Natural News melder at fleire i det amerikanske militæret no har varsla om at uidentifiserte flygande objekt – UFO-ar – allereie er ei «open hemmelegheit» i det amerikanske militæret. Dette bekreftar mistankar som vi har hatt i årevis om at utanomjordiske ofte besøker Jorda, og at enkelte til og med har vore i kontakt med desse vesena. Det er allereie godt kjent i militæret at kampflypilotar ofte ser UFO-ar når dei er ute og flyg, seier ein varslar. I tillegg har tre høgtrangerte militærveteranar vitna under eid om det dei veit om UFO-ar og andre uidentifiserte, unormale fenomen. Dette fann stad under ei høyring i House Oversight Committee 26.juli.
Ein av varslarane er marineløytnant Ryan Graves, som attesterte at skvadronen hans ofte oppdaga uidentifiserte fartøy medan dei var stasjonerte utanfor kysten av delstaten Virginia tilbake i 2014. Etter kvart vart det gjort sopass mange slike observasjonar at dei over tid vart ei «open hemmelegheit» blant pilotmannskapet. Graves, som på den tida var pilot, hevda òg at han hadde eit nærmøte med ein UFO; to jetfly vart tvinga til å raskt endre kurs for å unngå kollisjon med eit objekt som ifølgje Graves likna på «ein mørkegrå kube inni ein klar sfære», som «låg ubevegeleg mot vinden».
Marinekommandør David Fravor og Air Force-veteran David Grusch er to andre som òg vitna framfor den lovgjevande forsamlinga. Fravor var vitne til den sokalla USS Nimitz Tic Tac UFO-hendinga, medan Grusch skapte overskrifter for å avsløre eit ulovleg program der den amerikanske regjeringa dreiv og henta inn delar frå krasja UFO-ar. Programmet var visstnok del av eit topphemmeleg program som involverte USA og andre nasjonar, der målet var å bruke teknologi frå UFO-vraka til å utvikle våpen. Dette har dei visstnok halde på med sidan tidleg 1900-tal, ifølgje Grusch.
Republikanaren Tim Burchett frå delstaten Tennessee, og medlem av House Oversight Committee, sa følgjande (sitat henta frå nemnde Natural News-artikkel; mi omsetjing): «Forsvarsdepartementet og Washington-byråkratar har halde denne informasjonen skjult i fleire tiår, og vi skal endeleg til å kaste noko lys på det.» Og vidare: «Vi hentar inn truverdige vitne som kan kome med offentleg vitnesbyrd fordi det amerikanske folket fortener sanninga. Vi er ferdige med all overdekkinga.»
Burchett hevdar at komiteen si høyring om UFO-ar har blitt aktivt underminert av Forsvarsdepartementet og det amerikanske etterretningssamfunnet. Han er likevel optimistisk over at det kjem til å bli litt av eit show. Då han var med på ein episode av «Event Horizon»-podcasten, sa han følgjande:
«Vi har handtert [overdekkingar frå regjeringa si side] sidan 1947, truleg sidan rundt 1897 i det som var UFO-krasjet i Aurora, Texas.»
Ifølgje kongressmannen frå Tennessee kan utanomjordiske fartøy reise fleire lysår, eller i hastigheiter som er i strid med fysikkens lover slik vi kjenner dei. Dei kan visstnok òg fare under vatn, utan å vise eit varmespor. I og med at teknologien som utanomjordiske bruker er overlegen vår eigen, kunne dei lett ha utsletta oss (gjere oss om til grillkol, for å bruke hans eigne ord) dersom dei ønskte det. Dersom utanomjordiske hadde utgjort ein trugsel mot oss, hadde vi for lengst blitt utsletta, er resonnementet hans.
Ifølgje Florida-republikanaren Anna Paulina Luna, som er ein kollega av Burchett i komiteen, har den amerikanske regjeringa i ei årrekkje halde folket i mørket når det gjeld uforklarlege fenomen, og rett og slett lurt seg unna spørsmålet om utanomjordiske. Det tydar at regjeringa utan tvil har noko å skjule når det gjeld førekomsten av, og kontakt med, slike ikkje-menneskelege intelligente vesen.
Det kan òg vere grunn til å undre seg over om den norske regjeringa sit på tilsvarande informasjon som dei ikkje ønskjer å dele med folket.
