I eit innlegg på sin Substack publisert 15.juli 2023 skriv dr. Robert Malone om masseinnvandring frå fattige land til rike land i Vesten, og korleis dette er i tråd med eliten sine visjonar om ein Ny verdsorden (New World Order) der landegrenser og eigedomsrett er oppheva. Han trekkjer òg inn vaksinar, og korleis ekspertar enkelt kan manipulere til dømes adenovirus til å gjere ei befolkning steril og dermed redusere auken i folketal i den befolkninga. I teorien vil dette gjere det enkelt for eliten å utrydde den opphavlege befolkninga i rike land, slik at folk frå fattige land kan busetje seg der.
Dr. Malone er ein særs lærd mann, og det han skriv er ikkje konspirasjonsteoriar eller rasisme. Han baserer ytringane sine på rein statistikk og på sin eigen ungdom. Til dømes følgjer fødselsraten i verda ein særs føreseieleg trend (mi omsetjing):
«I ‘utvikla’ og/eller rike nasjonar er fødselsraten låg og i nasjonar i den låge enden av den økonomiske utviklingsskalaen, er fødselsraten høg.»
Han skriv vidare at mange land, inkludert USA har ein fødselsrate som anten er for låg til å oppretthalde det noverande folketalet, eller er stabil. Det skjer med andre ord ingen intern auke i folketalet:
«Sidan 1970 har befolkninga av folk fødd i USA vore stabil på i underkant av 300 millionar. Faktisk viser somme estimat ein minke i befolkninga. All befolkningsvekst i USA i dette tidsrommet har vore på grunn av innvandring. Det er grunnen til at USA har vakse til 336 millionar menneske på 50 år. Denne trenden har berre auka i seinare år.»
I 2018 budde det rekordhøge 44,8 millionar innvandrarar i USA, eller 13,7% av det totale folketalet. Dette er meir enn ei firedobling av nivåa sidan 1960, då 9,7 millionar eller 5,4% av folketalet bestod av innvandrarar.
Kva er so forklaringa på at talet innfødde i USA (og mange andre vestlege land, inkludert Noreg) er stabilt eller søkkjande, medan det er innvandring som står for befolkningsveksten? Dr. Malone sjølv trur det har med propaganda frå stat og regjering å gjere. Som han sjølv skriv:
«Sidan Jill [kona hans] og eg voks opp i ein blå stat, vart vi frå tidleg alder av indoktrinert av det offentlege skulesystemet at å få to barn var den ansvarlege tingen å gjere for å redde planeten frå overbefolkning. At karrierar var viktigare enn å få ein stor familie. At kvinner ville finne meir tilfredsstilling i utdanning og karriere, i motsetnad til å vere heimeverande. At kvinner skulle velje vekk å bli mødrer fram til utdanning og ein karriere var etablert. At dette var den ansvarlege vegen å ta. I dag får unge kvinner den same bodskapen frå staten vår, skulesystema våre og hovudstraumsmedia.»
Bodskapen er med andre ord at folk skal velje fekk å få ungar og heller satse på ein karriere, visstnok fordi planeten er overbefolka. Merkeleg nok ser ikkje folk i den fattige verda ut til å få den same bodskapen, for desse landa er då vitterleg òg ein del av den «overbefolka» planeten? Medan store barnekull var vanleg overalt, inkludert i Noreg, fram til 1960-talet, held denne trenden fram i Den tredje verda. Frå synspunktet til dagens ungdom framstår kvinner frå den tredje verda difor som reine fødemaskinene, medan dei blir heilt forferda av å høyre at deira beste- og oldemødrer (som for lengst har hamna på sjukeheim der dei ventar på snarleg avliving) faktisk fekk heilt opp i ti ungar, om ikkje fleire. Dette er ein aldri hjå vestlege kvinner lenger – med mindre dei er ein del av ei konservativ sekt, til dømes Smiths venner.
Eit anna problemmoment som opnar opp for uhemma masseinnvandring frå fattige land der kvinner framleis føder store barnekull, er at FN sin Agenda 2030 slår fast at migrasjon (ut- og innvandring) er ein menneskerett. Eit menneske fødd i land med høge fødselsrater, men få ressursar, har rett til å migrere til rike land med låge fødselsratar. Som dr. Malone skriv som tilsvar på denne påstanden:
«For å byrje – migrasjon er ikkje ein ‘menneskerett’. Eigedomslover og landegrenser eksisterer av ein grunn. Å påstå noko anna er å påstå at der er ei éiverdsregjering som har kontrollen over migrasjon. Nok ei tilraning av makt av FN og WEF.»
Han skriv vidare at lover og reglar i ein nasjon, inkludert grunnlova, ikkje gjeld ikkje-borgarar, og at nasjonale lover trumfar FN-avtalar «slik som Agenda 2030, som vart underskriven av ein amerikansk president og aldri ratifisert [godkjent] av Senatet».
