Pentagon bruker 41 millionar dollar i året på VIAGRA

I mange år har det i USA vore debatt rundt den ekstreme pengebruken til militæret. Nyleg fann det stad ei høyring i Pittsburgh (nærare bestemt onsdag 12.juli eller torsdag 13.juli, avhengig av kva kjelde ein bruker), der den republikanske kongresskvinna Summer Lee stilte følgjande spørsmål til John Tentaglia, ein direktør i Forsvarsdepartementet som har med kontraktar å gjere:

«Kor mykje bruker militæret på Viagra kvart år?»

Direktør Tentaglia: «Eg har ikkje informasjon om det talet tilgjengeleg.»

Lee hadde derimot ei oversikt over militæret sitt Viagra-budsjett, og sa at Forsvarsdepartementet brukte heile 41,6 millionar dollar i året på dette potensframkallande legemiddelet. Å bruke over 40 millionar dollar (vel 400 millionar norske kroner) på Viagra medan der til dømes er hasteprosjekt relatert til infrastruktur, meiner Lee er ein indikator på eit «større mønster av feilprioriteringar innåt i Forsvarsdepartementet, og at å øyremerke ein del av desse midlane mot hastande innanlandsbehov kan føre betydelege fordelar til samfunnet». Heilt konkret nemnde Lee at Fern Hollow Bridge i Pittsburgh, som visstnok kollapsa akkurat den dagen president Biden stakk innom, vil koste rundt 25,3 millionar dollar å byggje opp igjen.

Viagra vart opphavleg utvikla for å brukast til å behandle høgt blodtrykk, men hadde som bieffekt kraftigare ereksjon; på 1990-talet vart legemiddelet difor marknadsført som eit potensframkallande middel, noko mange menn godt opp i åra fort drog nytte av. Anekdotiske forteljingar om unge menn som òg prøvde Viagra, avdekte tilfelle av priapisme, altso ereksjonar som ikkje gjekk over, og der ein i ekstreme tilfelle måtte leggjast inn på sjukehus. Lesaren vil ikkje vete kva legane gjorde for å få slutt på den helseskadelege ereksjonen.

Det framgår ikkje nokon stad i kjeldene kvifor Pentagon bruker fleire titals millionar dollar i året på Viagra, so her kan vi berre spekulere. Mange i leiinga har nok byrja å dra på åra, og vil gjerne utnytte makta si medan dei framleis har den. Men over 40 millionar må nok her seiast å vere ein stiv pris (hehehe).

Nyheita er henta frå 100percentfedup.com.

Kommenter innlegget