Natural News melder at Google visstnok driv og testar ut eit nytt verktøy som er styrt av kunstig intelligens (KI). Verktøyet, som har namnet Genesis, analyserer informasjon om notidige hendingar og genererer på grunnlag av dette nyheitshistorier. Genesis refererer i denne samanhengen altso til det å «generere», med andre ord «skape».
Google sjølv skildrar Genesis som ein potensiell game changer, noko som endrar spelereglane. Journalistar (om vi kan kalle dei det i våre dagar) vil få ein slags personleg assistent som kan automatisere visse oppgåver, noko som frigjer tid til meir djuptgåande journalistikk – om slik form for journalistikk då framleis finst.
Google-talskvinne Jenn Crider seier at slike verktøy (underforstått Genesis) kan hjelpe journalistar med å lage overskrifter eller alternativ for ulike skrivestilar. Målet er visstnok å gje journalistar valet om å bruke desse framveksande teknologiane på ein måte som forsterkar arbeidet og produktiviteten deira. Det kan sjå ut som om føremålet dermed ikkje er å erstatte journalistane, men supplere dei. Crider seier eksplisitt at verktøya ikkje har som mål å erstatte journalistane og «den essensielle rolla journalistar har i å rapportere, skape og faktasjekke sine artiklar».
Ei anonym kjelde har bekrefta at Genesis kjem til å bli lansert til større nyheitsorganisasjonar slik som New York Times, Washington Post og Wall Street Journal. Derifrå er ikkje vegen lang til europeiske nyheitsbyrå slik som AP, Reuters og vårt norske NTB.
Sjølv har eg har mine tvil, ettersom eliten i årevis har hatt ambisjonar om å automatisere so mange jobbar som mogleg, slik at stadig fleire skal bli avhengige av Staten for å overleve. Vi ser alle kva som har skjedd til dømes innan landbruk, der maskiner fyrst kom som ei velsigning som avlasta dei hardtarbeidande bøndene og gardsarbeidarane, før maskinene vart ei forbanning fordi dei gjorde gardsarbeidarar overflødige og dermed arbeidsledige.
På same måte fryktar journalistar å bli gjort overflødige, noko som gjenspeglar seg i den temmeleg oppheta debatten som medieorganisasjonar rundt om i verda har rundt KI i journalistikk. Ironisk nok fryktar enkelte journalistar at innføringa av KI for å generere artiklar kan føre til feilinformasjon og endre oppfatninga av tradisjonelt skrivne historier.
Jeff Jarvis, anerkjent professor innan journalistikk, og mediekommentator, seier at Google sitt nye KI-verktøy har fordelar og ulemper. Dersom teknologien kan levere korrekt informasjon på ein påliteleg måte, bør journalistar bruke den – men den bør brukast ansvarleg, spesielt innan tema som krev nyanse og kulturell forståing. Han åtvarar at misbruk av Genesis kan skade omdømmet til ikkje berre sjølve verktøyet, men òg omdømmet til nyheitsorganisasjonen som vel å bruke det.
Google sitt chatbot-verktøy Bard har til dømes presentert unøyaktig informasjon ved enkelte høve, og har ikkje greidd å vise brukarar til autoritative nyheitskjelder. KI frå Google har òg blitt brukt på sjukehus, urovekkjande nok som diagnostisk verktøy i staden for ekte legar. Verktøyet viste seg å vere unøyaktig i forhold til ekte, menneskelege legar.
Google har skapt kontrovers i medieindustrien, mellom anna ved å bruke årevis med nyheitsartiklar og innhald til å «lære opp» KI-systema sine utan å gje økonomisk kompensasjon til dei som har produsert dette materialet.
