Den britiske legen dr. Vernon Coleman fekk nyleg nok ein artikkel om den tragiske stoda i verda publisert på nettstaden The Exposé. Der tek han opp det faktum at eliten sitt overgrep mot verdas befolkning er fullstendig i tråd med det Karl Marx skreiv tilbake på 1800-talet i sitt etter kvart so berykta kommunistiske manifest. Faktisk skulle ein tru eliten prøvde å gjennomføre hans visjonar til punkt og prikke, alt frå å setje folk i håplaus gjeld via renteauke og inflasjon, til oppløysing av kjernefamilien, til å massivt fordumme den oppveksande generasjonen, og til å ta livet av eldre på sjukeheimar. Som Coleman skriv:
«Det er underleg, ikkje sant, korleis frasen ‘du kjem til å eige ingenting og vere lykkeleg’, som ein trur har sitt opphav i World Economic Forum, kan bli samanlikna med prinsippa bak den kommunistiske revolusjon slik den vart skildra i Karl Marx sitt ‘Kommunistiske manifest’.
Marx skreiv at for å etablere eit sosialistisk diktatur og for å oppnå total kontroll over proletariatet, må kommunistane fjerne alle rettar knytt til privat eigedom, øydeleggje all religion (som Marx på famøst vis skildra som ‘opium for folket’) og oppløyse familieeininga som vart sett på som in trugsel mot Staten si evne til å oppnå total kontroll over folks liv. Tradisjonelle religionar vil bli erstatta av ei tru på naturen som er definert av FN og promotert av konsortiet av bankierar som styrer globaløkonomien. Oppsiktsvekkjande nok har leiarane av tradisjonelle religionar akseptert endringa, og Paven og erkebiskopen av Canterbury verkar fornøgde med å vie seg sjølv og følgjarane sine til pseudovitskapen, på kostnad av den tradisjonelle læra som religionane deira har fremja. Det ser ikkje ut til å spele noka rolle for dei at vitskapen truleg er falsk; dei har fullstendig gjeve seg hen til, og er med glede med på å påverke andre med blasfemiane som blir fremja av dei rabiate miljøforkjemparane.»
For å føre skam til skade har i tillegg utdanning blitt øydelagt med vilje, for å sikre at framtidige generasjonar knapt er lese- og skriveferdige, slik at dei ikkje stiller for mange ubehagelege spørsmål. Elevar skal vist nok bli vist eksamensspørsmål i forkant av eksamen, noko som hadde vore heilt utenkjeleg for berre 10-15 år sidan. Berre det å løfte på arket eitt minutt før eksamen formelt starta, kunne føre til stryk. No skal elevane liksom låst som om dei er positivt overraska når dei får gode karakterar på eksamenar som dei allereie visste spørsmåla til. Det ville ikkje overraske meg om dei i tillegg fekk vete svara, berre slik at utdanningssystemet kan servere oss illusjonen om at dagens ungdom faktisk evnar å tileigne seg kunnskap. Bedraget kunne knapt ha vore større.
Coleman skriv vidare at bokforlag stadig skryter over at dei sel mange bøker, spesielt pocket-bøker. Dei lèt derimot vere å fortelje at det er teikneseriebøker dei stort sett sel, og det til godt vaksne menneske. Slike bøker krev ikkje dei same leseferdigheitene som tradisjonelle bøker som berre består av tekst. Eg kan skrive under på at moderne bøker har eit langt enklare språk enn 1800-talsbøker, som for den uvande og urøynde lesar kan framstå som særs ordrike og tungleste. Tekstar skal i dag vere korte, konsise og helst ikkje so kontroversielle – om kontroversielle i det heile. Det blir visstnok for mykje for folk flest. For mykje informasjon og for mykje sanning, gjettar eg.
Den pensjonerte legen trekkjer nok ein gong fram helsevesenet, og korleis det har blitt øydelagt over fleire tiår. Han har derimot ei forklaring som kan få enkelte til å setje sin kortreiste, berekraftige kaffi i halsen:
«Øydelegginga av helseomsorg har vore systematisk.
