Gjennom sitt nifse Medical Assistance in Dying-program, som er forkorta MAiD og uttala akkurat som maid, «hushjelp», har Canada gjennom sine Trudeau-godkjende utvidingar av lovverket, kanskje verdas mest liberale lovgjeving relatert til eutanasi. Ikkje berre personar med alvorlege, ukurerbare sjukdommar kan søkje medisinsk assistanse til å avslutte livet, det same kan funksjonshemma, psykisk sjuke (frå 2024) og til og med fattige. Det får ein med rette til å lure på om det ligg miskunn bak denne særs liberale ordninga, eller om staten helst vil at «slike folk» skal forlate denne verda so raskt som mogleg, slik at dei ikkje blir ei bør for samfunnet.
Natural News rapporterer at Canada no har teke eutanasi-iveren sin til eit nytt nivå, der staten ser ut til å drive aktiv rekruttering av kandidatar til å ville late seg avlive. Den kanadiske provinsen British Columbia (BC) driv og promoterer eutanasi i ein PowerPoint-presentasjon som dei sender til heimebuande eldre som på ingen måtar er i «livets siste dagar». Presentasjonen, som i originalartikkelen blir omtala som eit slideshow, skal visstnok kome frå Fraser Health Authority i den kanadiske storbyen Vancouver i nemnde provins. Natural News skriv (mi omsetjing):
«Presentasjonen driv med aktiv promotering av eutanasi i informasjonspakkar for pensjonspakkar for eldre. Dei har slike formuleringar som ‘uttrykk for å ønskje å døy’. Dei sa òg at eutanasi burde bli brukt til å ‘fremje ei kjensle av kontroll’, saman med enkeltark [slides på engelsk] som hevdar at kundar kan få døy av eutanasi innan ein dag.»
Og vidare:
«Ifølgje data har provinsen sett ein betydeleg auke på 24% i medisinsk assistanse til å døy, eller MAID, Canada sin terminologi for lovleg eutanasi og assistert sjølvmord. I alt har minst 2515 menneske døydd av MAID i 2022 i BC åleine.»
E-posten som har blitt sendt til eldre har mellom anna informasjon om eit «sporsystem» som legg ut i detalj om fleire MAID-alternativ, der ein kan velje mellom når døden er «rimeleg forventa» eller når den «ikkje er rimeleg forventa». Sistnemnde gruppe må ifølgje Fraser Health Authority gå gjennom 90 dagar med vurdering. Symptom som fell inn under dette valet inkluderer kroniske smerter og fibromyalgi. Den kanadiske regjeringa har derimot erklært at dei vil late folk døy under denne ordninga berre på grunn av psykiske lidingar åleine, dette innan mars 2024. Presentasjonen informerer at der ikkje er nokon venteperiode for pasientar med dødelege sjukdommar – dersom pasienten sender inn den rette søknaden og går gjennom minst to vurderingar, kan dei bli avliva etter so lite som éin dag.
I mars 2021 kasta Fraser Health Authority ut helseføretaket Delta Hospice Society (DHS) frå to av bygningane sine etter at leigeavtalen vart sagt opp av fyrstnemnde. Grunnen? DHS ville ikkje tillate eutanasi på palliativeininga si. Presidenten i DHS, Angelina Ireland, åtvara nyleg om at pro-eutanasi-lobbygrupper har katolikkar som mål.
MAID-programmet oppstod i kjølvatnet av statsminister Justin Trudeau si regjering gjorde eutanasi lovleg i 2016. Sidan har det stadig blitt gjort forsøk på å utvide kven som kan bli kvalifisert for legeassistert død. Å late psykisk sjuke bli offer for eutanasi skulle eigentleg ha blitt lovleg frå mars i år, men motstand frå mellom anna konservative politikarar gjorde at Trudeau-regjeringa utsette å vedta lova fram til 2024. Lovforslaget er kjent som Bill C-7.
