Vår sjølverklærte elite som årleg møtest i den sveitsiske byen Davos for å samordne strategien sin, har i lengre tid offentleggjort planane sine for å «redde» verda frå ein haug kriser som anten er konstruerte av dei sjølve, eller rett og slett oppdikta. David Sörensen i Stop World Control har teke seg bryet med å lage ei oppsummering av dei vondsinna planane til denne psykopatiske herskarklassen. Dette er dei mest publiserte og fremja «hjartesakene» til Klaus Schwab, Bill Gates, George Soros og andre mektige personar, i tillegg til dei mektige «kabal»-familiane Rotschild, Wallenberg, Rockefeller og andre.
Konstante injeksjonar. Dei ønskjer å innføre vaksinepass, der berre dei som har teke siste oppfriskningsdose får lov til å delta i samfunnet.
Sosialkreditt. Dei ønskjer å innføre sosialkreditt-poengsum som tvingar folk til å lyde og underkaste seg, og alternativet er at dei misser poengsum og dermed grunnleggjande rettar.
Smartbyar. Mesteparten av menneskeheita (som eg fryktar ikkje vil vere særleg folkerik) skal tvingast inn i 15-minuttsbyar der tankar, kjensler og draumar blir konstant registrert.
Avgrense rørsle. I nemnde 15-minuttsbyar kan ikkje folk reise lenger enn 10-20 (mest sannsynleg 15) minutt frå heimane sine, og dei vil måtte søkje om løyve for å reise lenger.
Finansiell kontroll. Dei ønskjer å erstatte kontantar med digitalvaluta som er strengt kontrollert av eigarane (som er dei sjølve). Det vil kome strenge føringar på å både eige og bruke pengar. Eg fryktar at digitalvalutaen som hamnar på kontoane til folk vil ha negativ rente, slik at folk anten må bruke «pengar» på det eliten vil, eller misse «pengane».
Sensur. Vi såg tallause døme på dette under «pandemien». Berre informasjon som støttar agendaen til eliten skal få lov til å offentleggjerast. Alt som stiller spørsmålsteikn med agendaen blir anten sensurert eller stempla som «feilinformasjon». Dei som kjem med ytringane vil møte alvorlege sanksjonar slik som tap av sosialkreditt-poengsum.
Ingen privat eigarskap. Dei ønskjer å fjerne privat eigedom, slik at alt frå bilar til kle må leigast.
Blokkere sola. Tru det eller ei, dei ønskjer å blokkere ute det livgjevande sollyset for å hindre «global oppvarming». Resultatet er at planter og tre vil døy fordi dei ikkje kan utføre den livsnaudsynte fotosyntesen. Det vil oppstå hungersnaud (men eliten vil naturlegvis ha sikra seg matreservar i forkant).
Ingen personlege rettar. Til dømes vil ytringsfridommen «rekalibrerast» (omdefinerast er eit betre ord etter mi meining). Rettane til individet må ofrast til fordel for «alle sitt beste». «Alle» er her naturlegvis eliten og deira interesser.
Barneseksualitet. Dei ønskjer å fremje homofil utdanning i barnehagar og på skular. Dei ønskjer å lære småungar å onanere og ha sex. Dei vil sikre seg at barn har sexpartnerar.
Normalisering av pedofili. Dei ønskjer å fremje pedofili som ei naturleg seksuell orientering som må inkluderast i samfunnet. Dei ønskjer å avkriminalisere seksuelt misbruk av barn, og stemple motstandarar som «hatarar».
Masse-transseksualitet. Dei ønskjer å indoktrinere skulebarn til å kirurgisk endre sin seksuelle identitet utan samtykke frå foreldra. Dette vil på sikt føre til at fleirtalet blir sterile, noko som er i tråd med den overordna agendaen til eliten om å redusere folketalet.
Alle skal bli cyborgar. Dette skal gjerast med fleire tekniske implantat som blir knytte til «skya», der kunstig intelligens (AI, eller KI som det heiter på norsk) konstant vil overvake og kontrollere dei. Vi ser det same i til dømes Teslaer i dag, der dei nyaste programvareoppdateringane blir lasta ned, og der nokon i verste fall kan hacke bilen og få den til å til dømes køyre i grøfta.
Skaping av ein overmenneskeleg elite. Desse «overmenneska» med superevner vil herske over menneskeheita – det vesle som blir igjen, riktig nok.
Kunstig intelligens overtek dei fleste jobbar. «Automatisering», som det heiter so fint. Allereie i dag utfører kunstig intelligens til dømes journalistarbeid, til dømes ved å lage samandrag av artiklar, slik NRK har byrja med. Eliten ønskjer å erstatte dei aller fleste arbeidarar med kunstig intelligens; legar, advokatar, lærarar, ministrar, prestar, sjåførar, pilotar og dusinvis av andre yrke.
Full KI-kontroll. Kunstig intelligens skal styre liva til folk og fortelje dei kven dei skal gifte seg med, kva dei skal kjøpe eller kven dei skal stemme på.
Tankelesing, eller «hjernetransparens» som Sörensen formulerer det. Til dømes skal sjefar kunne sjå kva som går føre seg inni hjernane på dei tilsette. Dei som er so heldige at dei framleis har jobb, vel å merke. Eg veit om ein viss einingsleiar som nok ville elske noko slikt… Alt som heiter privatliv vil forsvinne, på jobb so vel som i fritida.
Tankekontroll. 5G skal brukast ikkje berre til å lese folk sine tankar eller kjensler, men skal òg brukast til å setje inn tankar og kjensler hjå befolkninga. Eg har ein mistanke om at dette allereie skjer, sidan der er so mykje absurd og irrasjonell åtferd blant folk no for tida.
Kunstig mat. Beitande storfe skal erstattast med genetisk konstruerte insekt som blir dyrka i fabrikkar, og laboratoriedyrka, syntetisk «kjøt». For å seie det slik: eg et heller andre menneske før eg so mykje som smaker på den skiten. (Ikkje det at eg har planar om å ete menneske, berre for å presisere.)
Ingen eldre. Eldre skal «motiverast» (mine ord) til å velje eutanasi slik at dei ikkje blir ei bør for globalsamfunnet. Når folk når ein viss alder, skal dei lage plass for den neste generasjonen. Eldreomsorga blir berre verre og verre og meir og meir underbemanna, trass politikarar sine lovord om at alt skal bli betre. Dette er gjort med forsett slik at eldre skal misse livslysta og late seg avlive av drapslystne dødsenglar som kallar seg «sjukepleiarar». Tilsette som stiller spørsmål ved dette, blir oppsagt.
Ifølgje eliten vil desse punkta bidra til å «redde» planeten, underforstått frå menneskeheita. Og dei som blir igjen, saman med ein liten slaveklasse, er dei som står bak alle «krisene» vi ser for tida: Eliten sjølv. Framfor alt er dette deira årelange krig mot menneskeheita, der dei vil fjerne alt som gjer oss menneskelege, og erstatte det verkelege livet med eit digitalt fengsel der ein stirer på ein skjerm frå vogge til grav. Og når ein sjeldan må ut av mikroleilegheita i 15-minuttsbyen, må ein iføre seg ei kvelande «slavemaske» òg kjent som munnbind fordi nok ein «pandemi» har blitt erklært. Er dette ei framtid vi ønskjer? Ser ein på fleirtalet si raknande likesæle, fryktar eg eit stille, undertrykt «ja».
