LifeSiteNews rapporterer: Under det nylege White Coat Summit («kvitfrakk-toppmøtet») stilte dr. Robert Malone, mRNA-pioner, det viktige spørsmålet om dei sokalla covid-«vaksinane»:
«Kvifor skulle ei regjering ønskje å fremje denne teknologien?»
Den motviljuge konklusjonen hans var at mRNA-injeksjonane hadde blitt utvikla av CIA for å hjelpe til i eit globalt avfolkingsprogram, som visstnok har eksistert i USA sidan 1970-talet. Som kjent var Malone ein av pionerane bak teknologien som førde til utviklinga av mRNA-injeksjonane, og hans so godt som unike innsikt i deira mekanisme vart latterleggjort som «feilinformasjon» av hovudstraumsmedia då han byrja å åtvare om farane hefta ved denne teknologien. På eit tidspunkt vart til og med Wikipedia-artikkelen om mRNA-teknologi redigert slik at namnet hans vart fjerna.
Skal ein følgje logikken til den offisielle forteljinga, burde dermed Malone vere den vitskapen vi heile tida har blitt bedne om å følgje. Kanskje grunnen til at han er ein persona non grata i den offisielle forteljinga, er den dystre konklusjonen han har kome fram til ved nettopp å følgje vitskapen: Eit vondsinna globalt program av forsettleg skade.
Dr. Malone sa:
«Når vi spør kven som er dokkemeistrane bak alt dette, må vi sjå den brutale sanninga i ansiktet. At bak mykje av dette står den amerikanske regjeringa… når det gjeld finansiering, politikk og handlingar.»
Og vidare:
«Heile ryggrada til moderne biologi slik vi kjenner den – molekylær biologi, biokjemi, virologi, mikrobiologi – [har] blitt skapt i stor del gjennom massive investeringar frå den amerikanske regjeringa i biokrigsføringsprogram… som naturlegvis alle kjem frå Operasjon Paperclip og importen av både nazistiske og japanske spesialistar på biologisk krigføring.»
Ifølgje Malone er den amerikanske regjeringa ikkje berre fienden til sitt eige folk – men nesten alle, overalt. Bortsett frå ein liten elite.
I eit innlegg på sin Substack-konto refererer han til den sokalla Kissinger-rapporten frå 1974 som handlar om implikasjonar av verdsomspennande befolkningsvekst om ein skal tru undertittelen. Malone sjølv har vegra seg for å dukke ned i det kaninholet som handlar om ymse «avfolkingsagenda»-teoriar som involverer Covid-krisa. Bevismengda er likevel for overveldande til at Malone kan ignorere den:
«Vi har absolutt ein avfolkingsagenda her i USA, og det har vi hatt sidan midten på 70-talet.»
Side to av Kissinger-rapporten, som Malone har delt i sin Substack, har ein seksjon som har tittelen «Action to create conditions for fertility decline: Population and development assistance strategy». På rimeleg anstendig nynorsk blir dette «handling for å skape forhold for fruktbarheitsnedgang: strategi for befolknings- og utviklingsassistanse». Sjølv på tørt byråkratspråk får truleg denne munnfullen av ein frase det til å gå kaldt nedover ryggen på intellektuelt oppegåande menneske. Spesielt med tanke på at Seksjon Tre på same side seier eksplisitt at dette skal ha global effekt, i og med at seksjonen har tittelen «International organizations and other multilateral population programs». Punkt A har tittelen «UN organizations and specialized agencies», medan punkt B har tittelen «Encouraging private organizations» («å oppmuntre private organisasjonar»). Her seier Malone at rapporten snakkar om FN, Verdas helseorganisasjon og World Economic Forum, og «private organisasjonar» viser til stiftingar som Bill & Melinda Gates Foundation.
Seksjon fire viser til sokalla «famileplanleggingstenester», «forsking for å forbetre teknologi for fruktbarheitskontroll» og mellom anna bruken av massemedia og system for satellittkommunikasjon for famileplanlegging. Seksjon fem har ein tittel som tydar «handling for å utvikle verdsomspennande politisk og populær forplikting til befolkningsstabilitet».
Bruken av massemedia kan vere det Malone kallar «massedanningspsykose», der media manipulerer og formar sinna, tankane og meiningane til folket, slik at dei lydig går med på til dømes absurde covid-19-«tiltak», de facto «vaksine»-påbod og andre totalitære, menneskerettsstridige overgrep.
Rapporten handlar i tillegg om måtar å underminere suvereniteten til nasjonar gjennom frasen «verdsomspennande politisk forplikting» til avfolkingsagendaen. Dr. Malone meiner at takka vere arbeidet til CIA, har ei globalisert uttynning av folketalet blitt sett i verk. Når det gjeld kvifor «genetiske vaksinar» vart valde for å utføre oppgåva å visstnok bekjempe covid-19, peiker Malone på at DARPA (Defense Advanced Research Projects Agency «byrå for avanserte forsvarsprosjekt») og byrået som hadde som oppgåve å villeie, propagandisere og endre regime (CIA), essensielt er same byrået:
«For å vere konsis – DARPA er CIA. DARPA er den operasjonelle armen til CIA for utvikling og utsending av teknologi.»
Malone hevdar i tillegg at «vaksine»-selskapet Moderna er ein CIA-front som òg vart skapt av DARPA. Føremålet med dei «genetiske vaksinane» er nettopp å redusere folketalet i verda i tråd med eit internasjonalt koordinert befolkningsreduksjonsprogram.
Henry Kissinger, mannen bak rapporten, var ikkje berre mentoren til Klaus Schwab, men òg mannen bak danninga av World Economic Forum. Kissinger held i ein alder av 100 framleis på med samarbeid med WEF. Malone hevdar i tillegg at WEF vart skapt av CIA med det føremål å fremje deira globale agenda. WEF-agendaene (og dei er det mange av) har som føremål å få det industrielle samfunnet til å kollapse. Andre «hjartebarn» er hormonforstyrrande prevensjon, abort og fremjinga av ein barnlaus livsstil – altso oppløysinga av kjernefamilien, som byrja so tidleg som 1960-talet, då feminismen vart innført. Det siste skotet på stammen er transagendaen, der barn blir hjernevaska til å tru at dei er «fødde i feil kropp» og dermed lèt seg avkjønne både kjemisk og kirurgisk, slik at resultatet blir sterilitet.
Samla sett har absolutt alle aspekta som mål å redusere folketalet.
Og kva er so motivet bak reduksjon av folketalet? I motsetnad til det eliten sjølv hevdar, handlar det ikkje om klima og miljø, men om makt. Eit aukande folketal vil, slik dei ser det, føre til auka politisk press på USA for å gjere slik at nasjonar kan utvikle seg i strid med dei økonomiske og strategiske interessene til USA. Det er mykje lettare å utnytte eit u-land enn eit i-land. Den største trugselen til eliten er ein generasjon av opplyste ungdommar som nektar å leve eit liv som underkua, lutfattige slavar.
Rapporten indikerer at det globale befolkningstalet ikkje må overstige åtte milliardar menneske. Som Malone sjølv spør:
«Er det eit samantreff at i 2020 nådde det totale globale folketalet i verda 7,84 milliardar?»
Det var akkurat same året som «koronaprosjektet» vart starta.
