End Time Headlines rapporterer at nesten 100 bankar etter planen skal stengje dei neste vekene. Grunnen er at fleire store bankar flyttar fleire av tenestene sine til nettet. Somme av dei store bankane som vil bli påverka av dette er, ifølgje minibanknettverket LINK, som er det største i Storbritannia, HSBC, Barclays, NatWest og Halifax. Barclays åleine stengjer ifølgje The Sun 29 filialar mellom no og slutten av august. NatWest stengjer 19, Halifax stengjer to og HSBC stengjer 27.
På toppen av dette skal endå fleire filialar av store bankar etter planen stengjast i løpet av året og inn i 2024, dette ifølgje ferske data som vart offentleggjorde denne veka av Virgin Money og Lloyds Banking Group.
Å overføre alle banktenester til nettet vil gjere det vanskelegare for spesielt eldre å få tilgang til slike tenester, sidan dei er vande med å møte opp personleg i banken og snakke med ein kundebehandlar. Mange eldre slit med å bruke Internett, nettbankar og smarttelefonar, og har vanskar med å skjøne konseptet appar. Alt håp er derimot ikkje ute for denne sårbare aldersgruppa. Dersom heimstaden misser banktenester, kan dei mest basiske tenestene utførast på det lokale postkontoret. Postverket opererer med heile 12 000 filialar rundt om i Storbritannia. Ein kan derimot ikkje opne nye kontoar eller ta opp lån via postkontoret.
Mange bankar opererer i tillegg med bankbussar, som køyrer rundt til banklause område og tilbyr dei same tenestene som ein ville ha fått i den lokale banken. Kundar blir oppmoda til å ta kontakt med sine respektive bankar og høyre om slike bankbusstenester er tilgjengelege, og eventuelt når og kor dei vil stå parkerte i lokalområdet.
Mobile banktenester vil via somme bankar vere tilgjengelege på lokale rådhus eller bibliotek.
Som ei heilgardering har sokalla banking hubs («bankteneste-knutepunkt») blitt installerte i fleire område.
Denne massestenginga av bankfilialar blir av enkelte tolka som om vi er på full fart mot ein kollaps av banksystemet, i tråd med spådommar gjort av fleire økonomar, mellom andre nordmannen Hans Eirik Olav. Ei liknande massestenging av bankfilialar er førebels ikkje planlagt i Noreg.
