Det som betjent Thorvaldsen derimot meiner er spesielt kritikkverdig i denne saka, er måten leiinga tok tak i hendinga på. Politileiinga valde å suspendere politimannen på bakgrunn av den påståtte politivaldepisoden, og Thorvaldsen oppfattar dette som at politimeister Ole Bredrund Sæverud allereie hadde førehandsdømt politimannen. Frifinninga vart føreteke fredag, og politimeister Sæverund kunngjorde ikkje at suspensjonen vart oppheva:

«Først må vi lese dommen og premissene for frifinnelsen før vi kan ta en avgjørelse», sa Sæverud til NTB.

Betjent Thorvaldsen fryktar at dommen kjem til å bli anka, og han meiner at saka då vil bli å betrakte som eit «justismord». iNyheter skriv vidare:

«Thorvaldsen sier det har bygget seg opp frustrasjon blant politifolk i løpet av de siste årene over det de opplever som manglende støtte fra ledelse.»

Han meiner det er på tide å seie noko om denne dårlege leiarkulturen, og det skal vere grunnen til at han kjem med denne kritikken under fullt namn, i full offentlegheit. Vidare:

«Han mener politiledelsen er altfor passive i møte med offentligheten. Han etterlyser at ledelsen står opp og prøver å forklare hva som er politiets utfordringer og dilemmaer snarere enn å tie stille og legge seg flat for kritikken. Som konsekvens kaster de ansatte under bussen. Det brer seg da en utrygghet og handlingslammelse blant politifolkene.»

Han seier at politifolk blir meir redde for konsekvensane enn dei kriminelle, og «mener det skorter både på lederansvar og personalansvaret i etaten.»

Han kjem med ei situasjonsoppdatering av stemninga i politiet, i tillegg til å kome med kritikk av leiinga:

«Det at ledelsen ikke backer oss opp har opprørt mange i politiet. Det er dårlig stemning. Vi føler at vi mangler støtte. Vi har en ledelseskultur som er ganske dårlig. At de ikke ser at saken fra Kongsberg er åpenbar og skulle lede til frifinnelse, er skremmende […].»

I Kongsberg fann det nyleg stad ein episode der ein mann gjekk amok med pil og boge, før han byrja å drepe tilfeldig utvalde med kniv. Der fekk politiet kritikk for å ikkje gripe inn i situasjonen. Ifølgje lesaren «Sandebu», som skriv dette i kommentarfeltet på iNyheter, førde dette visstnok til at fem personar vart drepne. I den nyare episoden med påstått politivald, skulle Simensen i forkant ha drapstruga ein vektar, i tillegg til å bere kniv på offentleg stad. Politimannen hadde difor all grunn til å frykte ein potensielt livstrugande situasjon, i og med at Simensen framstod som potensielt farleg. At politileiinga valde å ta «offeret» si side og suspendere politimannen før ein rettskraftig dom kom, vitnar difor om grov fagleg uforstand. Dei ser ikkje ut til å kjenne politilova. Den tidlegare toppsjefen i politiet, Ingelin Killengren, skal visstnok ikkje ha noka erfaring frå operativt politiarbeid.

Det er naturleg nok delte meiningar om episoden. Den eine sida meiner det fann stad reell politivald, i og med at enkelte meiner at politiet består av «den verste type psykopater og som regel i kombinasjon med lav intelligens», slik IQ 192 skriv i kommentarfeltet. At enkelte politimenn er psykopatar, er statistisk sannsynleg, akkurat som ein finn psykopatar overalt i samfunnet i andre yrke. Somme meiner at politiet i våre dagar fullstendig feilprioriterer kven dei opprettar sak på og kven dei uforstandig ignorerer. L20094 skriv:

«Vanlige kvite borgere blir utsatt for vettlaus voldsbruk, samtidig som det brukes vettlaus etterforskning etter noen som har tikktokket noe dritt rundt denne pridegjengen med sitt jokketog i Oslos gater.

Jeg ser med skrekk og gru utviklingen i politiets voldsbruk. Rart at ikke de pumpet et magasin i fyren, slik som den ‘henrettelsen’ som foregikk i Lavangen.

Blir denne dommen stående så er det åpnet for at politiets tullinger kan herje fritt,…med hvite etniske nordmenn vel og merke.»

Medan betjent Thorvaldsen ikkje ser ut til å vere overraska over frifinninga, meiner Olav Rønneberg i ein kommentar publisert i NRK 7.juli, det motsette. Han skriv innleiingsvis:

«Frifinnelsen av politimannen på Kongsberg kom overraskende på mange. Det er all grunn til å tro at Riksadvokaten vil anke saken.»

Han skriv vidare om sannsynet for anke:

«Et annet argument for en anke er dommens prinsipielle sider. Bistandsadvokat Morten Kjensli har rett i at dommen gir politiet stort armslag når det gjelder hvordan de skal opptre før de går til arrestasjon.

Det er ingen sammenlignbare saker her til lands, og da er spørsmålet om ikke en høyere rettsinstans bør trekke opp disse grensene.

Flere juridiske eksperter spådde på forhånd at saken ville havne i Høyesterett, og det er ikke noe mindre sannsynlig med resultatet fra tingretten.»

Kongsberg-episoden reiser ikkje berre spørsmål om kor langt politiet kan gå i å utføre naudsynleg valdsbruk for å de-eskalere ein farleg situasjon, men òg spørsmålet om arbeidsgjevar eigentleg er på politifolka si side i slike situasjonar. Og kva med kollegaer som berre står og ser på utan å gripe inn, slik at den eine kollegaen som gjer jobben sin får alt ansvaret og dermed all skulda i etterkant? Kanskje visse leiarar burde ta hatten sin og gå.

Kommenter innlegget