Document skriv om Haaland-saka: «Mistanke om politisk psykiatri i Stavanger»

Den sokalla Haaland-saka, der Trond Harald Haaland skal ha blitt tvangsinnlagt på grunn av innlegg han har skrive på Facebook, har ikkje blitt nemnt i hovudstraumsmedia i det heile, og berre Steigan, Derimot og Saksyndig har skrive om saka. No har derimot òg nettavisa Document omtala denne saka. 30.juli 2023 publiserte redaktør Hans Rustad ein artikkel ved namn «Mistanke om politisk psykiatri i Stavanger». Der står det følgjande av interesse:

«Vi har kun Kjetil Tveits referat i Steigan.no å støtte oss på. Men det han skriver er såpass spesielt at det har krav på offentlig interesse.

Det påstås at Haaland ble innlagt pga innlegg på sin Facebookside. Haaland var opptatt av covid19 og vaksinene og deres bivirkninger. Han var særdeles opptatt av vaksineskadene og overdødelighet.»

Han kjem deretter med ein fullstendig berettiga kritikk av norsk helsevesen, spesielt at dei tidleg la lok på debatten kring covid-19 og «vaksinane»:

«Norsk helsevesen gjorde seg selv til autist tidlig i pandemien for å kunne utføre alle påleggene som kom ovenfra og utenfra.»

All kritikk vart i praksis forbode, og dei som kom med slik kritikk, slik som eg sjølv gjorde, vart offer for sanksjonar frå arbeidsgjevar. For å gjenta meg sjølv: alle skulle halde avstand, halde kjeft og rette seg etter ordrar frå toppen.

«Norge er blitt litt sovjetisk: Du skal følge linja, hvis ikke er du en avviker.»

Rustad meiner òg det er djupt bekymringsfullt dersom det faktisk stemmer at Haaland vart tvangsinnlagt på grunn av ei anonym bekymringsmelding. Saka fekk òg eit surrealistisk preg då det viste seg at den kvinnelege overlegen som hadde tvangsinnlagt Haaland ikkje eingong kunne leggje fram Facebook-innlegga som denne angjevaren hadde reagert på. Og vidare:

«Det antydes at vedkommende sitter så høyt oppe i systemet at tipset var mer som en ordre.»

Trass denne «ordren» vart Haaland straks utskriven etter møtet med kontrollutvalet ved SUS. I likskap med Steigan, meiner Rustad òg at denne saka bør få eit etterspel.

Bent Høie har allereie blitt lufta som ein potensiell mistenkt. Med tanke på alt han dreiv med under «pandemien», kjem ikkje namnet hans ut av det blå. Fleire andre prominente personar i maktapparatet i Rogaland har òg blitt nemnt. For å sitere «Olga Helgersen» i kommentarfeltet til nemnde Document-artikkel:

«Her må alt frem i lyset, alle navn skal frem og offentliggjøres. De involverte skal svare for seg og aller helst anmeldes og fratas sin praksis, yrke.»

Saka kan best oppsummerast med følgjande kommentar frå «H. Hardraade»:

«Noen bestemte seg for å ta en Taftø på Haaland.»

Kommenter innlegget