Om ein skal tru Mike Adams, eigaren og grunnleggjaren av nettstadene NewsTarget, Natural News og strøymetenesta Brighteon, har Biden-regimet skumle planar for USA. Amerikanarar skal sitje og fryse i mørket, desperate etter at staten skal redde dei. Regimet har tenkt å forby bensindrivne straumaggregat, for so å utløyse langvarige straumbrot. Dette blir av Adams kalla Operasjon Dark Brandon, der «Brandon» refererer til fleire episodar hausten 2021 der publikum på tribunane ropte «Fuck Joe Biden». Under eit intervju med racerbilføraren Brandon Brown gjort av NBC-reporter Kelli Stavast ropte publikum nettopp denne frasen. Stavast hevda derimot at dei ropte «Let’s Go Brandon». Frasen har blitt synonymt med misnøya mange amerikanarar har med den inkompetente og openbert demente Joe Biden, og Brandon har dermed blitt eit uoffisielt tilnamn på denne falske presidenten.
Sjølv om Mike Adams er kjent for sin til tider bombastiske dramaturgi, er ikkje dette berre rør og vås frå hans side. Som han skriv innleiingsvis i meiningsartikkelen som er eit utdrag frå ein episode av hans program Brighteon Broadcast News (tidlegare Situation Update-podcasten):
«Dei to siste månadene har vi alle sett dei CIA-regisserte historiene i hovudstraumsmedia som hevdar at eit samanbrot av straumnettet er på veg til USA. Gjennom føreseieleg programmering [engelsk predictive programming; mitt forsøk på omsetjing], har dei allereie lagt skulda for denne hendinga på ‘høgreekstreme’, som media på eit eller anna vis har konkludert vil gå til åtak på straum-understasjonar i heile nasjonen, som vil kaste store regionar i USA ut i mørke.»
Han stemplar dette som mediepropaganda, og hevdar at ein falsk flagg-operasjon relatert til samanbrot av straumnettet er under planlegging. Han kallar dette ein grid down false flag operation, der «grid down» refererer til at straumnettet skal «takast ned». Han meiner denne operasjonen sannsynlegvis vil bli utført av FBI og element i djupstaten, ettersom FBI ifølgje han er det organet i USA som utfører flest terroroperasjonar. Det same byrået skal vere ansvarleg for kidnappingsforsøket av Michigan-guvernør Gretchen Whitmer, forsøket på å bombe ei bru i Cleveland og det han i ekte Adams-stil kallar the J6 «fedsurrection» honey pot trap, altso at aktørar frå FBI skal ha lokka folk til å storme Kongressen under 6.januar-hendinga i 2021.
No har Biden-regimet lagt planar om å forby 95% av alle bensindrivne straumaggregat som ein får kjøpt i butikkane, noko som vil sikre at amerikanarar ikkje har tilgang til alternative straumkjelder når FBI tek ned straumnettet. Årsaka skal vere at slike straumaggregat er i strid med nye forskrifter for utslepp av karbonmonoksid (CO). Denne utsleppsbegrensinga, som visstnok skal kome frå eit nytt forslag til regel frå Consumer Product Safety Commission («kommisjon for forbrukarprodukt-tryggleik»). Regelen vil ifølgje industrileiarar føre til at produsentane berre har seks månader til seg på å designe straumaggregat som møter denne føreslegne retningslinja, ein prosess som vanlegvis tek fleire år.
Som Adams skriv som kommentar til dette:
«So Biden-regimet, som allereie har utført eit ulovleg kupp mot Amerikas sameinte statar, legg opp til eit kontrollert samanbrot av straumnettet medan dei har tenkt å forby 95% av bensinaggregata, berre for å sikre seg at ingen kan skape sin eigen straum.»
Og kvifor har regimet tenkt å gjere dette? Jau, som Adams skriv:
«Berre gjennom slike ekstreme omstende vil folk flest overgje seg til statleg autoritet og gje opp fridommen sin i byte mot illusjonen av tryggleik. Når straumnettet bryt saman vil ikkje bankar fungere og Internett vil vere utilgjengeleg. (Kryptovaluta vil heller ikkje fungere, og difor er det smart å ha gull, sølv og bytehandel-gjenstandar tilgjengelege.)»
All handel vil stoppe opp sidan elektroniske betalingsmåtar ikkje fungerer. Ei heller kan ein bruke bankkort, kredittkort eller matkupongar (som i dag er elektroniske, som regel via appar på smarttelefonen; og smarttelefonen vil naturlegvis òg konke ut sidan ein ikkje lenger kan bruke WiFi eller mobildata):
«Nasjonen vil bli kasta ut i finansielt kaos over natta, noko som skaper det perfekte høvet for sentralbankierar å utføre ei valuta-tilbakestilling eller ei tvinga utrulling av sentralbankstyrt digitalvaluta [CBDC] som dei kan ha klare når lyset kjem tilbake igjen.» (Uthevinga er Adams si eiga.)
Planen deira er ifølgje Adams skamlaust enkel: «Frys bankane, stopp matforsyninga, erklær ei krise, og rull deretter ut CBDC bunden til matrasjoneringsløyver kontrollert av staten».
Alle som ikkje ønskjer å svelte i hel (som eg går utifrå er fleirtalet), kjem til å lydig slutte seg til det statlege digitalpenge-slavesystemet som vil gje dei vilkårsbundne løyver til å kjøpe mat so lenge dei ikkje kritiserer regimet eller går til åtak på deira heilagku-forteljingar slik som transkjønnsideologi eller klimaendring. I og med at det i praksis har skjedd ei devaluering av dollaren, kan dermed Finansdepartementet (US Treasury) avskrive all dollar-denominert gjeld og plyndre alle gjenverande aktiva frå det amerikanske folket.
Ein måte folk kan redde seg frå dette totalitære overgrepet, er å til dømes investere i solceller for å hauste energi, eller skaffe seg traktorar for å drive alternative aggregat – regimet sitt de facto-forbod gjeld berre bensindrivne aggregat.
Eit liknande kupp kan skje òg her i Noreg. På grunn av lyn og torevêr var det i førre veke straumbrot i delar av Bergensområdet, men på mistenkjeleg spesifikke stader (Fana, Sandviken og Øygarden, om eg hugsar rett). Sjølv om det er kjent at lynnedslag (til dømes i trafostasjonar) kan forårsake straumbrot, verkar det for meg påfallande at lyset tilfeldigvis var vekke i til dømes Sandviken, men ikkje resten av sentrumsområdet. Skal ein fiendtleg aktør fyrst kople ut straumen i eit område, er vêret ei perfekt dekkhistorie.
