Den irske popartisten døydde rundt 26.juli 2023, etter ein serie Twitter-meldingar der ho mellom anna skreiv om sjølvmordet til sonen sin Shane, og lufta ideen om å sjølv ta livet av seg. Ho skreiv òg ei rekkje Twitter-meldingar om forskrudde fans som dreiv og forfølgde ho, og som oppretta falske Twitter-kontoar der dei gav seg ut for å vere ho. Det at ho sørgja over tapet av sonen og såg på seg sjølv som mislykka, gjer det beleileg for hovudstraumsmedia å leggje skulda for hennar død på sjølvmord.
Ifølgje The Covid Blog er ikkje dette fullstendig korrekt. Sinéad O’Connor er berre nok eit namn i rekkja av kjendisar som har døydd i samband med dei livsfarlege covid-«vaksinane», denne skumle, eksperimentelle mRNA-teknologien som forårsakar eit vell av alvorlege tilstandar, slik som merkelege proppar i karsystemet, hjartebetennelse, hjerneslag, nevrologiske sjukdommar, endra åtferd, auka risiko for infeksjon – lista er lang som eit vondt år. Bloggaren bak The Covid Blog meiner mange vaksinemottakarar tek sine eigne liv på grunn av desse alvorlege biverknadene, som essensielt gjer det umogleg for dei å leve eit normalt liv med normale ferdigheiter.
Det kan sjå ut som om «vaksinane» anten tek livet av folk, eller får dei til å ta livet av seg fordi dei ikkje orkar tanken på å leve eit liv med handikap og alvorleg sjukdom.
25.mai 2021 tok både Sinéad og sonen Shane andre dose av desse berykta «vaksinane», noko ho posta i ei no sletta Twitter-melding same dag. 5.januar 2022 forsvann Shane, og vart funnen død to dagar seinare, 7.januar. I ei melding på ein no sletta Twitter-konto skreiv Sinéad at Shane hadde teke livet av seg. Ho la skulda for dette på Tusla, som er eit byrå for sosiale tenester i Irland. Seinare bad ho om orsaking, og skreiv at Tusla gjorde so godt dei kunne, men at dei hadde særs lite midlar. 13.januar 2022 skreiv ho i ei no sletta Twitter-melding at ho skulle «følgje sonen sin», altso ta livet av seg. Denne meldinga bad ho seinare om orsaking for.
9.juli la ho ut ein video på nok ein Twitter-konto, berre for å bevise at det var ho som dreiv kontoen, og ikkje ein av dei som gav seg ut for å vere ho på Twitter. 19 månader etter sonens død sørgja ho framleis djupt, og heimen hennar var so rotete på grunn av dette. Den siste dagen ho var aktiv på Twitter, var 17.juli, der ho la ut eit bilete av seg og sonen. Der skreiv ho at ho har levd som eit «vandaudt nattvesen» sidan hans død. 26.juli vart ho funnen «ikkje-responsiv» i heimen sin i London, 56 år gammal.
Bloggforfattaren vurderer det som usannsynleg at dødsårsaka er sjølvmord, ettersom Sinéad på den tida hadde mange ballar i lufta. Ho hadde flytta tilbake til London i byrjinga av månaden, spelt inn ein song for sjuande sesong av serien Outlander, hadde nettopp gjort ferdig eit nytt album, og planla ein turné. Dette høyrest ifølgje bloggforfattaren meir ut som nokon som bruker musikk som terapi, enn nokon som har tenkt å gjennomføre sjølvmord.
I ei tid der kjendisar ser ut til å døy som fluger, er «vaksinane» den einaste fellesnemnaren.
Sinéad O’Connor er rekna som eit «one hit wonder», som på byrjinga av 1990-talet gjorde stor suksess med låta «Nothing Compares 2 U», som ho spelte inn og gav ut utan at Prince, som var den som skreiv songen, hadde gjeve ho løyve til det. Ho gav ut ti album. Under ei framføring 3.oktober 1992 på programmet Saturday Night Live skapte Sinéad kontrovers då ho reiv i stykke eit bilete av dåverande pave Johannes Paul II, som var hennar måte å protestere mot alle rapportane om pedofili og barnemishandling i den katolske kyrkja. Sjølv om dette seinare viste seg å stemme, vart ho latterleggjort i tida etter dette stuntet, og hamna litt på utsida av musikkmiljøet. Ho hadde ei estimert formue på mellom 1,5 og 5 millionar dollar, der nesten alt kom frå kjempe-hiten «Nothing Compares 2 U». Prince fekk derimot mykje meir pengar sidan det var han som skreiv songen og difor fekk royalties. I 2018 konverterte Sinéad til islam og skifta namn til Shuhada’ Sadaqat. Ho var gift og skild fire gonger, og hadde fire barn med fire ulike menn.
