Haaland-saka beviser at ein i Noreg bruker psykiatri for å kneble politisk opposisjon

I samband med at Stavangermannen Trond Harald Haaland vart sleppt fri etter ni døgn i psykiatriens varetekt, publiserte Steigan-redaktør Pål Steigan 29.juli 2023 ein artikkel der han skriv at den sokalla Haaland-saka beviser at ein i Noreg bruker psykiatri for å kneble politisk opposisjon. Steigan meiner òg at denne saka har stor internasjonal tyding, og at Haaland må få oppreisning og erstatning. I tillegg må den skuldige, altso den som leverte inn den anonyme bekymringsmeldinga, bli offentleg eksponert slik at alle får vete kven det var. Interessant nok antydar Steigan òg at dette kan vere ein person høgt oppe i systemet.

Fredag 28.juli fann det stad eit møte i det Steigan kallar Kontrollutvalget i Stavanger. Som han skriv om møtet:

«Det gikk fram av forklaringa til overlegen som tvangsinnla Haaland at det var Haalands innlegg på Facebook som var den direkte årsaken til at hun besluttet å tvangsinnlegge ham.»

Han kjem deretter med eit sitat frå Kjetil Tveit sitt innlegg om møtet:

«Overlegen brukte i svært stor grad de såkalte konspiratoriske Facebookinnleggene som argument for at han var manisk, psykotisk paranoid og ikke realitetsorientert gitt innleggenes frekvens og innhold.»

Og vidare skriv Steigan:

«Advokat Barbro Paulsen spurte overlegen om hun hadde lest disse Facebook-innleggene. Det måtte hun beskjemmet innrømme at hun ikke hadde. Det var det den anonyme varsleren som hadde gjort, vedkommende som hadde tystet på Haaland i form av en ‘bekymringsmelding’.»

Steigan trekkjer med rette parallellar til Stasi-angjevarar i det gamle Aust-Tyskland, der dei tysta på sine medborgarar til tryggleikspolitiet, noko som deretter resulterte i at dei vart fengsla. Dette beviser at psykiatrien, via denne overlegen, godtek «anonymt angiveri» som tilstrekkjeleg grunnlag for tvangsinnlegging på politisk grunnlag. Og det mest kritikkverdige oppi alt dette:

«Og vi kan sjekke ut enda et punkt: Her er et så drastisk tiltak som tvangsinnleggelse utført uten at besluttende overlege har lest saksdokumentene, eller bevisene i saka [uthevinga er Steigan si eiga].»

Deretter kjem det som etter mitt syn er det mest interessante aspektet i Haaland-saka: Kven var det som varsla på han? Her kjem Steigan med ein hypotese som har kaninhol-potensiale:

«Den anonyme angiveren må ha vært en person høyt oppe i systemet. Det faller på sin egen urimelighet at det kan ha vært en tilfeldig person fra gata som anmeldte Haaland. Det må ha vært en maktperson med så stor autoritet at overlegen uten videre godtok påstanden, og dermed ofret sin egen integritet i tillit til angiverens ord.

Vi vil ikke en gang finne på å insinuere at det kan ha vært Statsforvalteren i Rogaland, Bent Høie, som er den anonyme angiveren [mi utheving]. Men det må ha vært en person med tilsvarende posisjon og status for at en overlege skulle stole blindt på vedkommende.

Og før eller seinere vil det bli kjent.»

Arvid Gimre la 22.juli 2023 ut ein video på YouTube-kanalen sin, der han kjem med skarp kritikk av maktapparatet i Rogaland. Der trekkjer han spesifikt fram investor og ordførar i Sola kommune, Tom Henning Slethei (Frp), som under «pandemien» ville tvangsvaksinere uvaksinerte. Ei utgåve av Stavanger Aftenblad som Gimre viser til i videoen, har eit bilete av Slethei, og overskrifta «Nå vil han intensivere jakten på uvaksinerte». Sola kommune blir i ein annan artikkel som Gimre viser fram, omtala som «fristaten på Nord-Jæren», der mykje av makta i Rogaland skal sitje. (Bent Høie er forresten frå Randaberg, som òg ligg på Nord-Jæren…) Andre prominente personar i Rogaland som Gimre trekkjer fram, er ein lokal gründer, ein advokat som han kallar «blodkorrupt», og diverse andre personar med makt og ikkje minst rikdom. Desse skal ha alliert seg med politi, rettsvesen, barnevern og andre statlege aktørar og vel seg ut personar som taler øvrigheita imot. Om det er nokre av desse personane som står bak bekymringsmeldinga mot Haaland er naturlegvis ikkje mogleg å finne ut på noverande tidspunkt, men dei mest fanatiske covidiotane er openbert på topp ti-lista over mistenkte.

Identiteten til varslaren vil nok bli avslørt til slutt, for overlegen og SUS veit definitivt kven som har sendt bekymringsmeldinga.

Steigan meiner vidare at saka bør bli kjent internasjonalt, fordi: «Denne typen overgrep mot motstandere av lockdownregimet, tvangsvaksinering og koronadiktaturet er kjent fra mange land. Men det er ikke mange saker som er vunnet så totalt som saka til Trond Harald Haaland.»

Avslutningsvis nemner Steigan at hovudstraumsmedia (til dømes Stavanger Aftenblad, VG, Aftenposten, Dagbladet og Klassekampen) ikkje har nemnt saka i det heile. Nettavisa Document hadde eit innlegg av Roger Dyrøy om saka i kommentarfeltet til ei ikkje-relatert nyheitssak, og det var der Saksyndig fekk vit på resultatet av møtet i Kontrollkommisjonen. Berre Steigan, Derimot og Saksyndig har til no skrive artiklar om Haaland-saka. Det seier i grunnen alt om kva side hovudstraumsmedia står på i slike stygge saker der psykiatri (og politi) blir brukt som våpen mot meiningsmotstandarar.

Kommenter innlegget