Og vidare:
«Landet vårt har gjort ein nydeleg jobb i å overbevise det amerikanske folket om at stor familiestorleik skader familiar og individ. Vi vart fortalde at premien for dette, på godt og vondt, ville vere ei stabilisert befolkning over tid, og at den amerikanske måten å leve på, miljøet, kulturarven og tilknytte økonomiske moglegheiter for amerikanske borgarar ville bli tekne vare på. […] No i veka fastslo Kamala Harris spesifikt at ei redusert befolkning var nøkkelen til at barn skulle kunne puste og drikke reint vatn. Dette er ikkje fyrste gong ho har slått fast denne falske forteljinga.»
Kamala Harris snubla som kjent i orda under ein tale. Ho meinte å seie «reduced pollution» (redusert forureining), men sa «reduced population». Det er noko som blir kalla ein freudiansk glepp. Ein seier det som eigentleg ligg ein for sinnet.
Amerikansk og vestleg kultur er bygt på uavhengigheit, ytringsfridom, delte verdiar og ein sterk arbeidsetikk. Noreg anno 1950 var eit heilt anna og langt meir samanvove samfunn enn Noreg anno 2023. Kva er Noreg i dag? Eit samansurium av kua nordmenn som må velje sine ord med omhug for å ikkje bli utstøytt, kansellert eller tekne av dage, saman med kravstore utlendingar frå Afrika og Midtausten, der eit stort tala av dei sovisst ikkje gidd å jobbe for føda. Ikkje minst overveldar dei velferdssystemet, noko innfødde nordmenn får svi for. Om vestlege politikarar er so livredde for «overbefolkning», burde dei ikkje då gjere noko med den uhemma, ukritiske masseinnvandringa? Om kulturarven skriv Malone:
«Denne kulturarven kan lett bli vatna ut av for mykje innvandring. Berre sjå på kva som skjer i Frankrike for tida. Open innvandringspolitikk [han meiner opne grenser for innvandrarar] har ført til alvorleg ustabilitet i nasjonen. Frankrike kan bokstavleg tala ikkje lenger integrere so mange menneske, som har so ulike sett av kulturelle normer inn i det som er deira eigen kjerne-nasjonalkultur. Dette er ikkje framgang.»
Og vidare:
«Under globalisme blir dei heterogene kulturane i heile verda brukt som våpen for å øydeleggje mangfald; ein veg mot det å leggje til rette for ei einskild, globalisert regjering kontrollert av UN og WEF.»
Alle vestlege politikarar ser etter mi oppfatning ut til å jobbe mot dette målet. Dei skrik på innpust og utpust om «mangfald», men globalisme er det stikk motsette av mangfald. Det er einfald, og vil føre til ei undertrykt, bornert befolkning som alle bur i mikroleilegheiter i 15-minuttsbyar.
Både USA og Noreg har det til felles at dei har klart seg sjølv i uminnelege tider. So fekk nokon plutseleg ideen om at arbeidskraft måtte importerast, slik at norske arbeidarar fekk konkurranse med utlendingar, som gjerne ikkje var so kravstore når det gjaldt lønn eller arbeidsforhold. Neste fase var importen av dei som ikkje kunne eller ville arbeide, noko som øydelegg det velferdssystemet som Noreg (og i mindre grad USA) er so heldige å ha. Sjølvråderetten til USA, Noreg og alle rike, vestlege land er i djup fare dersom FN blir øvste organ i den frykta éiverdsregjeringa.
Ein har destabiliserande masseinnvandring som eitt våpen eliten kan bruke. Og kva med «vaksinar»? FN, WEF, den nyss nemnde Kamala Harris og den særs velkjende «filantropen» Bill Gates har alle sagt at befolkningsreduksjon er viktig, om ikkje livsviktig. Med tanke på Gates sine vaksineprosjekt i Afrika, som mellom anna førde til sterilitet hjå afrikanske kvinner, og hans djupe involvering i utviklinga av covid-19-«vaksinane», er ideen om å gjere folk sterile via vaksineprogram slett ikkje so fjerne. Covid-19-«vaksinane» har gjort ein heil generasjon ungdommar uføre og truleg ute av stand til å forplante seg; det er vanskeleg å både lage og få ungar når ein har konstant mensen, og det er vanskeleg å få ereksjon når hjartet er øydelagt av betennelse og blodomløpet herja av merkelege proppar som ikkje lèt seg behandle.
Masseinnvandring er oppheving av landegrenser og utvisking av kulturforskjellar, og eit mål å skvise ut befolkninga i rike land fordi dei i større grad enn innvandrarane skjøner kva som skjer. Kloke ulvar er ikkje velkomne i ei verd av lydige sauer.
