Pasientar er ikkje lenger trygge på helseføretak fordi sjukepleiarar heller vil leike småsjefar enn å pleie

Den kjende britiske legen Vernon Coleman fekk nyleg ein tekst publisert på The Exposé, der han skriv om den tragiske stoda på britiske sjukehus. Coleman har sidan «pandemien» vart sett i verk av den supranasjonale djupstaten vore ein framtredande kritikar av helsevesenet, og med god grunn. I våre dagar er det regelrett farleg for pasientar å vere innlagt på sjukehus, mellom anna fordi visse sjukepleiarar leikar Gud og bestemmer seg for å avlive pasientar med ei blanding av morfin og Midazolam, to av medisinane som før «pandemien» so å seie berre vart brukt i samband med lindrande behandling i livets siste dagar. Men det er ikkje berre mordariske sjukepleiarar som gjer opphald på helseføretak livsfarleg – det er det at moderne sjukepleiarar med snev av ambisjonar som ønskjer å klatre på rangstigen, tydelegvis har fått det føre seg at det er under deira verdigheit å stelle og pleie pasientane sine. Dei vil heller administrere, altso trippe rundt og leike småsjefar.

Som Coleman skriv innleiingsvis (mi omsetjing):

«Pasientar er ikkje berre i fare fordi sjukehus er dårleg designa og dårleg styrt. Ein av grunnane til at sjukehus ikkje lenger er passande for sjuke menneske, er det faktum at ambisiøse, moderne sjukepleiarar heller vil administrere enn å pleie.»

Medan sjukehus i førindustriell tid vart bygt omtrent som katedralar for å «løfte sjela og lette sinnet» (Coleman sine ord), og var dekorerte med utskjeringar, kunstverk, blomster og parfyme, er moderne sjukehus ikkje bygt med tanke på ånda, auget eller sjela. Dei framstår meir som fengsel enn tempel, designa for å rette fokus på smerte, frykt og død. Om der mot formodning er vindauge, er dei posisjonerte på ein slik måte at pasientar ikkje kan sjå ut av dei. Og om dei faktisk kan sjå ut av dei, vil dei sjå lite anna enn ein bakgard med søppelcontainerar eller ymse røyrinstallasjonar. Vindauga med den beste utsikta ligg på den sida av bygget der kontora til byråkratane er, der utsikta er betre dess høgare lønn dei får.

Aukande byråkrati og papirvelde er ikkje det største problemet på moderne sjukehus og andre helseføretak. Fleire og fleire sjukepleiarar finn det rett og slett under si verdigheit å ta seg av pasientane sine, og delegerer heller oppgåvene til helsefagarbeidarar eller ufaglærde assistentar. Dei vegrar seg for å utføre sjukepleiaroppgåvene sine, og somme nektar rett ut å gjere dei. Dette står i skarp kontrast til gamle dagar, då sjukepleiarar hadde som einaste livsoppgåve å behandle og helst lækje. Sjukepleiaryrket vart sett på som eit edelt yrke, der omsorg var hovudstikkordet. Sjølv avdelingssjukepleiarane (sjefssjukepleiarane) hadde nær, dagleg kontakt med pasientane.

Slik er det ikkje lenger i dag, som Coleman utdjupar i følgjande sitat:

«Trist nok inneber dagens karrierestruktur at sjukepleiarar som ønskjer å pleie, som har berre eit lite snev av ambisjonar, raskt må bevege seg oppover karrierestigen til eit punkt der dei bruker svært lite tid på pasientane. Mange seniorsjukepleiarar bruker no dagane sine innebura på kontora sine, ser dei stirer på dataskjermar og fyller ut vurderingsskjema. Mange ser ut til å sjå på seg sjølv som heva over den tarvelege oppgåva det er å stelle og pleie nokon. Dei overlèt handarbeidet til ufaglært personale. Innføringa av spesialisering for sjukepleiarar har gjort ting endå verre ved å gjere eit grunnleggjande praktisk yrke om til eit med fullstendig tvilsame akademiske ambisjonar. Den moderne karrierestrukturen for sjukepleiarar har teke dei beste sjukepleiarane vekk frå pasientane. Pådrivaren for denne karrierestrukturen var eit nedlatande og fullstendig uriktig konsept: at sjukepleie er nedverdigande.»

Dette har ifølgje Coleman som konsekvens at sjukepleiarar byrjar i yrket ikkje fordi dei har eit ønske om å ta seg av sjuke, men på grunn av lønningane, frynsegodane, autoriteten og karrierestrukturen. Praktisk arbeid forsvinn fort frå dagens gjeremål, og på den måten er systemet designa for å trekkje dei heilt feile menneska inn i sjukepleiaryrket. Dei som faktisk tek seg av pasientane er alle andre enn desse overambisiøse, til tider uhyre arrogante sjukepleiarane.

Coleman skriv vidare:

«Dette er, utan tvil, ein av grunnane til at moderne sjukehus er so dårlege, og er grunnen til at alvorlege sjukehusinfeksjonar no er endemiske; det er grunnen til at sjukepleiarar for ofte er uhøflege og likegyldige overfor pasientane og grunnen til at, på mange sjukehus, gjengar av sjukepleiarar mest sannsynleg vil vere på møte saman (som meir passande kan kallast kaffipausar), enn å faktisk hjelpe pasientar. Det er, til dømes, grunnen til at tusenvis av eldre pasientar blir forlatne i smerte, overlatne til å svelte i hel, overlatne til å døy av dehydrering, forlatne i tilgriste sengekle, og ignorerte, utan verdigheit, medan sjukepleiarar fullfører papirarbeidet sitt.»

Og vidare:

«Stopp ein sjukepleiar på eit moderne sjukehus og spør ho kor den og den pasienten er å finne, eller korleis det går med han eller ho, og du vil truleg bli møtt av eit glasaktig, uinteressert blikk. Dei veit ikkje og dei bryr seg ikkje nemneverdig. Du må vere sterk og frisk for å overleve eit sjukehusopphald.»

Som erfaren helsefagarbeidar kan eg skrive under på at stoda er den same på moderne sjukeheimar. Då eg byrja på den private sjukeheimen i mars, oppdaga eg raskt at sjukepleiarane på avdelinga var meir opptekne av å sitje på sitt vesle kontor og knatre i veg på datamaskina enn å ta seg av pasientane – for det måtte eg og mine ufaglærde kollegaer gjere. Når sjukepleiarane ikkje gadd å stelle eller pleie pasientane, seier det seg sjølv at det vart meir arbeid på resten av oss. Og når eg var so frimodig å påpeike dette til sjukepleiarane, vart dei mørke i blikket, tomatraude i fjeset og såg ut som dei skulle eksplodere. Karrieren min ved den sjukeheimen er no over, og i skrivande stund veit eg ikkje om eg lenger orkar å jobbe i helsesektoren. Ikkje når haldningane er so tvers gjennom pasientfiendtlege som dei er no, og der sakleg kritikk blir møtt med fiendskap og drastiske sanksjonar frå arbeidsgjevar.

Kommenter innlegget