Uro blant butikkpersonale: Kundane verkar sjukeleg oppslukt av smarttelefonane sine

NRK intervjua nyleg eit knippe butikktilsette på eit kjøpesenter i Kristiansand S. Dei hevdar alle at kundane verkar meir opptekne av smarttelefonane sine enn å anerkjenne eksistensen til dei tilsette. Dei har ikkje blikkontakt, og dei seier ikkje hei. Til og med når kundane betaler, har dei auga klistra på skjermen i staden for å kaste eit blikk på den søte, yndige jenta i kassen. Dei tilsette tykkjer denne åtferda er uhøfleg og til og med litt frekk. Det er nesten som om kundane verkar sjukeleg oppslukt av smarttelefonen sin. Ei av dei tilsette seier til og med til NRK at ho føler at ho avbryt det som for meg framstår som ein dyade mellom menneske og smarttelefon. Professor og kommunikasjonsekspert Jan Svennevig meiner det er synd at folk prioriterer mobilen sin over menneska framfor seg. Å ignorere ein butikktilsett er uhøfleg og respektlaust.

Ein kan lure på kva som trollbind folk i slik ei grad at dei bruker so å seie all si vakne tid på å stire på den daude, sjellause mobilskjermen i staden for å vende blikket mot omverda og alle menneska i den. Sokalla tankekontroll og programmering blir det åtvara om stort sett i alle frie, uavhengige media, og med god grunn. Program slik som TikTok er designa for å tilby brukaren ei endelaus rekkje videoar, og nettstader slik som Quora (som eg mistenkjer er laga ved hjelp av kunstig intelligens), gjev brukaren «underhaldning» ein heil dag med alle slags usaklege tullespørsmål med endå meir usaklege tullesvar.

Smarttelefonane har blitt vår moderne tids svøpe, og ein tidstjuv av hittil usette dimensjonar. Bortimot alle går med blikka limt fast på desse idiotiske apparata, til og med medan dei går i tett trafikkerte bygater. Eg kan levande førestille meg at fleire av desse trollbundne zombiane i rein distraksjon vandrar ut i gata og blir køyrt i hel. Det er vel ikkje akkurat miljøomsyn som gjer at stadig fleire gater rundt om i storbyar blir bilfrie. Men vi har jo framleis syklistar. Her for leden køyrde eg forbi ei vakker blondine som sykla. Ikkje berre sykla ho utan hjelm (!), men ho surfa faktisk på smarttelefonen sin medan ho sykla! Ofte ser eg folk køyre på elektriske sparkesyklar medan dei ser på mobilen. Ein gong førre månad såg eg til mi store skrekk ei ungjente som surfa på mobilen medan ho køyrde bil! Og dette var ute på europavegen.

Katastrofen står ein tanke utolmodig og ventar på å skje. Eg les ofte om kollisjonar og andre ulykker i hovudstraumsmedia. I tilfella politiet ikkje mistenkjer rus, er aktløyse den openberre årsaka, og smarttelefonen elefanten i rommet som ingen snakkar om. NRK vel i staden for å skrive ein heil artikkel om kundar som ser på mobilen medan dei betaler i kassen, når dei heller burde ha fokusert på det alvorlege samfunnsproblemet at folk faktisk ser på mobilen medan dei bevegar seg ute i trafikken. Som vanleg har eigarane til NRK gjeve dei instruksar om kva «nyheiter» dei skal prioritere, gjettar eg.

For nokre år sidan, før smarttelefonane kom, snakka ein om dataavhengigheit, og før det igjen TV-avhengigheit. Klart, å bli avhengig av TV tilbake på 1980-talet var ein prestasjon i seg sjølv, då det berre fanst éin kanal i landet. Og å bli avhengig av «datamaskinene» som eksisterte på 1990-talet kravde gode auge, ettersom å stire på slike høgpikselskjermar i lengre tid kunne gje både synsforstyrringar og hovudverk. No, når teknologien har føreteke det eine skremmande kvantespranget etter det andre, er faren for avhengigheit enorm. No er det ein prestasjon å ikkje bli avhengig av digitale verktøy. Dei er allestadsverande og totalt essensielle, ein kan ikkje klare seg utan dei.

Utviklinga går i veg mot det lærde har frykta i mange år: Teknologien blir smartare enn vi og overtek styringa av verda. Folk blir slavebundne av kattevidoar, GIF-ar av hoppande jenter med sprettande bryst, bilar som køyrer det dobbelte av fartsgrensa og tåpelege NRK-artiklar som intervjuar smellvakre butikktilsette som føler seg ignorerte av kundane.

Det einaste gode med dagens skjermar er at ein ikkje lenger øydelegg synet av å sjå på dei. Men plutseleg har livet ditt gått, og du har ikkje på nokon måte tilført verda noko positivt, anna enn å vere ein viljelaus zombie, ein konsumerande sau. Når du plutseleg ser eit gammalt menneske i spegelen, har du tapt.

Kommenter innlegget