Er du ein lydigheitsidiot?

Mike Adams definerer ein lydigheitsidiot som nokon som automatisk trur på «autoritetsfigurar» og som lett lèt seg hjernevaske og villeie av hovudstraumsmedia til å tru ei rekkje falske ting. Hovuda deira er sprengfulle av løgner og dei har inga som helst forankring til røyndommen. I våre dagar utgjer dette diverre fleirtalet av befolkninga i den vestlege verda. Spesielt Noreg er ute og køyrer i våre dystopiske tider. Dette såg ein spesielt under «pandemien», der alle såg ut til å synast at det var greitt at folk måtte sperre seg inne og ikle seg munnbind når dei ein sjeldan gong måtte ut. Alle heldt kjeft og retta seg etter ordrar frå toppen. Det hadde vore so lett å gjere opprør, avsløre bløffen og stille dei ansvarlege for retten. Men det skjedde ikkje, nettopp fordi fleirtalet hadde blitt hjernevaska av media som framstod som eit propagandaministerium.

Akkurat som med personlegdomsforstyrringar, trur ikkje lydigheitsidiotar at dei er lydigheitsidiotar. All evne til kritisk tenking har stoppa opp. Den rasjonelle delen av hjernen deira har blitt uskadeleggjort ved hjelp av det Adams so genialt kallar fear engineering.

Her er hans ti teikn på at du kan vere ein lydigheitsidiot:

  1. Du tek utan å nøle kvar vaksinedose som Big Pharma via di autoritære regjering pøser ut. Du trur blindt på at vaksinane er «trygge og effektive» trass fullstendig medisinsk evidens på slik ein påstand.
  2. Du har alle aktiva i fiatpengar fordi du trur alternative aktiva slik som gull, sølv og kryptovaluta ikkje er pålitelege. Dette trass rekordhøg inflasjon som til dømes gjer det til økonomisk sjølvmord å reise på ferie i utlandet.
  3. Du hatar Donald Trump fordi din emosjonelle tilstand lett kan manipulerast av hovudstraumsmedia, som i sin tur har konspirert med djupstaten for å øydeleggje Trumps gode namn og rykte i årevis. Alle som har gjort heimeleksa si veit at CIA styrer alt av hovudstraumsmedia i den vestlege verda. Du har blitt kondisjonert til å bli forbanna kvar gong du ser og høyrer Trump. Det same gjeld for so vidt Putin.
  4. Du bruker Google som søkjemotor og trur blindt på alle sokalla «faktasjekkarar», som er finansiert av mektige globalistiske aktørar. Du har blitt lært opp til å hate uavhengige og alternative media, som visstnok skal bestå av alvorleg sinnslidande konspirasjonsteoretikarar og farlege statsfiendar. Og alle som éin er bestevenner med Trump og Putin.
  5. Du har blitt hjernevaska til å tru at karbondioksid (CO2), som er ansvarleg for fotosyntese og dermed alt planteliv på jorda, er ein fare for planeten. Ein planet utan CO2 i atmosfæren er din store draum, sjølv om ein slik planet ville ha vore ein daud planet.
  6. Du feirar overvakingsstaten fordi du trur du har ingenting å skjule. Du trur statleg overvaking av private borgarar er naudsynt for «folketryggleiken». Du har truleg ingenting imot å bli chippa eller øyremerka nett som husdyr og kveg.
  7. Du har inga aning om at Joe Biden mottok 20 millionar dollar i bestikkelsar frå utanlandske aktørar fordi du berre glor på CIA-kontrollerte hovudstraumsmedia. Dei rapporterer sovisst ikkje om Bidens krimkartell. Og kokainet i Det kvite hus? Det har ingenting med Hunter Biden å gjere, det tilhøyrer truleg Trump.
  8. Du er dum nok til å tru at ein mann kan bli ei kvinne, og du trur at menn kan bli gravide. Det er òg fullstendig uproblematisk at eit barn kan gje samtykke til å få kuk og ballar kappa av i sokalla «kjønnsbekreftande omsorg». Medan du utviser forakt overfor alle som fremjar Bibelen og Guds ord i offentlege samanhengar, har du ingenting i mot at den forskrudde LGBT/transrørsla får gjere det same, til og med frå presidentens talarstol i Det kvite hus. Dersom du lovpriser LGBT-agendaen er du ikkje berre ein lydigheitsidiot, du er medlem av ei farleg sekt.
  9. Du nektar å sjå vondskapen i nokon andre enn Donald Trump-tilhengjarar eller kristne, og du trur at «gode intensjonar» frå makta alltid vil produsere positive resultat, sjølv om samfunnet går ad undas. Du trur oppriktig at Biden-regimet ønskjer å hjelpe folket, og at Big Pharma sine vaksinar er uttrykk for kjærleik og læking heller enn å vere biovåpen med føremål å avfolke verda.
  10. Du støttar det tyranniske diktaturet i Ukraina medan du trur at du «forsvarer» fridom. Det er her irrelevant at Ukraina si korrupte regjering (med den kortvaksne skodespelaren og komikaren Zelensky) har gjort ulovleg all opposisjon, både innan media og politikk. Ukraina er ein eittpartistat og eit nazistisk diktatur.

Kor kjem so alle idiotane frå? Dei blir indoktrinerte på skular og universitet, og no blir dei innpoda med LGBT/trans-vranglæra allereie i barnehagen. Kor effektiv er indoktrineringa? Sjølv småbarn som knapt kan snakke reint meiner Putin er «galen», og at dei sjølv kan bestemme kjønnet sitt. I våre dagar verkar det som om dess yngre folk er, dess meir hjernevaska er dei. Det kan nok vere grunnen til at ein her i Noreg plutseleg ser so mange ungdommar bli installerte som ordførarar, og at alle meiner dette er «kjempe-super-duper-flott». Jyplingar og politiske broilerar er gallionsfigurane djupstaten bruker for å gje illusjonen av at vi har eit reelt demokrati i den vestlege verda.

Kommenter innlegget