Nettstaden Reclaim the Net melder at storbanken JP Morgan Chase har stengt ei rekkje kontoar tilknytt den Florida-baserte forretningsmannen og legen Joseph Mercola. I tillegg skal dei private kontoane til hans tilsette og familiane deira òg ha blitt stengde. Dette føyer seg inn i rekkja av ei nyleg bølgje av uventa stenging av kontoar. Mercola er kjent for å fremje naturleg helse (ei naturopatisk tilnærming til behandling, i motsetnad til ei allopatisk tilnærming, som er den Big Pharma støttar), og ikkje minst for kritikken sin av Covid-19-«vaksinar» og andre tema relaterte til «pandemien».
Den nøyaktige grunnen til at banken plutseleg har stengt kontoane relatert til Mercola-føretaket er framleis ukjende. Fleire tilsette spekulerer derimot over om stenginga kan vere politisk motivert, sidan Mercola konsekvent har tala imot den offisielle forteljinga til Covid-19.
Dette har fått alvorlege konsekvensar for somme tilsette. Florida Voice rapporterer at ein tilsett ved namn Amalia Legaspi no har fått problem med å sende midlar til sin demente, sengeliggjande mann i Filippinane, og college-utgifter til sonen sin.
Som svar på spørsmål om kvifor kontoane vart stengde, svarer den multinasjonale banken at dette ikkje kan avslørast på grunn av «juridiske grunnar». Kontoeigarane er forvirra og forbløffa over dette, spesielt ettersom ein representant for banken skal ha sendt forslag om å sende inn papirarbeid for ei revurdering av stenginga.
Adm.dir. i Mercola Market, Steven Rye, antydar at det han og fleire kallar fiaskoen fører med seg bekymringsverdige indikasjonar på mogleg førehandsdømming basert på personlege synspunkt. Rye sine barn har òg fått forbod mot å opprette kontoar i banken i framtida, og dette synest han var spesielt hardt å fordøye. Rye sine bekymringar kjem ikkje ut av det blå, ettersom det for tida pågår ein heftig debatt om den nye rolla tilbydarar av banktenester ser ut til å ha teke på seg: Dei har blitt vaktarar av offentleg diskurs, og kan etter kva dei finn for godt (eller etter instruksar frå sine eigarar) stengje kontoane til dei med «feil» meiningar. Problemet kjem til å bli endå verre dersom sentralbankstyrt digitalvaluta (CBDC) blir innført.
Problemet med plutseleg stenging av bankkontoane til «brysame» individ har so langt Saksyndig har fått med seg, enno ikkje skjedd i Noreg.