I Storbritannia byrja det for meir enn 60 år sidan, då ein tok avgjerda om å sleppe inn fleire jenter enn gutar på medisinskular. Dette vart gjort med den kunnskapen at dei fleste kvinnelege legar jobbar deltid. I Storbritannia er resultatet at den gjennomsnittlege allmennlegen no jobbar 24-26 timar per veke.»
Og vidare:
«I Storbritannia tok ein avgjerda om å late allmennlegar slutte med å dekkje tenestebehovet på nattetid, i helgar og på raude dagar. Dette la eit massivt press på akuttmottak og på ambulansetenesta og, som vart fullstendig føresett, førde til eit fullstendig samanbrot av tenestene.
I mange, om ikkje alle, vestlege land, er kvaliteten på helseomsorga verre enn den var for 75 år sidan.»
Denne bevisste feilstyringa har ført til at medisin, som tidlegare var ein bastion for uavhengig tenking og redding av liv, no har blitt kaldblodig materialistisk og profitthungrig. Big Pharma har kjøpt lojaliteten til dei fleste legar og helsepersonell i den vestlege verda, og dei som tek til motmæle vil fort finne seg sjølv oppsagt, ofte på syltynt grunnlag. Personalmangel er no norma, og noko av mangelen blir forsøkt dekt inn ved å tilsetje ungjenter og utlendingar. Kompetansen er so dårleg at ein skulle tru leiinga hadde huka inn folk frå gata.
Coleman skriv mellom anna at ventetider for avtalar har skote i vêret, og at det tek fleire veker før testresultat kjem tilbake. Overforbruk av antibiotika på sjukehus har ført til at antibiotika-resistente bakteriar no er vanleg, der slike tidlegare var sjeldne. Folk må visstnok vente heile dagar på ambulanse, og ofte fleire dagar på akuttmottak. Det skal visstnok ikkje finnast legar i det heile teke på sjukehus i helgar. Til og med ikkje kvalifiserte sjukepleiarar. Og vidare:
«Vaksinar blir fremja med vill entusiasme, i likesæle til det faktum at dei utan unntak gjer meir vondt enn godt. Dei ønskjer å avlive sjuke og gamle fordi dei ikkje har nokon praktisk verdi (og dei gjer allereie dette særs effektivt på sjukehus og sjukeheimar). Dersom du blir sjuk er det om du lever eller døyr avhengig av kor mykje pengar du har. Dette blir betydeleg viktigare etter kvart som du blir eldre. Planen er å avgrense helseomsorg og behandling til å berre gjelde unge, dei generelt friske og dei ‘nyttige’.
Eldre blir bevisst og lovleg dopa ned utan at dei veit om eller godkjenner det, for deretter å i det stille bli drepne med ein ‘dødscocktail’ av morfin og eit benzodiazepin.»
Midazolam er eit benzodiazepin, og blir her i Noreg brukt i kombinasjon med morfin og to andre legemiddel til lindrande behandling i livets siste dagar. Iallfall var det slik før. No blir kombinasjonen morfin og midazolam brukt av enkelte sjukepleiarar som fyrsteval til å «behandle» smerter, uro og tungpust, sjølv om den avslappande effekten til morfin og midazolam fører til redusert pust, hjarterytme og vakenheit. Overdosering medfører stor risiko for død. Denne plutselege nye bruksendringa til slike preparat oppstod under «pandemien», då denne medisinen vart tilgjengeleg som «behandling» for Covid-19 i til dømes Storbritannia, gjerne i kombinasjon med respirator. På denne måten kunne helsevesenet – under dekkje av «pandemi» – ta livet av hordar av eldre for på denne måten å spare kostnader knytt til å halde denne «ubrukelege» gruppa i live. Dette vart gjort til stor glede for dei grådige eigarane av helseføretaka, og til stor sorg og vantru for dei pårørande. Dette er ein skandale og eit massemord som aldri må gløymast.
